1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Grautmøte og desmber

Som nokon av dykk kanskje har sett på kalenderen så er det grautmøte tysdag 24. November. Då skal alle speidarane møte saman i parken, der skal me kosa oss med god mat og drikke😋, og ikkje minst nokre kjekke aktivitetar😁. Me skal ha det kjekt ute, så då gjeld det å være godt kledd etter vêret, hovudlykt, refleks og kniv som vanleg 😉 Møtetida for småspeidarar, stifinnarar og vandrarar er kl 17.30 – 19.30.

Grunna situasjonen rundt Korona så er dette grautmøtet berre for speidarane, og ikkje for foreldre som me pleier å gjere til opptaksseremonien for nye og eldre speidarar. Me flytter derfor opptaksseremonien til ein seinare anledning då foreldra kan være med.

Når det gjeld bakemøta og juleturen i desember, så må me sjå desse ann ettersom det kjem nye retningslinjer i desember. Me kjem med ein oppdatering så snart me veit noko meir om dette!