1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Takkar for ein god tur! Og påskemøte🐣🐥!

Gratulerar til patrulje Vaskebjørn og småspeidarpatruljen med ein 6. og 7. plass!!🎉

For fleire av speidarane var det kanskje nytt med skikkeleg kretsbannerkonkurranse, og dei skal være nøgd med seg sjølv 😁.

Det vart ingen tur til NM for oss i år, og det var ikkje mange poengene som skulle til, med så flinke speidarar så er me nok med til NM til neste år😉.

Påskemøte!🐣

Som me har sagt til speidarane våre, så er det vanlegvis fri førstkommande tysdag etter ein helgeaktivitet som dagstur, teltur blåtur osv..

Då er det greit å sjekke kalenderen, for der skal det stå om det er fri eller ikkje, tilfelle ein leiar seier noko feil 😉😅. (Kalender)

For no førstkommande tysdag er siste tysdag før påskeferien, og då må me jo etter tradisjonen tro ha eit påskemøte!🐥!

Dette vert på Prestagardsskogen ved minigolfen, berre sving av frå Rommetveitvegen. Det vert til vanlege tider, så 17.30 for småspeidarar, og 19.00 for stifinnarar og vandrarar.

Reklame


Kommenter innlegget

Kretsbannerkonkurransen 2022 for Småspeidarar, stifinnarar og vandrarar

For Småspeidarar (Stifinnar og vandrar ser dykk lengre nede)

1.Leirvik kjem også i år til å delta i kretskonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på Åkrasanden på Karmøy.

Konkurransedagen er sundag. På kretskonkurransen konkurrerer patruljane mot kvarandre i ei rundløype. Det er postar med naturkjennskap, knutar, førstehjelp og nokre praktiske øvingar.

Tid:                           Sundag 3. April

Stad                          Åkrasanden på Karmøy

Frammøte              Speidarnaustet 1. April kl 08.30, avreise ca kl 08.40.

Avslutning              På Åkrasanden, ca kl. 15 sundag. (Dei som skal henta må vera der kl. 14.) Tilbake på Naustet ca kl. 16.30.

Pris                           Gruppa dekker påmelding

Utstyr                       Niste for heile dagen, vassflaske, klede til og vera ute, støvlar/fjellsko, varmt/tørt skift i sekken i tilfelle regn, speidarskjorta og sjal (for dei som har), eksta lubber, hue, vottar og kniv.

Mat                            Ta med niste for heile dagen, det er også kanskje kiosk.

Påmelding             Til Kristoffer Spissøy på tlf 95522332 innan 23. Mars kl 19.00.

Spørsmål                Kontakt Kristoffer på tlf 95522332

.

For Stifinnar og Vandrar

No nærmar kretsbannerkonkurransen seg med stormskritt, i år skal den være på Åkrasanden, på Karmøy. I kretskonkurransen konkurrerer patruljar i øvingar som til dømes orientering, matlaging, praktiske oppgåver og førstehjelp. Dei beste fire kvalifiserer seg til NM i speiding, men konkurransen handlar like mykje om å være på tur ei heil helg saman med speidarar frå heile kretsen. I løpet av dei neste møta vil me førebu oss og pakke fellesutstyr som lavvo og utstyrskassen.

Tid:                           Helga 1.-3. April

Stad                          Åkrastranda på Karmøy

Frammøte              Speidarnaustet 1. April kl 18.30.

Avslutning              På Åkrasanden, ca kl. 15 sundag. (Dei som skal henta må vera der kl. 14.) Tilbake på Naustet ca kl. 16.30.

Pris                           200kr

Utstyr                        Sovepose, liggeunderlag, bestikk, fat, kopp, vatnflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.

Mat                            Blir handla inn av leiar, etter at patruljane har bestemt kva mat vil ha. Ta med litt snop, dersom du har lyst. Det er også kanskje kiosk denne helga.

Påmelding             Til Kristoffer Spissøy på tlf 95522332 innan 23. Mars kl 19.00.

Spørsmål                Kontakt Kristoffer på tlf 95522332


Kommenter innlegget

Pakkemøte og informasjon om sommarleiren

Som nokre av dykk kanskje har sett i kalenderen så er det imorgon satt opp eit pakkemøte kl 19. Dette gjeld i hovudsak stifinnarane og vandrarane som var med på kretskonkurransen, då får me sjekka at alt utstyr er både reint og tørt før lagring over sommarferien. Me har nemlig vært litt uheldige med framleis skitne kjøkkenredskaper som vart satt til langtidslagring tidlegare, noko me gjerne vil unngå!

Det blir også gitt ut meir informasjon angåande leiren i sommar, så me oppfordrar alle speidarane som er med på den å kome imorgon. Pakkemøtet varer ikkje lenger enn eit ordinært speidarmøte, og er kanskje tidleg ferdig om me er effektive.


Kommenter innlegget

Kretsbannerkonkurranse 2021 for stifinnarar og vandrarar

Då er det på tide med årets ‘’litt utanom det vanlege’’  kretskonkurranse! I år, for å ivareta smittevern, så skal første del av kretskonkurransen arrangerast lokalt hos speidargruppa. Og det blir nok kjekt og spennande med konkurranseoppgåvene me skal gjennomføre. Som vanleg blir det 4 patruljer frå kretsen som kvalifiserer seg til NM, desse finalistane skal møte på Lier på søndagen for eige opplegg. Håper dykk vil delta.

Tid:            Fredag-laurdag 11. juni – 12. juni. Superfinale til NM 13. Juni.

Stad:         Lokalt hos speidargruppa. Superfinale til NM er på Lier.

Frammøte: Speidarnaustet kl 18.00      

Avslutting: Laurdag ved speidarnaustet.

Pris:           Gratis

Utstyr:       Sovepose, liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, speidarskjorte, speidarsjal, fjellsko, vottar, hua

Mat:            Leiarane ordnar dette, men du kan ta med litt snop/chips om du vil, og 0,5L brus.

Påmelding:        Innan torsdag 27. Mai til Erik, tlf. 41529658

Spørsmål: Ring/SMS til Erik (41529658) eller Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

Kretskonkurransen 2019 småspeidar

1.Leirvik kjem også i år til å delta i kretskonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på Lier i Sveio.

Konkurransedagen er sundag. På kretskonkurransen konkurrerer patruljane mot kvarandre i ei rundløype. Det er postar med naturkjennskap, knutar, førstehjelp og nokre praktiske øvingar.
 
Tid: sundag 7 april.

Stad: Lier i Sveio. Me treng nokre foreldre til å køyra. For dei som køyrer: Ta av frå E39, mot Erve, ved Førde kyrkje. Følg skilta mot Lier videre, ca 2-3 km

Frammøte: Speidarnaustet, sundag kl 08:50. Avreise kl 09:00

Avslutning: På Lier, ca kl. 15 sundag. (Dei som skal henta må vera der kl. 14.) Tilbake på Naustet ca kl. 15:30.

Pris: Gruppa dekker påmelding.

Utstyr: Niste for heile dagen, vannflaske, klede til og vera ute, støvlar/fjellsko, varmt/tørt skift i sekken i tilfelle regn. Eksta lubber, huve, vottar og kniv.

Det vert kiosk på område.

Påmelding: Innan 29.april til Erik (41529658) skriv namn på speidar og om du kan køyra til eller hente.

Spørsmål: Ring/SMS Kristoffer S. (95522332)


Kommenter innlegget

Kretsbannerkonkurransen 2019 stifinnar/vandrar

No nærmar kretsbannerkonkurransen seg med stormskritt, i år skal det være på Lier, ved Førde i Sveio. I kretskonkurransen konkurrerer patruljar i øvingar som til dømes orientering, matlaging, praktiske oppgåver og førstehjelp. Dei beste fire kvalifiserer seg til NM i speiding, men konkurransen handlar like mykje om å være på tur ei heil helg saman med speidarar frå heile kretsen. I løpet av dei neste møta vil me førebu oss og pakke fellesutstyr som lavvo og utstyrskassen.

Tid: Fredag 5. april til sundag 7. april.

Stad: Lier i Sveio. Me treng nokre foreldre til å køyra.For dei som køyrer: Ta av frå E39, mot Erve, ved Førde kyrkje. Følg skilta mot Lier videre, ca 2-3 km.

Frammøte: Speidarnaustet, fredag kl 18.00.

Avslutning: På Lier, ca kl. 15 sundag. (Dei som skal henta, må vera der kl. 14.) Tilbake på Naustet ca kl. 15.30.

Pris: 200kr

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, bestikk, fat, kopp, vatnflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.

Mat: Blir handla inn av leiar, etter at patruljane har bestemt kva mat dei vil ha. Ta med litt snop, dersom du har lyst. Det er og kiosk denne helga.

Påmelding: Frist fredag 29. Mars. SMS til Erik (41529658) med navn på speidar

Spørsmål: Ring/SMS Kristoffer 95522332


Kommenter innlegget

Kretsbannerkonkurransen 2018 Småspeidar

No nærmar kretsbannerkonkurransen seg med stormskritt, og denne gongen skal 1. Leirvik og Meling arrangere konkurransen. Den skal vere her på Stord, i Sponavikjo. 

I kretskonkurransen konkurrerer patruljar i øvingar som til dømes naturkjennskap, praktiske oppgåver og førstehjelp. Det å samarbeide er vektlagt for småspeidarpatruljane, men konkurransen handlar like mykje om å være på tur saman med speidarar frå heile kretsen. 

Sidan konkurransen er her på Stord, treng me ikkje noko felles køyring til å frå. I løpet av dei neste møta vil me førebu oss og snakke litt om kva ein kan vente seg i konkurransen. Les meir


Kommenter innlegget

Kretsbannerkonkurransen 2018 Stifinnar / Vandrar

No nærmar kretsbannerkonkurransen seg med stormskritt, og denne gongen skal 1. Leirvik og Meling arrangere konkurransen. Den skal vere her på Stord, i Sponavikjo. 

I kretskonkurransen konkurrerer patruljar i øvingar som til dømes orientering, matlaging, praktiske oppgåver og førstehjelp. Dei beste kvalifiserer seg til NM i speiding, men konkurransen handlar like mykje om å være på tur ei heil helg saman med speidarar frå heile kretsen. 

Sidan konkurransen er her på Stord, treng me ikkje noko felles køyring til å frå. I løpet av dei neste møta vil me førebu oss og pakke fellesutstyr som lavvo og utstyrskassen. Les meir


Kommenter innlegget

Kretsbannerkonkurransen 2017 stifinnar/vandrar

1. Leirvik kjem også i år til å delta i kretsbannerkonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på Lier, ved Førde i Sveio.

På kretsbannerkonkurransen konkurrerer speidarpatruljane mot kvarandre i forskjellige øvingar over to dagar. Sidan konkurransane startar tidleg laurdag, reiser me inn allereie på fredag. Dei tre beste patruljane vert kvalifiserte for deltaking i NM i speiding.

Les meir