1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Oppstart!

På tysdag 20. April startar speidaren opp igjen, og me ser fram til å sjå dykk igjen!😊

Småspeidarane må kle seg godt siden me skal kose oss ute! ☀️ Ta gjerne med ein kniv om du har (og ein vassflaske om du trur du blir tørst😉).

Stifinnarar og vandrarar bør bruke klede som tåler litt skit og sagflis, gjerne noko ein ikkje er veldig redd for.

Med tanke på smittevern så ber me speidarar som er forkjølte eller sjuke om å halde seg heim, og god betring😷

Reklame


Kommenter innlegget

Speidarmøtet tysdag 9. Feb

I løpet av helga så har ei av våre spreke roverar vore ute og speida moglegheitane for å skøyte ute på isen.

Me i 1.Leirvik var enige om at dette ville bli kjempe kjekt for både store og små 😁 Så på tysdag 9. feb skal me stå på skøyter ved Vassenden av Storavatnet. Alle speidarar MÅ kle seg godt, ha på refleksvest og ta med ein hovudlykt/lykt sidan det blir mørkt, alle speidarar som vil ut på isen MÅ også ta med skøyter og hjelm 😉 På land skal me stelle i stand bål, så dei som vil kan også ta med nokre grillpølser og noko varmt og godt i ein termos 😊

Dersom du manglar utstyr kan dette lånast gratis hjå «Bua»,
 https://stord.frivilligsentral.no/hendelse?bua-utlånsentral&Id=212280 . Dei har mykje fint turutstyr til låns, og det er gratis!

For å finne fram så svinger du av Litlabøvegen og inn i Vassenden. Køyr til snuplassen i enden av vegen. Det skal også funke å skrive Vassenden 32 på GPS’en, om du treng det 😉

Det er vanlege møtetider:

  • måspeidarar (3.–5. klasse), tysdagar 17.30–18.45
  • Stifinnarar (6.–7. klasse), tysdagar 19.00–20.30
  • Vandrarar (8.–10. klasse),tysdagar 19.00–20.30

Dersom du lurar på noko så er det berre til å kontakte oss 😊


Kommenter innlegget

Speidarmøtet tysdag 17. November

Som me sa til speidarane i slutten av sist møte, så skal me neste gong være ved sponavikjo. Det er nok litt for kaldt til bading på denne tiden av året 🥶 så då gjelder det å kle seg godt etter vêret ⛅️

Det blir heilt vanlege møtetider, og speidarane kan gjerne ta med seg eigen kniv, hovudlykt/lommelykt, refleks og vassflaske dersom du blir tyst. Eit sitteunderlag kan være kjekt å ha 😉


Kommenter innlegget

Vikjomøte

No førstkommende tysdag (10. Nov) er det Vikjomøte, og me ser fram til å sjå speidarane våre igjen 😊 Det er frammøte på framsida av kulturhuset, ved inngangen. Me skal være ute så kle deg godt etter været!😉 For å redusere deling av utstyr så ber me speidarane om å ta med eigen kniv og hovudlykt, og siden det blir fort mørkt er det ekstra viktig med refleks (helst refleksvest)!!

Småspeidarar: Frammøte kl 17.30 ved kulturhuset, avslutning kl 18.45 ved parken

Stifinnarar og vandrarar: Frammøte kl 19 ved kulturhuset, avslutning kl 20.30 ved parken.


Kommenter innlegget

Ei lita oppdatering om oppstart

Då var det på tide med nok ein oppdatering, og me håpar alle har holdt seg friske sidan sist 😊 Idag står de på kalenderen at me skal ha Vikjomøte, men me holder framleis stengt for idag. Me flytter derfor Vikjomøte til då me startar att igjen neste tysdag (10. Nov) 😁

Me kjem ut med litt meir spesifikke detaljer om Vikjomøte iløpet av helga, så det er berre til å følgje med!!

Grunna nokre nye smittevernregler så skal me prøve å være ute så mykje som mogleg for å kunne halde betre avstand i møtene resten av året. Me vil også minne på at om du har forkjølelsessymptomer, andre symptom på luftveisinfeksjoner eller er i karantene så må du halde deg heima 😷 Om du er usikker så kan du alltids ta kontakt og spørje oss 😉 Me svarar så godt me kan!


Kommenter innlegget

Ei lita oppdatering kring korona

Grunna situasjonen med lokal smitte og nye retningslinjer så har me i 1. Leirvik vurdert at det er mest forsvarleg å avlyse speidarmøtet imorgon 27. Oktober. Me tar nye råd frå kommunen i vurdering fortløpande etterkvart som dei kjem, i dei kommande vekene skal me vurdere om me kan starte att igjen. Anbefaler derfor alle å følgje med på Facebook,- og heimesida vår (skru gjerne på varslinger for innlegg for å få med deg oppdateringer). I mellomtida håper me alle holder seg friske og raske 😊 Bruk gjerne tysdagskvelden til ein skogs/fjelltur istadenfor 😉


Kommenter innlegget

Speidarmøtet 15. september

Neste speidarmøte skal me ikkje møte med naustet som me vanlegvis gjer, me skal ha møtet på Tømmervik i nærleik av Skjersholmane. Det er skilta til Tømmervik på vegen mot Skjærsholmane.

Det vert vanlege møtetider, så kl 17.30 for småspeidarane og kl 19.00 for stifinnarar og vandrarar. Me skal være ute, så kle deg godt, og kle deg etter vêret. Det kan bli litt mørkt etter kl 19.00, så det kan være lurt å ta med ein lykt/hovudlykt.

https://goo.gl/maps/5AWhWzEbUF2cPJPH9