1. Leirvik speidargruppe

Tur til Oldereide, Bømlo

Kommenter innlegget

Sjølv om hausten er her for fullt, så gir me oss ikkje med speidarturane.

.

Småspeidar

For småspeidarane så vert det tur med overnatting i telt på Oldereide (Åreidalen for lokalkjente, men det finnes ikkje på kartet!). Her skal me laga mat ute, ha leirbål, leikar, utforska naturen og dersom været vert godt nok, så er planen å bruka Finnåsvatnet til å padla litt i kano også.

Tid: Fredag 27. okt til laurdag 28. okt

Stad:Oldereide (Finnåsvatnet) på Bømlo. Nærare beskriving av plassen kjem på nett/Facebook når det nærmar seg, til info for dei som skal køyra/henta.

Frammøte: Fredag 27. okt ved speidarnaustet kl 16.30. Merk tida. Dreg litt tidleg, slik at det er lyst når me skal setja opp telt

Avslutning: Dei som skal henta må vera på Oldereide, laurdag kl 16. Tilbake på naustet kl16.30

Pris:Turen kostar 100,-. Det dekkar mat og anna utstyr me treng på turen.

Utstyr:Sovepose, liggeunderlag, regnklede, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal 8dei som har), ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv. Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

​Det er viktig med godt liggeunderlag (minimum 10 mm) tjukt og god sovepose no på hausten(komfort temperatur ned til -5). Visst du ikkje har, ta kontakt, så har me leiarane nokre tips!

Mat:Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Køyring: Me treng nokre foreldre som kan køyra til/frå. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til / frå / ingen køyring.

Påmelding: Til Kristoffer Spissøy på tlf / SMS 95522332, innan tysdag 24. okt.

Spørsmål: Kontakt Kristoffer på tlf 95522332

.

Stifinnar og vandrar

For speidarane så vert det tur med overnatting i telt på Oldereide (Åreidalen for lokalkjente, men det finnes ikkje på kartet!). Her skal me laga mat ute, ha leirbål, leikar, utforska naturen og dersom været vert godt nok, så er planen å bruka Finnåsvatnet til å padla i kano også.

Tid: Fredag 27. okt til sundag 29. okt

Stad:Oldereide (Finnåsvatnet) på Bømlo. Nærare beskriving av plassen kjem på nett/Facebook når det nærmar seg, til info for dei som skal køyra/henta.

Frammøte: Fredag 27. okt ved speidarnaustet kl 16.30. Merk tida. Dreg litt tidleg, slik at det er lyst når me skal setja opp telt

Avslutning: Dei som skal henta må vera på Oldereide, sundag kl 14. Tilbake på naustet kl 14.30

Pris:Turen kostar 150,-. Det dekkar mat og anna utstyr me treng på turen.