1. Leirvik speidargruppe

Vinterhaik, stifinnerar og vandrarar

Så er det tid for vinterhaik for stifinnarane og vandrarane.

Turen går frå Vad, men overnattingssplassane blir bestemmt av dei som går haiken. Det er mogelegheit for å sove i speidarhytta andre natta.

Det er fremdeles vinter, så godt utstyr er viktig. Det viktigaste, for å halda seg varm gjennom natta, er at alle har ein god varm sovepose (bør væra berekna for nokre minusgrader) og godt liggeunderlag (minst 10 mm tjukt, to tynne oppå kvarandre kan også funke). Dersom du manglar utstyr kan dette lånast gratis hjå «Bua», https://stord.frivilligsentral.no/hendelse?bua-utlånsentral&Id=212280 . Dei har mykje fint turutstyr til låns, og det er gratis.

Det er viktig at alle har med utstyret som står på utstyrslista. Ikkje pakk mykje ekstra utstyr, sidan du må bæra sekken din sjølv og må ha plass til fellesutstyr

Du må ha ein ryggsekk som er stor nok til å ha alt utstyret oppi. Det kan ikkje henga masse utstyr å dingla i posar utanpå sekken. Dette er veldig ubehagelig i lengda. Dersom du ikkje har sekk, lån ein på Bua!

Det er lurt å pakka Sovepose/utstyr /klær i bæreposar/noko som er vanntett, oppi ryggsekken, slik at det held seg tørt. Bruk f.eks ein søppesekk til soveposen!

Det er ein del myr i området me skal gå gjennom. Støvlar funker bra til myr og kan brukast, godt impregnerte høge fjellsko er best egna til slike turar. Lave/vanlege goretex sko er UBRUKELIG, sidan myra nokre plassar er så djup at vatnet går over skoa!

Tid:                                Fredag 7. – søndag 9. februar.

Frammøte:                    På Vad (siste avkjøring til venstre før du kjem til Fjellgardane (frå Ådlandsvatnet)

                                          Fredag kl 17.

Avslutning:                   Ved kraftstasjonen, Lundarstøl, søndag kl 15.

Pris:                                 150 kr, dette dekkar felles varme måltid, samt litt fellesutstyr.

Utstyr:                             Sovepose (God og varm), liggeunderlag (minst 10 mm tjukt), tallerk, kniv/skei/gaffel, kopp, hovudlykt/lommelykt, regnklede, varm genser, ekstra stillongs (2 stk), ekstra ullundertrøye (2 stk), 2 ekstra ullsokkepar, varmt tørt skifte i sekken, vottar/hanskar, hua, kniv. Eit ekstra par fjellsko/støvlar er valgfritt.

Mat:                                 Maten er blitt bestemt av dei som skal på haik sjølv, men blir handla inn av leiarane.

Påmelding:                   Innan torsdag 6. februar til Erik, tlf . 41599658

Spørsmål:                      Ring/SMS Erik (41599658) eller Kristoffer (95522332)

Speidarhelsing frå Leiarane

Kommentarfeltet er stengt.