Me er klar for årets første småspeidartur, og den går til fjells her på Stord. Me har ei hytte som heiter Sævarbu, som er utan straum eller innlagt vatn. Som speidarar klarar me oss veldig fint utan.
Speidarane skal sove inne. Me skal vere mykje ute, så ta med klede som passar til vêret. Det er vått på fjellet no, så ha med klede som er vanntette! På Laurdag skal me gå opp frå kraftstasjonen og ha nokon aktivitetar.
Det er ca. 2 km å gå frå Kraftstasjonen og opp til hytta, så alt du skal ha med deg må pakkast i ein sekk som du kan bere sjølv. Alle må vere med og bere litt av fellesutstyret. Om du ikkje har ein sekk som er stor nok, kan de sjekke i BUA Stord om dei har ein sekk til låns, eller anna utstyr du kanskje manglar.
Tid: Laurdag 19. – søndag 20. september.
Frammøte: På kraftstasjonen laurdag kl. 13.00.
Avslutning: På kraftstasjonen søndag kl 15.00.
Pris: 100 kr.
Utstyr: Sovepose, liggjeunderlag, klede til å vera ute, fjellsko (må ha høge sko, slik at ein ikkje blir våt i myra), varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv, drikkeflaske.
Mat: Blir handla inn av leiarar. Ta med litt snop dersom du har lyst (maks ½ l brus + sjokolade eller chips).
Påmelding: Innan onsdag 16. september til Erik, tlf . 41529658
Spørsmål: Ring/SMS Erik 41529658 eller Kristoffer 95522332