Ryvarden krets har kjøpt hytta på Nese i Sveio. Hytta og området rundt må me prøva!
Det vert difor gruppetur (små og store speidarar, roverar og leiarar) 4. – 6. November.
Programmet er ikkje heilt bestemt enda. Det kjem litt an på kven og kor mangen, som melder seg på. Det vert i alle fall mykje aktivitetar ute, kanskje litt kanopadling, litt innekos og mulighet for dei store, til å overnatta ute i hengekøy. Her er det mange mulighetar.
Fint om dei som har, tar med redningsvest (i tilfelle me får til litt padling)
Me treng nokre foreldra som kan køyra til/henta på hytta. Den ligg ca 2 km frå bensinstasjonen på Haukås i Sveio. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til/frå og antall passasjera du kan ta med
Tid: Fredag 4. nov – sundag 6. nov 2022
Frammøte: Speidarnaustet fredag kl 17.
Stad: Ryvarden krets si hytta på Nese i Sveio.
Avslutning: Speidarnaustet, sundag kl 15.
Dei som skal henta må vera på Nese innan kl 14.30
Pris: 150,- Dette dekkar mat og utstyr me treng på turen. Leiarane ordnar mat.
Utstyr: God og varm (visst du skal ligga ut)sovepose, liggeunderlag (i tilfelle du må ligga på golvet), hengekøy (visst du har og vil overnatta ute) kniv, ekstra skift med ull, klede til å vera ute (turbukse, ullgenser, hua, votter/vanter, buff/hals), klede til å være inne, tallerk, kopp, bestikk, lommelykt/hovudlykt, speidarskjorte og skjerf (dei som har), litt brus og godteri om du vil.
Påmelding: ring/SMS innan tysdag 1. november til Kristoffer (hugs fullt namn)
Spørsmål: Ring Magnus (46763950) eller Kristoffer (95522332)