1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Småspeidar kretskonkurranse

 

No på søndag vert det kretskonkurranse for småspeidarane våre, og då vil me ha med flest mogleg! På kretskonkurransen konkurrerer patruljane mot kvarandre i ei rundløype. Det er postar med naturkjennskap, knutar, førstehjelp og nokre praktiske øvingar.

 

 

Tid:                           Sundag 23. april

Stad                          Lier i Sveio

Frammøte              På Lier kl 09.55. For dei som køyrer: Ta av frå E39, mot Erve, ved Førde kyrkje. Følg skilta mot Lier videre, ca 2-3 km

Avslutning              På Lier, ca kl. 15 sundag. (Dei som skal henta må vera der kl. 14.) Tilbake på Naustet ca kl. 15:30.

Pris                           Gruppa dekker påmelding

Utstyr                       Niste for heile dagen, vannflaske, klede til og vera ute, støvlar/fjellsko, varmt/tørt skift i sekken i tilfelle regn. Eksta lubber, huve, vottar og kniv.

 

Det vert kiosk på område. Men det er ikkje mogleg å gå i kiosken under konkurranseaktivitetane.

 

Spørsmål Ta kontakt med Kristoffer S.

Reklame


Kommenter innlegget

Speideraksjonen 2023

Me håpar alle har hatt ein flott påskeferie, og at dykk er klare til eit speidarmøte litt utenom det vanlege imorgon. Imorgon skal me i 1. Leirvik gjennomføre speidaraksjonen ved å gå rundt med bøsser. Då skal små og store speidarar ha speidarmøte samstundes til litt andre tider enn vanleg, og me avsluttar sjølvsagt med litt kos og noko godt med dei som deltek!

Så sei ifrå til føresatte, søsken, tantar, onklar, besteforeldre og naboar, me anbefaler å legge av nokre kontantar! Samle inn tomflasker til panting, sel noko du ikkje treng lenger, gjer litt ekstra husarbeid for slekta, alt hjelper!

Les gjerne meir om speidaraksjonen her: https://speiding.no/aksjon

Tid: Tysdag 11. April kl 17.15-20.00
Stad: Møt ved speidarnaustet

Utstyr Speidardrakt for dei som har (skjorte og sjal), og klede etter vêret då me skal være mykje ute.

Avmelding Gi gjerne ein lyd til Kristoffer om du veit at du ikkje kjem.

Spørsmål Tlf/SMS til Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

Påskemøte – Minigolf

Tradisjonen tro så holder me eit påskemøte på minigolfbanen siste speidarmøtet før påskeferien🐣

Men i år så var minigolfbanen allereie reservert på tysdagen, og me tenkte at det kanskje blei litt seint å ha speidarmøte til kl 22.. Så då blir det påskemøte på onsdagen istadanfor.

Dette vert på Prestagardsskogen ved minigolfen, berre sving av frå Rommetveitvegen. Det vert til vanlege tider, så 17.30 for småspeidarar, og 19.00 for stifinnarar og vandrarar.


Kommenter innlegget

Helgetur

Til helga så tenker me å ta oss ein flott tur opp på fjellene. Turen er for små og store laurdag til søndag, men stifinnarane og vandrarane kan få ta seg ein patruljetur fredag til laurdag før leiarane og småspeidarane kjem. Småspeidarane skal blant annet få arbeide med bålmerket sitt som dei har starta med tidlegare.

 

Tid:                           Laurdag 18. Mars – Søndag 19. Mars

 

Stad                          Sævarbu

 

Frammøte              Kraftstasjonen ved Lundarstølen laurdag kl 12.00

 

Avslutning             Kraftstasjonen, søndag kl 15.30

 

Pris                           150kr. Betal gjerne ved oppmøte, kontant/vipps.

 

Utstyr                       Sovepose, liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, støvlar/fjellsko, vottar, hua

 

Mat                           Leiarane ordnar med mat, men litt godt er lov.

 

Påmelding              Innan torsdag til Kristoffer Spissøy (95522332)

 

Spørsmål Ta kontakt med Kristoffer Spissøy på sms/tlf.


Kommenter innlegget

Open dag på speidahytta

Me ønsker speidarar, føresatte og søsken velkommen til ein tur innom Speidarhytta vår for å sjå korleis me har det. Det blir stelt istand med enkel mat.

Me blir ein del ute, så ha på deg gode uteklede. Speidarane er velkomne til å være igjen på hytta når foreldre og søsken går heim att.

 

 

Tid:                           Laur 28. – Søn 29. jan

Stad                          Speidarhytta på Sævarbu

Frammøte              Speidarhytta kl 13, tar ca 60 min å gå frå kraftstasjonen

Avslutning             Søndag kl 15, kraftstasjonen

Pris                           100kr for speidarane som blir til søndag

Utstyr                      For besøkende: Ha på gode klede til å være ute i.

For speidarar blir igjen til søndag: Sovepose, liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, støvlar/fjellsko, vottar, hua

Mat                           Leiarar ordnar med mat, litt knask er lov.

Påmelding              Innan torsdag til Kristoffer på SMS/TLF 95522332

Spørsmål                Til Kristoffer på SMS/TLF 95522332


Kommenter innlegget

Velkommen til speidaråret 2023

Godt nyttår til speidarar og føresatte! Me ønsker speidarane våre velkommen tilbake til speidarnaustet tysdag 10. januar. Ein Speidar er jo budd til alt i alt slags vér, og me skal være både litt inne og ute. Ha klede etter véret, elles så kan speidarkniven og ei vassflaska være lurt å ha med.

Og til dei som treng ein påminning om tidene:

• Småspeidarar (3.–5. klasse), tysdagar 17.30–18.45

• Stifinnarar (6.–7. klasse), tysdagar 19.00–20.30

• Vandrarar (8.–10. klasse),tysdagar 19.00–20.30


Kommenter innlegget

Julatur til Føyno 2022

Då er det klart for ein ny julatur med 1. Leirvik. I år blir turen til Føyno etter gamalt, der me skal kosa oss med juleverkstad, uteleik, og andre aktivitetar.

Turen er frå fredag til laurdag for småspeidarane, stifinnarane, og vandrarane.
Leiarane og roverane blir til sundag.

.

Tid:                     Fredag 09. – laurdag 10. desember.

Frammøte:         Parkeringsplassen ved hyttene på Føyno.

                            Fredag kl 17.

Avslutning:        Parkeringsplassen ved hyttene på Føyno.

                            laurdag kl 15.

Pris:                    200 kr, dette dekkjer alle måltid og juleverkstad. Me tar kontant og vipps, betal gjerne ved frammøte.

Utstyr:                Sovepose, liggeunderlag, tallerk, kniv/skei/gaffel, kopp, hovudlykt, speidarskjorte & sjal, varme gode vasstette ytterklede for å vera lenge ut, tørre varme skift i sekken, vottar/hanskar, hua, kniv, støvlar/vasstette sko sidan me er nærme sjøen.

Mat:                    Leiarane ordnar mat. Ta med litt snop om du har lyst, og max 0,5 liter brus.          

Påmelding:        Til Kristoffer på tlf 95522332 innan tysdag 6. Desember.

    Me set pris på beskjed om du skal eller ikkje skal vera med.

Spørsmål:          Ring/SMS til Kristoffer 95522332

Speidar- og julehelsing

Leiarane


Kommenter innlegget

Grautmøte og bakemøte

Grautmøte
Tysdag 29. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken (ved museet). Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye speidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!


Oppmøte ved scenen 17.30 for alle (merk tida!).
Kle deg for å vera ute, og ta med lommelykt eller hovudlykt.
Dei som skal få speidarsjal og knute denne dagen betalar kr 130. Og øv gjerne på speidarløftet på lengre nede i innlegget.


Bakemøte
Siste møtet før jul blir som vanleg bakemøte. Møt på Naustet med forkle, kjevle (helst stor) og peparkakeformer.
Stifinnarar og Vandrarar (6-10 klasse): Måndag 5. desember kl 19-20.30
Småspeidarar (3-5 klasse): Tysdag 6. desember kl 17-18.45


Eigen lapp om julaturen kjem seinare.
NB: Julaturen er flytta fram ein dag frå det som står på kalenderen. Det blir Fredag 9. desember til Laurdag 10. Desember

Speidarløftet
“Eg lovar etter beste evne
å søke mitt livssyn,
hjelpe andre
og leve etter speidarloven.”


Kommenter innlegget

Gruppetur til Nese, Sveio

Ryvarden krets har kjøpt hytta på Nese i Sveio. Hytta og området rundt må me prøva!

Det vert difor gruppetur (små og store speidarar, roverar og leiarar) 4. – 6. November.

Programmet er ikkje heilt bestemt enda. Det kjem litt an på kven og kor mangen, som melder seg på. Det vert i alle fall mykje aktivitetar ute, kanskje litt kanopadling, litt innekos og mulighet for dei store, til å overnatta ute i hengekøy. Her er det mange mulighetar.

Fint om dei som har, tar med redningsvest (i tilfelle me får til litt padling)

Me treng nokre foreldra som kan køyra til/henta på hytta. Den ligg ca 2 km frå bensinstasjonen på Haukås i Sveio. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til/frå og antall passasjera du kan ta med

 

Tid: Fredag 4. nov – sundag 6. nov 2022

Frammøte: Speidarnaustet fredag kl 17.

Stad: Ryvarden krets si hytta på Nese i Sveio.

Avslutning: Speidarnaustet, sundag kl 15.

Dei som skal henta må vera på Nese innan kl 14.30

Pris: 150,- Dette dekkar mat og utstyr me treng på turen. Leiarane ordnar mat.

Utstyr: God og varm (visst du skal ligga ut)sovepose, liggeunderlag (i tilfelle du må ligga på golvet), hengekøy (visst du har og vil overnatta ute) kniv, ekstra skift med ull, klede til å vera ute (turbukse, ullgenser, hua, votter/vanter, buff/hals), klede til å være inne, tallerk, kopp, bestikk, lommelykt/hovudlykt, speidarskjorte og skjerf (dei som har), litt brus og godteri om du vil.

Påmelding: ring/SMS innan tysdag 1. november til Kristoffer  (hugs fullt namn)

Spørsmål: Ring Magnus (46763950) eller Kristoffer (95522332)