1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

17. Mai og Sommarleir

Då nærmer 17. mai seg, og 1. Leirvik er klar til å stille ved Hauglandsparken like ved kaien kl 06.45 i full speidarstas, speidarskjorte og sjal!

Me satsar framleis på at morgontoget får gå i år, og treng derfor så mange stifinnarar og vandrarar til å bera flagg, og sjølvsagt nokre småspeidarar til å marsjere!

Me gjer dykk obs på at ting framleis kan endre seg raskt, så håpar dykk følgjer litt ekstra med fram mot 17. Mai!

Sommarleir for stifinnarar og vandrarar

Det vert ein ‘‘landsleir’’ i sommar, til tross for at me må halde avstand og alle speidarar i Norge ikkje kan delta på same arrangement. For å likevel få til ein kjekk og engasjerande sommar for speidarane, så har NSF laga program og opplegg slik at det skal være mogleg for gruppene å arrangere sine eigne, meir lokale, leirar.

Les meir her: https://agenda2021.no

Me frå 1. Leirvik har jobba saman med Meling speidargruppe og 1. Godvik speidargruppe for å ønsker alle speidarar velkommen til leir, sommaren 2021! Me arbeidar på fullt for å arrangere den beste moglege leirplassen med kjekke aktivitetar og planar. Det blir kanskje ikkje like stort som ein landsleir, men det blir ein leir me ikkje kjem til å gløyme😉Og me håpar at fleist mogleg av speidarane våre vil delta!

Tid: Onsdag 30. juni – sundag 4. juli.
Stad: Bømlo, Lykling.

Pris: 1500/1300kr avhengig av ant. deltakarar

Påmelding: Bindande påmelding innan 20. mai til Erik tlf. 41529658

Spørsmål: SMS/Tlf til Erik (41529658) eller Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

17. Mai!

Same procedure as every year James! Atter ein gong er 1. Leirvik klar for å gå i morgontoget på 17. mai. Møt opp ved Nattrutekaien på Leirvik mellom kl. 06.30-06.45. Ha på speidarskjorte og sjal, og gode sko. Om ein skal noko rett etterpå, kan ein møte opp i anna fin-stas. Me går i frå Leirvik til Sjukehuset, der me syng for pasientane. Alle må hentast ved Sjukehuset, ca. kl. 08.15. Dette blir ein fin start på 17. mai!


Kommenter innlegget

17. mai 2016

1. Leirvik deltek også i år i morgontoget 17. mai. Me skal vera oppstilt i flaggborga klokka 07.00. Deretter er det sang og musikk ved Leirvik mannskor og Stord musikklag samt apell for dagen. Deretter går toget til til Osen, opp Borggata, forbi Kyrkja, opp Døso og vidare til sjukehuset. Avslutning ved sjukehuset etter at mannskoret og musikklaget har spela nokre nummer (bak sjukehuset).

Alle møter klokka 06.45. Det er viktig at alle møter, slik at me kan bytta på å bera flagga.

Alle stiller med skjerf. Dei som har skjorte, stiller med skjerf og skjorte.

Me reknar med å avslutta ved sjukehuset ca 08.00, så alle må hentast der.


Kommenter innlegget

17. mai 2015

1. Leirvik deltek også i år i Flag_of_Norwaymorgontoget 17. mai. Me skal vera oppstilt i flaggborga klokka 07.00. Deretter er det sang og musikk ved Leirvik mannskor og Stord musikklg samt apell for dagen. Deretter går toget til til Osen, opp Borggata, forbi Kyrkja, opp Døso og vidare til sjukehuset. Avslutning ved sjukehuset etter at mannskoret og musikklaget har spela nokre nummer (bak sjukehuset).

Alle møter klokka 06.45. Det er viktig at alle møter, slik at me kan bytta på å bera flagga.

Alle stiller med skjerf. Dei som har skjorte, stiller med skjerf og skjorte.

Me reknar med å avslutta ved sjukehuset ca 08.00, så alle må hentast der.