1. Leirvik speidargruppe

Dagstur for Småspeidarar og hausthaik for stifinnarar og vandrarar

Kommenter innlegget

Småspeidarar

Då er tiden kommet for ein god gamaldags dagstur for våre kjære Småspeidarar. Og som naturglade speidarar skal me sjølvsagt gå eit lite stykke 🙂 Me skal ha det kjekt og kose oss oppe på fjellet nokre timar før me trasker vegen tilbake att.

Oppmøte: Søndag 27.okt kl 10.30 ved kraftstasjonen.

Avslutning: Søndag 27.okt kl 15.30 ved kraftstasjonen.

Utstyr: Kniv, vassflaske og sitteunderlag. Om dykk har ein liten dagstursekk/sekk eller magetaske så kan det være lurt til å ha ting i.

Bekledning: Me skal være ute, så her det viktig at ein klær seg varmt og godt etter vêret. Det er oktober så hua, gode sko og kanskje eit par vottar/hanskar er eit must!

Pris: Denne dagsturen kostar ingenting.

Mat: Blir servert god og enkel turmat oppe på fjellet, men det er lov å ta med seg ein smule fjellknask (Ein nøtteblanding, kvikklunsj eller litt frukt).

Påmelding: Ring/SMS til Erik B. (41529658) innen tysdag 22. Oktober.

Spørsmål: Ring/SMS til Erik B. (41529658) eller til Kristoffer S. (95522332)

Stifinnarar og vandrarar

Då er tiden kommet for ein god gamaldags hausthaik for våre spreke stifinnarar og vandrarar. Turen startar på Sæterbø, men akkurat kvar ruta går får speidarane vete når dei skal planlegge haiken på neste speidarmøte. Det skal være kjekt og spennande, så rutene er passe lang og passer fint for både Stifinnar og vandrar 

No på hausten blir det fort kaldt om natta, så det er viktig med ein god sovepose og godt liggeunderlag (minst 10mm tjukk) Ullundertøy kan være lurt å sove i, ein kan heller ta av seg eit plagg om ein klarer å bli for varm.

Siden det er hausthaik er det viktig å hugsa at ein berre får med seg det ein klarer å bære sjølv. Så ein sekk med nok plass er lurt å ha, ikkje pakk mykje ekstrautstyr då du også skal ha plass til noko av fellesutsyret til patruljen. Tips: Ikkje pakk sekken med mykje dinglande i posar på utsida, dette vert fort ubehagelig i lengda.

Om du mangler utstyr som god sovepose, liggeunderlag, stor nok sekk eller noko annet så kan dette lånast gratis hjå «Bua», https://stord.frivilligsentral.no/hendelse?bua-utlånsentral&Id=212280. Dei har mykje fint turutstyr til låns, gratis er det også!

Tips til å pakke sekken: Pakk sekken sjølv! Foreldre må gjerne hjelpe å finne alt på utstyrslista, men pakk det sjølv så du veit kvar det er. Pakk klær og slikt i noko vanntett, bæreposer og tørrposer funker svært bra til dette. Soveposen bør legges i ein bossekk!

Goretex sko er ubrukeleg dersom me kjem over litt myr, støvlar funker bra til myr og kan brukast. Godt impregnerte høge fjellsko er best egna til slike turar.

Tid: 25.-27. Oktober

Frammøte: Fredag 25. Oktober kl 16.30 ved sæterbø. Veibeskrivelse: Køyr RV545, vestsida av Stord mot Fitjar. Rett før Rydland (gamal Jokerbutikk) ta til høgre.

Avslutning: Søndag 27. Oktober kl 13 (+/- 10min) ved kraftstasjonen

Pris: 50kr

Utstyr: God sovepose (bør tåle nokre få minus), godt liggeunderlag, ullundertøy (2 sett anbefales), ekstra lubbar, godt og tørt skifte i sekken, varm genser, hua, vottar/hanskar, regnklede, kniv, lommelykt/hovudlykt, grevling (om du har), fat, kopp, bestikk,

Mat: Speidarane planlegger sjølv kva dei vil ha av mat denne turen, dei må også få tak i maten sjølv. Litt fjellknask for motivasjonen hjelper, t.d. Nøtteblanding, kvikklunsj eller frukt.

Påmelding: Ring/SMS til Erik B. (41529658) innen tysdag 22. Oktober

Spørsmål: Ring/SMS til Erik B. (41529658) eller til Kristoffer S. (95522332)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s