1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Info til Leir

Då nærmar årets store leir seg med store skritt, og det nok mange speidarar som gleder seg. Lykling er ein fin plass med mykje lokalhistorie, og me gleder oss til å ta med speidarane våre hit!

Tid:                           30. juni – 04. juli

Stad                          Lykling

Frammøte              30. juni ved speidarnaustet kl 09.30.

Avslutning             Avreise frå leiren rundt kl 15, meir detaljer kjem seinare

Pris                            1300kr. Kontant/Bankkonto (3520 50 45722). Må betalast innan tysdag 22. Juni, hugs å skrive namn på speidaren om du betaler med bankkonto!

Helseskjema          Som vanleg ved større leirar, så får speidarane med seg eit helseskjema heim. Dette MÅ leverast tilbake i ein konvolutt med namnet til speidaren på. Konvolutten vert berre opna dersom uhellet er ute og det er behov for det. Og vert makulert etter leiren. (Skjema ligg vedlagt til utskrift)

Transport               Me treng nok 2 ekstra bilar til å køyre til og frå leiren. Kjekt om nokre føresette kan melde seg 😊

Pakk sekken din sjølv så du vet at du har med deg alt du treng, og kvar det ligg I sekken.

HUSK Å MERKE UTSTYRET DITT!! Blir fort litt rot med kven som eiger kva når det ikkje er namn på ting.

Dette har du på / med deg

• Sovepose

• Liggeunderlag

• Ullundertøy

• Ullsokkar, tynne og tjukke

• Skift: bukse, genser/skjorte, undertøy, sokkar

• Gode sko

• Regntøy/støvlar

• Uteklede til alle slags vêr (vêret kan skifte fort)

• Tjukk genser

• Lue og votter (kan fort bli kaldt)

• Sitjeunderlag/stol

• Toalettsaker

• Badetøy og handkle (om du trur du vil bade)

• Redningsvest

• Kopp

• Tallerken

• Bestikk

• Kniv

• Speidar skjorte

• Skjerf og knute (har vi på oss)

• Hovudlykt/lommelykt

• Drikkeflaske

• Solkrem og myggmiddel (anbefalast)

• Eit lite kamera? (Valfritt)

Me vil ikkje at speidarane har med seg mobil, leiarane har mobil om det er noko. På større leirer er det større fare for å rote mobilar vekk og den slags type ting, me tar nemleg ikkje ansvar om dette skjer.

Spørsmål: Ring/SMS Kristoffer (95522332)

Reklame


Kommenter innlegget

Pakkemøte og informasjon om sommarleiren

Som nokre av dykk kanskje har sett i kalenderen så er det imorgon satt opp eit pakkemøte kl 19. Dette gjeld i hovudsak stifinnarane og vandrarane som var med på kretskonkurransen, då får me sjekka at alt utstyr er både reint og tørt før lagring over sommarferien. Me har nemlig vært litt uheldige med framleis skitne kjøkkenredskaper som vart satt til langtidslagring tidlegare, noko me gjerne vil unngå!

Det blir også gitt ut meir informasjon angåande leiren i sommar, så me oppfordrar alle speidarane som er med på den å kome imorgon. Pakkemøtet varer ikkje lenger enn eit ordinært speidarmøte, og er kanskje tidleg ferdig om me er effektive.


Kommenter innlegget

17. Mai og Sommarleir

Då nærmer 17. mai seg, og 1. Leirvik er klar til å stille ved Hauglandsparken like ved kaien kl 06.45 i full speidarstas, speidarskjorte og sjal!

Me satsar framleis på at morgontoget får gå i år, og treng derfor så mange stifinnarar og vandrarar til å bera flagg, og sjølvsagt nokre småspeidarar til å marsjere!

Me gjer dykk obs på at ting framleis kan endre seg raskt, så håpar dykk følgjer litt ekstra med fram mot 17. Mai!

Sommarleir for stifinnarar og vandrarar

Det vert ein ‘‘landsleir’’ i sommar, til tross for at me må halde avstand og alle speidarar i Norge ikkje kan delta på same arrangement. For å likevel få til ein kjekk og engasjerande sommar for speidarane, så har NSF laga program og opplegg slik at det skal være mogleg for gruppene å arrangere sine eigne, meir lokale, leirar.

Les meir her: https://agenda2021.no

Me frå 1. Leirvik har jobba saman med Meling speidargruppe og 1. Godvik speidargruppe for å ønsker alle speidarar velkommen til leir, sommaren 2021! Me arbeidar på fullt for å arrangere den beste moglege leirplassen med kjekke aktivitetar og planar. Det blir kanskje ikkje like stort som ein landsleir, men det blir ein leir me ikkje kjem til å gløyme😉Og me håpar at fleist mogleg av speidarane våre vil delta!

Tid: Onsdag 30. juni – sundag 4. juli.
Stad: Bømlo, Lykling.

Pris: 1500/1300kr avhengig av ant. deltakarar

Påmelding: Bindande påmelding innan 20. mai til Erik tlf. 41529658

Spørsmål: SMS/Tlf til Erik (41529658) eller Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

Kretsleir 2019

Stifinnarar og vandrarar: Til sommaren er det igjen klart for kretsleir. Kretsleir vert arrangert kvart fjerde år, og denne gongen skal me til Øvre Eidfjord. Me skal reise på leir saman med Hordaland krins og Sogn og fjordane krets. Temaet for leiren er tidsreise, og me skal reise «Att og fram» i tid. Nettside: http://2019.kretsleir.no/ På ein kretsleir skjer det mykje gøy! Det er kjekke aktivitetar kvar dag, i tillegg til mykje fritid der du kan bli kjend med nye speidarar. Patruljane skal gå på haik, dei skal lage sin eigen mat, det blir leirbål og det blir mange kjekke stunder saman med gamle og nye vener. Og me skal sjølvsagt ligge i telt heile veka, forhåpentlegvis i like flott vêr som forje kretsleir på Ænes. For at leirkomiteen skal kunne planlegge ein best mogleg leir treng dei å vite cirka kor mange som kjem. Difor må me ha ei forhåndspåmelding. Dette er ikkje ei bindande påmelding, endeleg påmelding kjem våren 2019.
  • Tid: 29.juni – 6. juli 2019
  • Pris: 2000kr for leiarar, roverar og speidarar. (eigne prisar for stab, maur osv finn du på nett). Dette dekkar all mat og aktivitetar i løpet av leiren.
  • Påmelding: Lever svarslipp til Helga innan fredag 23. november
  • Spørsmål: Ring Helga 99292101


Kommenter innlegget

Info, Våren 2017

Påskemøte, tysdag 4. april

Merk: Dette møtet vert i Prestagardsskogen. Me skal være i minigolf huset.

Vanlege møtetider. Kalender vert oppdatert på nett.

 

Speidaraksjonen 2017, tysdag 18. april

Merk: endra møtetider, alle møter 17:00 – 20:00. Kalender vert oppdatert på nett.

 

Landsleir 2017,  Bodø

Flybillettar er bestilt. Satsar på å få tak i billege billettar med NSB, når dette salget starter (tidlegast 90 dager før avreise).

Pris for landsleir er 2600,- kr. Reisa kjem på 2400,- tur / retur.

Dette betyr at totalprisen vert 5000,- for leirdeltaking samt reise tur / retur.

 

5000,- for landsleir, samt reise, betalast til:

1. Leirvik speidargruppes konto nr 3520 50 45722, innan 10. april.

Merk med speidarens navn.


Kommenter innlegget

Landsleir Bodø 2017

nord2017-logo-400x230pxSommaren 2017 arrangerar Norges Speidarforbund landsleir i Bodø. Som vanleg deltek 1. Leirvik på leir og satsar på å få med flesteparten av speidarane våre (stifinnarar og vandrarar). Forrige landsleir var i Stavanger og samla kring 8000 speidarar frå inn- og utland.

Landsleir vert arrangert kvart fjerde år, så dette er noko DU må få med deg. Det er første gang leiren er lagt under nordnorsk midnattsol. Det vert spanande å få oppleva dette. Teltleir og midnattsol ei heil veke til endes.

Sidan reisa er så lang, har me valgt å vera på tur nokre ekstra dagar. Me nyttar oss av slekt og vener i Gildeskål, like ved Bodø, for overnatting i forkant og etterkant av sjølve leiren. På denne måten får me meir tid til å oppleva Nord-Norge. Nærare program for desse dagane kjem etter kvart.

Ved å reisa litt utanom hovudmengda av speidarane håpar me å oppnå langt betre prisar på transport til og frå.

Sjølve leiren er frå laurdag 1. juli – laurdag 8. juli.

1. Leirvik reiser med fly frå Flesland, onsdag 28. juni. Retur vert med tog frå Bodø mandag 10. juli, framme i Bergen tysdag 11. juli.

Nøyaktig avreisetidspunkt kjem i seinare informasjon.

Det er fleire familiar som antydar at dei legg ferien til nord-Norge i år og vil levera/henta sin speidar på leiren. Det er viktig at me får melding om dette ved påmelding. Billettar vert bestilt fortløpande, etter kvar som påmeldingar kjem inn.

Pris for deltaking på leiren er 2600 kr.

Pris for transport er estimert til 2500 kr (med dagens billettprisar).

Info om innbetaling kjem når billettane er bestilt (slik at me har sikker pris)

Det vert BINDANDE påmelding så snart som mogeleg, men innan 25. januar. Kostnader ved flybillettar, togbillettar og kontingent som ikkje kan refunderast vert belasta kvar enkelt. Det vert bestilt minipris billettar som i utgangspunktet ikkje kan avbestillast.

Meir info kan du finna på nettsida til landsleiren: http://nord2017.no/

Me treng underskrift frå føresette, så skriv ut lappen og ta med på speidarmøte, eller ta bilete og send til Øystein på e-post oyos72@gmail.com eller mobil 900 92 617:
landsleir-2017-info-og-påmelding


Kommenter innlegget

Om kretsleiren

Hugs pakkemøte på Naustet fredag kl. 18.00!

Avreise blir frå Naustet laurdag kl. 8.45.

Me treng nokre fleire foreldre til å køyra til Ænes på laurdag. Meld frå til Helga (992 92 101) om de kan.

Alle som skal på leir må ha med helsekort. Last ned, skriv ut og ta med i lukka konvolutt med namn på. (Leiarane tek vare på helsekorta under leiren.)

Det er framleis nokon som ikkje har betalt leirkontigenten til 1. Leirvik sin bankkonto.

Les meir om leiren på kretsleir.no.