Rev hadde ein super tur til NM i speiding på Nøtterøy. I konkurranse med 120 av dei beste patruljane i Noreg klarte Rev ein flott 30.-plass. Her er bilete frå helga.
Tag Archives: bilete
NM i Malvik
Oter greidde ein imponerande 25. plass i årets NM i speiding. Lama hamna på 110. plass. Som stifinnarar er det ein prestasjon berre å koma til NM, så alle er kjempenøgde med innsatsen i helga.
- Me hadde tid til å sjå oss om i Trondheim.
- Må ta bilete framfor Nidarosdomen.
- Kronprinsen kom forbi.
- Tre lamaer fjasar.
- Fire otrar hoppar.
- Knut Inge i kveldssol.
- Gapahuk var ei av oppgåvene i NM.
- Oterpatruljen på post.
Sterk innsats i kretskonkurransen
Då er kretskonkurransen 2014 over. Oppgåvene laurdag og sundag sette speidarane på mange slags prøvar. Mellom anna måtte dei konstruera ein stol, spleisa tau og framføra påskebodskapen som skodespel.
Småspeidarane deltok med to patruljar som gjekk ei rundløype på sundag.

Lama tok førsteplassen i kretskonkurransen for stifinnarar 2014. Sterkt gjort, for to av lamaane låg sjuke heime.

Oter vann kretskonkurransen for vandrarar 2014. Dei var fem, men to måtte reisa heim litt tidlegare.
Oter og Lama får delta i NM i juni.
Bilete frå blåturen
Vandrarane blei sende på blåtur i helga. Først på sykkel, men det var berre lureri. Deretter i båt, men det var berre til forvirring, det òg. Så møtte Gaute, Hogne og Vebjørn vandrarane med bil og køyrde til Bergen. Der var det klart for ei lita byvandring på eiga hand. Første posten var den blå steinen, der oppgåva var å ta bilete av patruljen med mobilen og senda tilbake for å få neste post. Les meir
Bilete frå 17. mai 2013
I høve 100-årsjubileet stilte me i borgartoget for første gong på mange, mange år. Her er nokre bilete frå dagen.
Foto: Kari Anne Øien
Dugnad på Naustet
No har me endeleg fått materialane me treng for å skifta kledning på Naustet.
Ein god gjeng møtte på særs kort varsel, tysdag 18. sept. og bar ned materialane.
Dugnaden vart fredag 21. og laurdag 22. sept.
Som bileta viser, så fekk me gjort eit godt stykke arbeid på disse 2 dagane.
Det vert meir dugnad for å få Naustet ferdig. Meir info kjem om dette.
- Alle i arbeid.
- Godt halvvegs på eine veggen.
- Kos med pizza.
- Montering av vindtett.
- Pannekaker til lunsj.
- Slik er det isolert – typisk flekkisolering.
Gøy med tang
Svoltne, desperate stifinnarar kokar tang i sjøvatn. Fristar ikkje til gjentaking …
Bilete frå kretskonkurransen i Sponavikjo
Både små og store hadde det kjekt på årets kretskonkurranse. Stifinnarane konkurrerte dag og natt og overnatta på grasbakken ved stranda. Småspeidarane hadde sin konkurranse på sundagen. Dessutan var 1. Leirvik teknisk arrangør saman med Meling og Folderøy, så roverar og leiarar jobba for fullt heile helga.
Småspeidarane gjorde det spesielt bra og sikra dobbeltsiger på heimebane. Dei to vandretroféa ulven og heksa bur difor på Naustet heilt til neste år!
Her er nokre av dei fine bileta Ingrid tok i Sponavikjo:
Anne Merete dokumenterte leirplassen i løpet av helga:
Bilete frå Litlabø
Me var ein stor gjeng på tur til gruveområdet på Litlabø 22.–23. oktober 2011. Me fekk ei utruleg spennande omvising i gruvene på laurdagskvelden.
Bilete og video: Gaute
Bilete frå rover-/leiarturar
Tur til Myrkdalen i august:
Planleggjing og vassport på Hiskjo i september:
(Alle bilete: Anne Merete)