1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Info om møte i november-desember

Bømlotur laurdag 14. november

Me skal tilbringa dagen ute i lag med speidarane på Bømlo. Me reiser samla med rutebuss frå Leirvik til Svortland. Hugs påmelding innan onsdag! Sidan me er ute laurdag, har me fri tysdagen etterpå.

Tid: Laurdag 14. november.

Stad: Bømlo.

Frammøte: Leirvik bussterminal kl. 09.00.

Avslutning: Leirvik bussterminal kl. 15.42.

Pris: 50 kr.

Utstyr: Klede til å vera ute heile dagen. Tallerk, kopp, bestikk, niste, drikke.

Påmelding: Til Helga (99292101) innan onsdag.

HUGS FRI 17. NOVEMBER!

(Fordi me var på Bømlo på laurdagen.)

Opptaking og grautmøte 24. november

Tysdag 24. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken. Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye speidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!

Oppmøte ved inngangen til museet kl. 18.00. Merk tida! Me sluttar av kl. 20.00.

Kle deg for å vera ute, og ta med lommelykt.

Bakemøte 1.-2. desember

Ta med pepperkakeformer, så bakar me på Naustet! Dette tek litt lengre tid og litt meir plass enn eit vanleg speidarmøte, så merk tidene:

Småspeidarar: Tysdag kl. 17-19.

Stifinnarar: Tysdag kl. 19-21.

Vandrarar: Onsdag kl. 19-21.


Kommenter innlegget

Avslutningstur sommaren 2011

Det vert avslutningstur for alle i 1. Leirvik speidargruppe helga 10. – 12. juni. Då dreg me til Narravikjo, like ved Notlandsvågen på Moster. Dette er eit av dei mange friluftsområda som er på Bømlo.

Dette er ein telttur der me skal kosa oss og læra om leirliv. På sundagen tar me opp nye speidarar som ikkje er tatt opp tilegare. Dette er ei litt høgtideleg markering der dei avlegg speidarløftet og mottar speidarsjal og knute. Håpar foreldra til dei som skal tas opp, er med oss på denne markeringa. De er velkomne sundag kl 14.

Tid:            

  • Fredag 10. til sundag 12. juni.

Stad:    

  • Narravikjo, Bømlo. Køyr mot Moster, ta andre avkøyring mot Notlandsvågen (tar du første er det vanskeleg å finna fram), fortsett ca 1 km til du får eit buss-skur på høgre hand. Ta første veg til venstre.

Frammøte:       

  • På speidarnaustet i Naustvågen, fredag kl 18.00

Avslutning:        

  • Henting på Narravikjo 15.00. Tilbake ved Naustet ca 15.30.

Pris:       

  • 150 kroner. Dette dekkar all mat og aktivitetar på turen.         

Utstyr:        

  • Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp, toalettsaker.

Mat:       

  • Dette ordnar leiarane for heile helga. Ta med litt snop, dersom du har lyst (maks ½ l brus + pittelitt sjokolade eller chips).

Påmelding:       

  • Denne gangen er det kort frist. Må ha tilbakemelding til Helga (99292101) innan onsdag 8. juni. Fint om du gir beskjed om du kan / ikkje kan.
  • Me treng nokon som kan hjelpa oss med køyring til og frå Narravikjo. Gi melding om du kan køyra ved påmelding.

Spørsmål:       

  • Ring Helga.