1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Foreldremøte om Kretsleir + ei lita oppdatering

 

Neste tysdag (25. April), tenkte me å invitere føresette til stifinnarar og vandrarar til eit kort informasjonsmøte om kretsleiren. Me vil særs oppfordre føresette til speidarane som allereie har meldt seg på turen, og føresette til speidarane som framleis er litt usikre om å komme.

Det blir eit kort møte på ca 30 minutter, med oppmøte kl 17.30 på speidarnaustet. Det skal bli litt info om kva som skjer på slike leiarar, kva som forventes av ein speidar på leir, litt praktisk, og litt om transport til & frå leiren. Også er det sjølvsagt ope for spørsmål!

Me håpar på at enda fleire av speidarane våre melder seg på, me ønsker tross alt å få med oss alle dei flotte stifinnarane og vandrarane våre!

Oppdatering kring Kretsleiren 2023

Stifinnarar og vandrarar: Til sommaren er det igjen klart for kretsleir. Kretsleir vert arrangert kvart fjerde år, og denne gongen går leiren «Jakten» til Sauda. Me skal reise på leir saman med Hordaland, Ryvarden og Sogn og fjordane krets.

På ein kretsleir skjer det mykje gøy! Det er kjekke aktivitetar kvar dag, i tillegg til mykje fritid der du kan bli kjend med nye speidarar. Patruljane skal gå på haik, dei skal lage sin eigen mat, det blir leirbål og det blir mange kjekke stunder saman med gamle og nye vener. Og me skal sjølvsagt ligge i telt heile veka, forhåpentlegvis flott vêr heile veka.

NB: Tidlegare i vår søkte me i 1. Leirvik om stønad til kretsleiren 2023, og me kan no med glede seie at me har fått stønad slik at me kan gjere leiren billigare for alle våre speidarar!!

Tid: 24. Juni – 1. Juli

Stad                            Rogaland Fylke, Sauda. Leirområdet på nesten 44mål, er nesten dobbelt så stort som førre kretsleir

Transport                Transport til og frå leiren er enda ikkje bestemt. Om nokre føresette har gode tips/anbefalingar om transport, så ta gjerne kontakt.

Pris                           1100kr for speidarar og roverar. Dekker alt av aktivitetar og mat.

  • Eigne prisar gjeld for leiarar, maur og stab.

Utstyr                                    Meir detaljer som pakkeliste kjem seinare når leiren nærmar seg.

Påmelding                Skriftleg på sms/papir til Kristoffer Spissøy (95522332). Påmelding vert bindande frå og med 23. april, og siste frist for påmelding 30. april.

Spørsmål Dersom du har spørsmål om leiren, så ta gjerne kontakt med Kristoffer Spissøy (95522332), eller ein av dei andre leiarane i 1. Leirvik (https://leirvikspeidar.com/kontakt/). Det vert også lagt ut informasjon på leiren si heimeside: (https://www.kretsleir.no/)

Reklame


Kommenter innlegget

Foreldremøte – 1. Leirvik speidargruppe

Me i 1. Leirvik speidargruppe ynskjer foreldre til både nye og gamle speidarar velkommen til eit kort og enkelt foreldremøte måndag 23. Jan kl 19.00.

Me vil snakke litt om diverse ting, t.d. klede, utstyr, speidarmøtene, turar og leirar. Og sjølvsagt kan dykk kome med eventuelle spørsmål dykk kanskje har.

Foreldre til småspeidarar, stifinnarar, vandrarar og roverar er velkomne!

– Speidarhilsen Kristoffer Spissøy.

Tlf: 95522332


Kommenter innlegget

Foreldremøte og Blåtur for vandrarar

Me i 1. Leirvik speidargruppe ynskjer foreldre til både nye og gamle speidarar velkommen til eit kort og enkelt foreldremøte måndag 18. okt kl 18.00.

Me vil snakke litt om diverse ting, t.d. klede, utstyr, speidarmøtene, turar og leirar. Og sjølvsagt kan dykk kome med eventuelle spørsmål dykk kanskje har.

Foreldre til småspeidarar, stifinnarar, vandrarar og nye roverar er velkomne!

– Speidarhilsen Kristoffer Spissøy.

Tlf: 95522332

.

Blåtur 2021 for vandrarar

Er du klar for årets mysterietur? Då burde du bli med på årets blåtur! Kvar skal me? Kva er  opplegget? Berre nokre få veit, men du finner ut av det undervegs . Men det me kan love deg er at denne turen kjem du ikkje til å gløyme med det første!

 

Tid:                           22.-24. Oktober

 

Stad                          Ja det finner du ut av etter kvart 

 

Frammøte              Ved speidarnaustet, fredag kl 16.30. Møt med sykkel og hjelm!

 

Avslutning             Ved speidarnaustet, sundag kl 16.00

 

Pris                           300kr, dette dekker mat og alt av opplegg.

 

Utstyr Det er viktig at du har med alt på lista

Sovepose, liggeunderlag, redningsvest, regnklede, ullundertøy, støvlar, symjebriller, badeklede, håndkle, pass eller anna gyldig ID, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, kortstokk, hua, kniv, lommelykt, bestikk (kniv/gaffel/skei), kopp og djup tallerk, ein kosebamse, Ein rosa blyant/penn/tusj (med rosa farge), mobil. Litt lommepengar.

 

Mat Dette fiksar leiarane, men litt laurdagsgodt til kos rundt bålet er lov.

 

Påmelding              Tlf/SMS til Kristoffer Spissøy (95522332) innan Tysdag 19. oktober. Hugs fullt namn!

 

Spørsmål Tlf/SMS til Kristoffer Spissøy (95522332)