1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Helgeleir for Småspeidarar, Stifinnarar og Vandrarar

Helgeleir for stifinnar/vandrar den 16-18 oktober

Me skal ha ein kjekk liten gruppeleir på Lunderstølen, me skal øva oss på å være på leir.

Me har komt mitt i oktober, det blir tidleg mørkt og nettene blir kalde. Derfor er det viktig å ha med varme klede å sove i (fullt sett med ull anbefales).

Tid: Fredag 16. okt til sundag 18.okt

Frammøte: Kraftstasjonen fredag klokka 17

Stad: Lunderstølen

Avslutning: kraftstasjoen sundag klokka 15

Pris: 200kr (vipps: 205kr til 121341)

Utstyr: Sovepose, Liggeunderlag, sitteunderlag, fat, kopp, bestikk, tørt skifte i sekken, ullubbar, vassflaske, speidarkniv, hua, klede til å vera ute i, Fjellsko (og støvlar om du vil), vottar, lommelykt, speidarskjorte og skjerf.

Dersom du manglar utstyr kan dette lånast gratis hjå «Bua»,
 https://stord.frivilligsentral.no/hendelse?bua-utlånsentral&Id=212280 . Dei har mykje fint turutstyr til låns, og det er gratis.

Mat: Dette får du på turen, ta gjerne med moderate mengder med snop.

Påmelding: Innan Torsdag 15.okt 
Erik, tlf. 41529658 (fullt namn på speidaren)

Spørsmål: Ring Erik, eller Kristoffer (95522332)

Helgeleir for småspeidarar den 17-18 oktober

Me skal ha ein kjekk liten gruppeleir på Lunderstølen, me skal øva oss på å sove ute og være på leir.

Me har komt mitt i oktober, det blir tidleg mørkt og nettene blir kalde. Derfor er det viktig å ha med varme klede å sove i (fullt sett med ull anbefales)

Tid: laurdag 17.okt til sundag 18.okt

Frammøte: Kraftstasjonen laurdag klokka 12

Stad: Lunderstølen

Avslutning: kraftstasjoen sundag klokka 15

Pris: 100kr (vipps: 105kr til 121341 (hugs namn)

Utstyr: Sovepose, Liggeunderlag, fat, kopp, bestikk, tørt skifte i sekken, ullubbar, vassflaske, speidarkniv, hua, klede til å vera ute i, Fjellsko (og støvlar om du vil), vottar, lommelykt, speidarskjorte og skjerf.

Dersom du manglar utstyr kan dette lånast gratis hjå «Bua»,
 https://stord.frivilligsentral.no/hendelse?bua-utlånsentral&Id=212280 . Dei har mykje fint turutstyr til låns, og det er gratis.

Mat: Dette får du på turen, ta med moderate mengder med snop.

Påmelding: Innan Torsdag 15.okt  
Erik, tlf. 41529658 (fullt namn på speidaren)

Spørsmål: Ring Erik, eller Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

Friluftslivets år

Logo Friluftslivets år2015 er friluftslivets år. Tysdag 13. januar vert starten av friluftslivets år markert over heile landet.

På Stord vert det ei markering på Lundarstølen, der fleire lag og organisasjonar deltek. 1. Leirvik deltek også og flyttar speidarmøtet til Lundarstølen denne dagen.

Det vert fakkeltog frå Kraftstasjonen til Lundarstølen. Vel framme på Lundarstølen er det fyr i bålpanner, litt aktivitetar og servering av lapskaus. Stord – Fitjar Turlag stiller med faklar.

Me ynskjer små og store speidarar, roverar samt familiemedlemmer velkommen. Ta med kjente, så vert det ei stor markering.

NB: Ikkje vanleg speidarmøte tysdag 13. januar.

Les meir


Kommenter innlegget

St. Georgsdag 23. april

Speidarane markerer St. Georgsdagen 23. april. På denne dagen fornyar me speidarløftet. Dagen blir feira til minne om helgenriddaren St. Georg, skytshelgen for speidarane.

Me inviterer til markering i lag med foreldre på Lundarstøl.

Denne dagen vil me dessutan ta opp nokre av dei nye speidarane som ikkje er tekne opp før.

Tid: Tysdag 23. april 17.30 – 20.00.

Stad: Lundarstøl.

Mat: Ta med kaffi, drikke til ungane og pølser til grilling.


Kommenter innlegget

Hausthike 2011 for stifinnarar, vandrarar og leiarar

Det vert hausthike til Lundarstølen for stifinnarar, vandrarar og
leiarar i 1. Leirvik,
fredag 23. – sundag 25. september.
Turen startar frå vegen til fjells, ved avkøyring til Vad. Her møter
me på fredag ettermiddag kl 17.
Derfra går me inn til Hauglandskvedno og overnattar. Laurdag
fortsetter me turen vidare til Lundarstølen. Der kjem småspeidarane
opp midt på dagen og slår seg saman med oss og overnattar til sundag.

Hugs påmelding innan torsdag!

Les meir på den vedlagde lappen.