1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Festivalleir 2022!

Då skal me endeleg reise på Festivalleiren, og me leiarar gleder oss skikkeleg til å sjå kostymene dykk kjem med! Det skal være eventyrparade med alle speidargruppene, kiosk, leirbål, og mange andre aktivitetar! Om vêret blir fint, så er det også mogleg å bade i vatnet der. Dette blir ein fantastisk avsluttningstur før sommarferien, så gleder me oss til å sjå dykk igjen til hausten!

Tid:                           3.-5. Juni

Stad                          Lier, Sveio

Frammøte               Ved naustet fredag kl 16.30. Me treng nok 1 eller 2 føresette som kan hjelpe oss med kjøring til leirplassen. Gjeld nok også på søndag.

Avslutning             Ved naustet søndag kl 16.00

Pris                           200,-

Utstyr                        Sovepose, liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, speidarskjorte, speidarsjal, eventyrkostyme, fjellsko, vottar, hua, badeutstyr (for dei som vil).

                                    Anbefaler å sjå s. 16 i ‘’Speideren nr 2’’, som er medlemsbladet til NSF. Du finner det også digitalt her: https://speiding.no/speideren

Kostyme                  1. Leirvik har eventyret Snehvit og de syv dvergene, der me prøver å dele ut roller til speidarane våre. 

Mat                            Leiarane ordnar mat, men det er kiosk på leiren 😉

Spørsmål                TLF/SMS til Kristoffer Spissøy (95522332)

Reklame


Kommenter innlegget

Oppdatering kring Korona

Me må dessverre avlyse speidarmøte tysdag 16.03 og until vidare på grunn av smittevern. Me har fått telefon av smittesporing om ein speidar som har testa positiv. Alle som er nærkontakt har blitt kontaktet av Kristoffer.

Me håper at alle holder seg friske og raske i desse spesielle tider 😷
Me kjem med oppdatering fortløpande 😊 Kan anbefale speidarane å ta seg ein skogstur/fjelltur på tysdager istaden for speidarmøte (Hugs å halde avstand😉)

Dersom du har nokre spørsmål så kan du kontakte
Gruppeleiar (Kristoffer) på tlf 95522332
Eller 1. Leirvik på e-post: leirvikspeidargruppe@gmail.com


Kommenter innlegget

Grautmøte og desmber

Som nokon av dykk kanskje har sett på kalenderen så er det grautmøte tysdag 24. November. Då skal alle speidarane møte saman i parken, der skal me kosa oss med god mat og drikke😋, og ikkje minst nokre kjekke aktivitetar😁. Me skal ha det kjekt ute, så då gjeld det å være godt kledd etter vêret, hovudlykt, refleks og kniv som vanleg 😉 Møtetida for småspeidarar, stifinnarar og vandrarar er kl 17.30 – 19.30.

Grunna situasjonen rundt Korona så er dette grautmøtet berre for speidarane, og ikkje for foreldre som me pleier å gjere til opptaksseremonien for nye og eldre speidarar. Me flytter derfor opptaksseremonien til ein seinare anledning då foreldra kan være med.

Når det gjeld bakemøta og juleturen i desember, så må me sjå desse ann ettersom det kjem nye retningslinjer i desember. Me kjem med ein oppdatering så snart me veit noko meir om dette!


Kommenter innlegget

Ei lita oppdatering kring korona

Grunna situasjonen med lokal smitte og nye retningslinjer så har me i 1. Leirvik vurdert at det er mest forsvarleg å avlyse speidarmøtet imorgon 27. Oktober. Me tar nye råd frå kommunen i vurdering fortløpande etterkvart som dei kjem, i dei kommande vekene skal me vurdere om me kan starte att igjen. Anbefaler derfor alle å følgje med på Facebook,- og heimesida vår (skru gjerne på varslinger for innlegg for å få med deg oppdateringer). I mellomtida håper me alle holder seg friske og raske 😊 Bruk gjerne tysdagskvelden til ein skogs/fjelltur istadenfor 😉


Kommenter innlegget

Oppstart

Då var sommaren over for i år, og me håpar at dykk har hatt ein fantastisk flott ferie i varmen ☀️ Me ser fram til eit nytt halvår med nye og kjente speidarfjes, og ikkje minst monge kjekke turar i skog og fjell!

Som vanleg startar me halvåret med grilling, lek og med håp for fint vêr 😉 I år startar me tysdag 25. August til vanlege møtetider nede på speidarnaustet vårt.

Av hygieneårsakar ber me alle speidarar om å ta med eigen kniv om mogleg, så reduserer me unødvendig deling av fellesutstyr.


Kommenter innlegget

Avsluttningstur til Spissøy

Då er det blitt sommar, og det er på tide med Avslutning på dette spesielle halvåret for store og små. Denne turen skal vera på Spissøy. Det blir mellom anna fisking, båt, bading og god mat på bål.
Grunna me skal vere ute heile dagen, er det viktig å ha på rette klede. Kle deg etter vêret.

Tid: Fredag 5. Juni – søndag 7. Juni

Frammøte: På leirplassen, kjør forbi Fangavikvegen 49 og ta første skogsveg til høgre. Klokka 17:00. Lurt å avtale med andre speidarar for å fylle opp bilane.

Avslutning: Same plass. Klokka 15:00

Pris: kontant: 200kr (vipps: 205kr til 121341)

Utstyr: sovepose, liggeunderlang, tørt skift i sekken, klede til å vere ute i, ekstra lubbar, lykt, bestikk, fat, kopp,
Redningsvest, fiskestang, badeklær + handkle. Dersom du manglar utstyr kan dette lånast gratis hjå «Bua» https://stord.frivilligsentral.no/hendelse?bua-utlånsentral&Id=212280

Mat: Dette får du på turen, du kan ta med moderate mengder med snop.

Påmelding: Innan Torsdag 4. juni til Erik, tlf. 41529658

Spørsmål: Ring enten Erik, eller Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

17. Mai og speidarmøter

Hei igjen, håper alle har det fint i heimen, og at dykk får nyte sola når den kjem fram 😎

Me tenkte det var på plass med ein litan oppdatering. Det er framleis lagt opp for å møte med Hauglandsparken ved kaien kl 06.45 17. Mai🇳🇴, men det vert ikkje tog til sjukehuset i år. Men vær forberedt på at desse planane kjapt kan endres.

På grunn av smittevernstiltak er det begrensa kor mange som kan være der samstundes, me ønsker derfor at dei som vil møte skal seie ifrå (melde seg på) til Kristoffer (tlf 95522332). Me ønsker særleg at vandrarane (patrulje Oter) skal melde seg, men alle som vil kan stille. Dersom for mange vil stille må me desverre seie nei til nokre av speidarane😢. Me håper framleis alle får ein fin og strålande 17. Mai☀️.

Me skal også starte opp igjen med møter etter 17. Mai, desse blir litt utenom det vanlege, oppdateringer om dette kjem etterkvart. Så håper dykk er forberedt på litt speidareventyr 😉

– Hilsen alle Roverar og Leiarar i 1. Leirvik speidargruppe!


Kommenter innlegget

Dagstur til Spissøy

Då er det blitt vår, og det er på tide med ein dagstur no som vêret betrar seg. Denne turen skal vera på Spissøy. Det blir mellom anna fisking, litt leikar og så skal vi sjølvsagt lære litt også 

Grunna me skal vere ute heile dagen, er det viktig å ha på rette klede. Kle deg etter vêret, så slepp du å fryse eller å bli våt dersom det er kaldt eller regnar.

Tid: Søndag 15.mars.

Frammøte: På Nautøya, rett før brua. Klokka 11:00.

Avslutning: På Nautøya, rett før brua. Klokka kl.16:00.

Pris: Denne turen er gratis.

Utstyr: Redningsvest, flaske med drikke, fiskestang, klede til å vere ute i, og som tåler å bli litt våt.

Mat: Dette får du på turen.

Påmelding: Innan Tysdag 10.mars til Erik, tlf. 41529658

Spørsmål: Ring enten Erik, eller Kristoffer (95522332)