1. Leirvik speidargruppe

Bli kjent tur til Sævabuo 27.-29.September

Kommenter innlegget

Me er klar for årets første tur, og den går til fjells her på Stord. Me har ei hytte som heiter Sævarbu, som er utan straum eller innlagt vatn. Som speidarar klarar me oss veldig fint utan.

Stifinnarar og vandrarar kjem til å overnatte inne frå fredag til laurdag, og ute frå laurdag til sundag då småspeidarane kjem. Småspeidarane skal sove inne, men kan sove ute med dei store om dei vil. Me skal vere mykje ute, så ta med klede som passar til vêret. Det er vått på fjellet no, så ha med klede som er vanntette! På laurdag skal dei store på dagstur opp til fjellet (tilpasset etter været), medan småspeidarane trasker seg opp frå kraftstasjonen.

Det er ca. 2 km å gå frå Kraftstasjonen og opp til hytta, så alt du skal ha med deg må pakkast i ein sekk som du kan bere sjølv. Alle må vere med og bere litt av fellesutstyret. Om du ikkje har ein sekk som er stor nok, kan de sjekke i BUA Stord om dei har ein sekk til låns, eller anna utstyr du kanskje manglar.

Tid: 27.-29. September (Småspeidar 28.-29. September

Stad: Sævarbu

Frammøte:

Stifinnar/Vandrar: Kraftstasjonen fredag kl. 16.30.

Småspeidar: Kraftasjonen laurdag kl 13.00.

Avslutning: Kraftstasjonen sundag kl. 15.

Pris:

Stifinnar/Vandrar: 150 kroner.

Småspeidar: 100 kroner.

Utstyr: Sovepose, liggjeunderlag, klede til å vera ute, fjellsko (må ha høge sko, slik at ein ikkje blir våt i myra), varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv, drikkeflaske.

Stifinnarar og vandrarar burde også ta med: Grevling (vanntett trekk til sovepose) kan være lurt om dykk har, liten dagstursekk/magetaske til å ha vassflaske og niste i (om dykk har)

Mat: Blir handla inn av leiarar. Ta med litt snop dersom du har lyst (maks ½ l brus + sjokolade eller chips).

Påmelding: Ring/SMS til Erik 41529658 innan Tysdag 24. september.

Spørsmål: Ring/SMS Erik 41529658 eller Kristoffer 95522332

Fraråder mobil då det er lite dekning, ikkje straum og veldig vått ute. Leiarar har mobil om det er noko!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s