Då nærmar årets store leir seg med store skritt, og det nok mange speidarar som gleder seg. Lykling er ein fin plass med mykje lokalhistorie, og me gleder oss til å ta med speidarane våre hit!
Tid: 30. juni – 04. juli
Stad Lykling
Frammøte 30. juni ved speidarnaustet kl 09.30.
Avslutning Avreise frå leiren rundt kl 15, meir detaljer kjem seinare
Pris 1300kr. Kontant/Bankkonto (3520 50 45722). Må betalast innan tysdag 22. Juni, hugs å skrive namn på speidaren om du betaler med bankkonto!
Helseskjema Som vanleg ved større leirar, så får speidarane med seg eit helseskjema heim. Dette MÅ leverast tilbake i ein konvolutt med namnet til speidaren på. Konvolutten vert berre opna dersom uhellet er ute og det er behov for det. Og vert makulert etter leiren. (Skjema ligg vedlagt til utskrift)
Transport Me treng nok 2 ekstra bilar til å køyre til og frå leiren. Kjekt om nokre føresette kan melde seg 😊
Pakk sekken din sjølv så du vet at du har med deg alt du treng, og kvar det ligg I sekken.
HUSK Å MERKE UTSTYRET DITT!! Blir fort litt rot med kven som eiger kva når det ikkje er namn på ting.
Dette har du på / med deg
• Sovepose
• Liggeunderlag
• Ullundertøy
• Ullsokkar, tynne og tjukke
• Skift: bukse, genser/skjorte, undertøy, sokkar
• Gode sko
• Regntøy/støvlar
• Uteklede til alle slags vêr (vêret kan skifte fort)
• Tjukk genser
• Lue og votter (kan fort bli kaldt)
• Sitjeunderlag/stol
• Toalettsaker
• Badetøy og handkle (om du trur du vil bade)
• Redningsvest
• Kopp
• Tallerken
• Bestikk
• Kniv
• Speidar skjorte
• Skjerf og knute (har vi på oss)
• Hovudlykt/lommelykt
• Drikkeflaske
• Solkrem og myggmiddel (anbefalast)
• Eit lite kamera? (Valfritt)
Me vil ikkje at speidarane har med seg mobil, leiarane har mobil om det er noko. På større leirer er det større fare for å rote mobilar vekk og den slags type ting, me tar nemleg ikkje ansvar om dette skjer.
Spørsmål: Ring/SMS Kristoffer (95522332)