1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Kretsbannerkonkurransen 2018 Småspeidar

No nærmar kretsbannerkonkurransen seg med stormskritt, og denne gongen skal 1. Leirvik og Meling arrangere konkurransen. Den skal vere her på Stord, i Sponavikjo. 

I kretskonkurransen konkurrerer patruljar i øvingar som til dømes naturkjennskap, praktiske oppgåver og førstehjelp. Det å samarbeide er vektlagt for småspeidarpatruljane, men konkurransen handlar like mykje om å være på tur saman med speidarar frå heile kretsen. 

Sidan konkurransen er her på Stord, treng me ikkje noko felles køyring til å frå. I løpet av dei neste møta vil me førebu oss og snakke litt om kva ein kan vente seg i konkurransen. Les meir


Kommenter innlegget

Vintertur til Sævarbu, småspeidar

Sævarbu vinteren 2012Vêret er klårt, sola skin, og me er atter ein gong klar for ny tur. Me skal denne gongen til hytta vår på Stordafjellet, Sævarbu.

Me kjem til å overnatte inne, men me skal vere mykje ute, så ta med klede som passar til vêret. Det er mykje snø på fjellet no!

Det er ca. 2 km å gå frå Kraftstasjonen og opp til hytta, så alt du skal ha med deg må pakkast i ein sekk som du kan bere sjølv. Alle må vere med og bere litt av fellesutstyret. Om du ikkje har ein sekk som er stor nok, kan de sjekke i BUA Stord om dei har ein sekk til låns.

Dei som vil kan ta med akebrett/ski/truger, om dei har. Du må kunne få det med opp utan hjelp.

Les meir


Kommenter innlegget

Tur til Hiskjo

Turen går denne gongen til den gamle skulen på Hiskjo. Me skal oppleve natur, samhald, matlaging, og andre kjekke ting. Me satsar på å vere ein del ute, så kle dykk etter vêret.

Det er nokre år sidan 1. Leirvik var på Hiskjo sist, så dette blir kjekt!

Alle møter på Naustet kl 17, så køyrer me med dei bilane me treng til Hiskjo.

Les meir


Kommenter innlegget

​Julatur 2017

Det er klart for den tradisjonelle julaturen i 1. Leirvik speidargruppe.

I år reiser me til Halsnøy og overnattar på Speidarhuset i Sæbøvik. Her skal me kosa oss, ha juleverksted og andre aktivitetar.

Turen er frå laurdag til sundag for speidarane og småspeidarane. Leiarar og roverar reiser til Halsnøy på fredag ettermiddag.

Tid:     Laurdag 09. – sundag 10. desember.

Stad: Halsnøy, Speidarhuset på Sæbøvik

Frammøte: Skjersholmane ferjekai, laurdag kl 11.30. Ferja har avgang kl 11.45

Avslutning: Skjersholmane ferjekai, sundag kl 15.30.

Pris: 200 kroner. Dette dekkar ein del mat, ferje og leige av speidarhuset.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag (litt usikkert om det er madrass til alle), regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, toalettsaker, stillongs, tjukk genser. Me skal være litt ute, så ta med gode klær.

Mat: Leiarane tar med mat. Ta med litt snop, dersom du har lyst.

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99292101, innan torsdag 7. desember. Hugs å melda deg på!

Spørsmål: Ring Helga.


Kommenter innlegget

Opptaking/grautmøte 28. november

Tysdag 28. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken (ved museet). Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye speidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!

Oppmøte ved scenen 17.30 for alle (merk tida!).

Kle deg for å vera ute, og ta med lommelykt.

Dei som skal få speidarsjal og knute denne dagen betalar kr 130.


Kommenter innlegget

Novembertur til Sævarbu

Stifinnarane og småspeidarane skal på tur til speidarhytta vår, Sævarbu. Me skal gå frå kraftstasjonen (ca. 2 km), så pakk i ein god sekk som du kan bera. Ha på gode sko/støvlar og klede.

Tid: Laurdag–sundag 18.–19. november.

Stad: Sævarbu.

Frammøte: Lundsæter kraftstasjon laurdag kl. 12.

Avslutning: Kraftstasjonen sundag kl. 15.

Pris: 100 kr.

Utstyr: Sovepose, klede til å vera ute, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, kniv, lommelykt.

Mat: Leiarane kjøper inn brødmat og middag/kvelds til laurdag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (Maks 1⁄2 l brus + pittelitt sjokolade eller chips.)

Påmelding: Innan torsdag 16. november til Helga (99292101).

Spørsmål: Ring Helga (99292101).


Kommenter innlegget

Oppstart hausten 2017

Første speidarmøtet i haust blir tysdag 29. august på speidarnaustet til vanleg tid:

  • Småspeidarar (3.–5. klasse), 17.30–18.45
  • Stifinnarar (6.–7. klasse), 19.00–20.30
  • Vandrarar (8.–10. klasse), 19.00–20.30

Kalender for resten av hausten kjem så snart me har fått tenkt oss om! Følg med på nettsida eller Facebook.

Naustet

Speidarmøte ved Naustet april 2011.


Kommenter innlegget

Avslutningstur til Sævarbu

Det vert avslutningstur for 1. Leirvik, denne gangen dreg me til speidarhytta Sævarbu, på Stordafjellet. Turen er for alle aldersgruppene.

Overnatting vert innandørs, men me skal òg vera ute, så ta med klær og utstyr som passar til dette.

Me skal gå frå kraftstasjonen og opp til hytta, så pakk i ryggsekk, slik at du kan bæra bagasjen din sjølv. Det er viktig å ha på seg vatntette sko, enten høge fjellsko eller støvlar, sidan me må over myra for å komme oss til hytta.


Tid:            Fredag 02. juni til laurdag 03. juni.

Stad:         Sævarbu, Stordafjellet (på Nedra Heio)

Frammøte:        Parkeringsplassen ved kraftstasjonen på Lundarstøl, fredag, kl 17.00

Avslutning:         Samme stad som frammøte, laurdag kl 16.00

Pris:        150 kroner. Dette dekkar all mat.

Utstyr:         Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, drikkeflakse kan vera kjekt å ha.

   

Mat:        Leiarane kjøper inn middag/kvelds til fredag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst.

        (maks ½ l brus + pittelitt sjokolade eller chips).

Påmelding:        Til Helga på tlf 99 29 21 01 seinast tysdag 30. mai. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.

Spørsmål:        Ring Helga om det er noko