1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Påskemøte – Minigolf

Tradisjonen tro så holder me eit påskemøte på minigolfbanen siste speidarmøtet før påskeferien🐣

Men i år så var minigolfbanen allereie reservert på tysdagen, og me tenkte at det kanskje blei litt seint å ha speidarmøte til kl 22.. Så då blir det påskemøte på onsdagen istadanfor.

Dette vert på Prestagardsskogen ved minigolfen, berre sving av frå Rommetveitvegen. Det vert til vanlege tider, så 17.30 for småspeidarar, og 19.00 for stifinnarar og vandrarar.

Reklame


Kommenter innlegget

Velkommen til speidaråret 2023

Godt nyttår til speidarar og føresatte! Me ønsker speidarane våre velkommen tilbake til speidarnaustet tysdag 10. januar. Ein Speidar er jo budd til alt i alt slags vér, og me skal være både litt inne og ute. Ha klede etter véret, elles så kan speidarkniven og ei vassflaska være lurt å ha med.

Og til dei som treng ein påminning om tidene:

• Småspeidarar (3.–5. klasse), tysdagar 17.30–18.45

• Stifinnarar (6.–7. klasse), tysdagar 19.00–20.30

• Vandrarar (8.–10. klasse),tysdagar 19.00–20.30


Kommenter innlegget

Grautmøte og bakemøte

Grautmøte
Tysdag 29. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken (ved museet). Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye speidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!


Oppmøte ved scenen 17.30 for alle (merk tida!).
Kle deg for å vera ute, og ta med lommelykt eller hovudlykt.
Dei som skal få speidarsjal og knute denne dagen betalar kr 130. Og øv gjerne på speidarløftet på lengre nede i innlegget.


Bakemøte
Siste møtet før jul blir som vanleg bakemøte. Møt på Naustet med forkle, kjevle (helst stor) og peparkakeformer.
Stifinnarar og Vandrarar (6-10 klasse): Måndag 5. desember kl 19-20.30
Småspeidarar (3-5 klasse): Tysdag 6. desember kl 17-18.45


Eigen lapp om julaturen kjem seinare.
NB: Julaturen er flytta fram ein dag frå det som står på kalenderen. Det blir Fredag 9. desember til Laurdag 10. Desember

Speidarløftet
“Eg lovar etter beste evne
å søke mitt livssyn,
hjelpe andre
og leve etter speidarloven.”


Kommenter innlegget

Minner om oppmøte i Låndåsen på Tysdag

Tysdag 6. september skal me ha møte i Landåsen, då skal speidarane få bruke alt dei har lært om orientering. Og kven veit, kanskje ‘’X markerer stedet’’ .

Me skal være ute heile speidarmøtet, så kle deg godt etter vêret! Og hugs at det alltid er betre med litt for mykje enn litt for lite. Det kan være lurt å ha med seg ein liten sekk med ein speidarkniv, ei vassflaske, ei lykt og godt humør!

Oppmøte blir til vanlege tider, berre ved starten av Landåsen på Vabakkjen.

  • Småspeidarar (3.–5. klasse) 17.30–18.45
  • Stifinnar/Vandrar (6.–10. klasse) 19.00–20.30

Spørsmål: Ring/SMS til Kristoffer S. (95522332)


Kommenter innlegget

Oppstart

Håpar alle har hatt ein flott sommar☀️, og at dykk er klare for eit nytt speidarår med nye eventyr!

Me startar opp igjen Tysdag 23. aug nede på speidarnaustet, og me ønsker velkommen til nye og kjente fjes😁.

Vêret er litt vekslande for tida 🌧, så vær gjerne kledd for å være litt ute!

Og for dei som lurer på tidene:

• Småspeidarar (3.–5. klasse), tysdagar 17.30–18.45

• Stifinnarar (6.–7. klasse), tysdagar 19.00–20.30

• Vandrarar (8.–10. klasse),tysdagar 19.00–20.30


Kommenter innlegget

17. Mai 2022

Då nærmer 17. mai seg, og 1. Leirvik er klar til å stille ved Hauglandsparken like ved kaien kl 06.45 i full speidarstas, speidarskjorte og sjal! Ta kontakt om du ikkje har, så kan me prøve å fikse noko.

Det ser ut til å endeleg bli ein vanleg 17. mai morgon igjen, og eg kan seie at me leiarar gleder oss til å ta med speidarane våre, både gamle og nye, på dette!

Me ønsker derfor at så mange som mogleg kan stille slik at me får til eit skikkeleg fint 17. Mai tog, med speidarar og flagg i front!

Toget går frå Haugalandsparken etter ein litan sermoni, og då tar toget vegen opp til sjukehuset. Der skal korpset og mannskoret, som før, spela og syngja. Så er morgontoget over for i år 😊.

Spørsmål:               Ring/SMS til Kristoffer S. (95522332)


Kommenter innlegget

Møte i Landåsen

Me ville minne speidarar og føresette på om å sjekke kalenderen, som dykk kanskje ser der så skal me være i Landåsen imorgon.

Det kan derfor være lurt å kle seg for å være ute!

Me har frammøte ved inngangen til Landåsen på Vabakkjen, men me har også ein leiar ved naustet som tar imot speidarar som ikkje fekk oppdateringa med seg 😉.


Kommenter innlegget

Speidaraksjonen 2022

Tysdag neste veke blir eit møte utanom det vanlege, då skal speidarane endeleg få lov å gå ut med bøsser for å samle inn pengar til speidaraksjonen! Då skal store og små ha møte samstundes, det skal være litt lengre enn vanleg, og me avsluttar sjølvsagt med litt kos og mat med dei som deltek!

Så sei ifrå til føresatte, søsken, tantar, onklar, besteforeldre og naboar, me anbefaler å legge av nokre kontantar! Samle inn tomflasker til panting, sel noko du ikkje treng lenger, gjer litt ekstra husarbeid for slekta, alt hjelper!

Les gjerne meir om speidaraksjonen her: https://speiding.no/aksjon/#Dette-er-Speideraksjonen-261

Tid: Tysdag 23. April kl 17.30-20.00
På Leirvik skule.

Utstyr Speidardrakt for dei som har (skjorte og sjal), og klede etter vêret då me skal være mykje ute.

Avmelding Gi gjerne ein lyd til Kristoffer om du veit at du ikkje kjem.

Spørsmål Tlf/SMS til Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

Takkar for ein god tur! Og påskemøte🐣🐥!

Gratulerar til patrulje Vaskebjørn og småspeidarpatruljen med ein 6. og 7. plass!!🎉

For fleire av speidarane var det kanskje nytt med skikkeleg kretsbannerkonkurranse, og dei skal være nøgd med seg sjølv 😁.

Det vart ingen tur til NM for oss i år, og det var ikkje mange poengene som skulle til, med så flinke speidarar så er me nok med til NM til neste år😉.

Påskemøte!🐣

Som me har sagt til speidarane våre, så er det vanlegvis fri førstkommande tysdag etter ein helgeaktivitet som dagstur, teltur blåtur osv..

Då er det greit å sjekke kalenderen, for der skal det stå om det er fri eller ikkje, tilfelle ein leiar seier noko feil 😉😅. (Kalender)

For no førstkommande tysdag er siste tysdag før påskeferien, og då må me jo etter tradisjonen tro ha eit påskemøte!🐥!

Dette vert på Prestagardsskogen ved minigolfen, berre sving av frå Rommetveitvegen. Det vert til vanlege tider, så 17.30 for småspeidarar, og 19.00 for stifinnarar og vandrarar.


Kommenter innlegget

Oppstart

Endeleg er Coronareglane endra, slik at me kan starta oppatt med speiding😁. Me startar førstkommande tysdag. Vanlege tider. Småspeidar kl 17.30 – 18.45. Speidarar kl 19.00 – 20.30.
Me tek også inn nye medlemmar. Ta gjerne med ein ven som ynskjer å prøva om speiding er noko for dei.

Spørsmål, ta kontakt her, eller ring gruppeleiar Kristoffer på tlf 95522332.
Vel møtt