
1. Leirvik 110år!

Me i 1. Leirvik speidargruppe ynskjer foreldre til både nye og gamle speidarar velkommen til eit kort og enkelt foreldremøte måndag 23. Jan kl 19.00.
Me vil snakke litt om diverse ting, t.d. klede, utstyr, speidarmøtene, turar og leirar. Og sjølvsagt kan dykk kome med eventuelle spørsmål dykk kanskje har.
Foreldre til småspeidarar, stifinnarar, vandrarar og roverar er velkomne!
– Speidarhilsen Kristoffer Spissøy.
Tlf: 95522332
Då er det klart for ein ny julatur med 1. Leirvik. I år blir turen til Føyno etter gamalt, der me skal kosa oss med juleverkstad, uteleik, og andre aktivitetar.
Turen er frå fredag til laurdag for småspeidarane, stifinnarane, og vandrarane.
Leiarane og roverane blir til sundag.
.
Tid: Fredag 09. – laurdag 10. desember.
Frammøte: Parkeringsplassen ved hyttene på Føyno.
Fredag kl 17.
Avslutning: Parkeringsplassen ved hyttene på Føyno.
laurdag kl 15.
Pris: 200 kr, dette dekkjer alle måltid og juleverkstad. Me tar kontant og vipps, betal gjerne ved frammøte.
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, tallerk, kniv/skei/gaffel, kopp, hovudlykt, speidarskjorte & sjal, varme gode vasstette ytterklede for å vera lenge ut, tørre varme skift i sekken, vottar/hanskar, hua, kniv, støvlar/vasstette sko sidan me er nærme sjøen.
Mat: Leiarane ordnar mat. Ta med litt snop om du har lyst, og max 0,5 liter brus.
Påmelding: Til Kristoffer på tlf 95522332 innan tysdag 6. Desember.
Me set pris på beskjed om du skal eller ikkje skal vera med.
Spørsmål: Ring/SMS til Kristoffer 95522332
Speidar- og julehelsing
Leiarane
16-18 februar blir det vintertur for vandrarar, roverar og leiarar. Turen går til Røldal. Der skal me overnatta på hytta til Tuva og Are. På laurdagen reiser me til Røldal skisenter der me skal stå på slalom/snowboard. I tillegg blir det mykje sosialt og andre uteaktivitetar. Ski-/snowboardutstyr må ordnast sjølv. Det går ann å leiga utstyr hos Røldal skisenter for 300kr/400kr, men me anbefaler å låna gratis av ein ven eller på BUA.
Avreise frå Naustet, laurdag 21. februar kl 07:45. Me tar 08:30 ferja frå Sandvikvåg.
Reisa går vidare med tog frå Bergen kl 11:07. Me er framme på Haugastøl kl 14:20.
Vel framme på Haugastøl går me på ski frå togstasjonen til NSFs hytte Solstølen. Det er ca 2 km frå Haugastøl stasjon til Solstølen. Pakk slik at det går fint å få med bagasjen på skituren.
Alle skal ha mottatt pakkelista med forslag til utstyr ein treng for turen. Det er ikkje sikkert at du treng alt av klær, det må du vurdera litt sjølv. Er du i tvil, ta det med. Dersom du har for mykje med, så kan noko lagrast på hytta dei dagane me er ute på tur.
Planen er å overnatta første natta på Solstølen. Dag 2, legg me ut på tur med friskt mot og sikkert bakglatte ski (leiarane har med litt skismørning, så det kan fiksast). Planen er å finna eit eigna område for snøhole graving. Mesteparten av dagen går nok med til å grave ut denne, sidan den skal vera stor nok til å overnatta i.
Dag 3 håpar me at det er forhold til å lage igloo og overnatta i denne.
Dag 4 returnera me til Solstølen og planlegg overnatting inne siste natta.
Dag 5 (onsdag 25. februar) går me frå hytta til Haugastøl stasjon igjen. Toget går kl 16:03 og er i Bergen kl 18:58. Retur til Stord utpå kvelden.
Innimellom baksing og graving i snøen skal me sjølvsagt kosa oss med litt orientering i vinterlandskap og lange lunsjer.
Betaling kan tas med ved frammøte, eller betalast inn på 1. Leirviks konto 3520.50.45722
Leiarane som skal vera med på tur er Øystein, Helga og Knut Inge. Ta kontakt dersom De lurar på noko.
Hei og vel overstått julefeiring.
Snart er det tid for å starte eit nytt speidarhalvår. For å laga ein god plan, samt få litt tid til å vera sosiale tar leiarar og roverar ei overnatting på Sævarbu.
Håpar fredag 3. – laurdag 4. januar passar for mange. Håpar at mange av dei som er vekke store delar av året også kan vera med oss.
For å få oversikt over kva me treng av mat, må eg ha tilbakemelding om kven som kan / ikkje kan vera med, innan torsdag 2. januar.
Send ein mail eller ei melding på telefon til Øystein.
Så er det nok ein gang oppstart for ny speidarsesong. Heldigvis møter dei gamle fram samstundes som det strøymer på med nye. I dag var det 17 småspeidarar og 21 stifinnarar/vandrarar som møtte. Då var det i alle fall 3 stifinnarar som var på leirskule.
For å få dette til å gå saman treng me ein god plan.
For å gjera noko kjekt saman tar me planleggingsmøtet på Spyssøy denne gangen. Me samlast ved Naustet førstkomande fredag (06.09.13) kl 18.00 og køyrer felles utover.
Fredag kveld planlegg me hausten og fordeler oppgåver mellom oss, samstundes som me lagar eit godt måltid mat og kosar oss.
Laurdag satsar me på å «herja» litt på sjøen. Eg tar med båten, tuben og nokre våtdraktar. Dersom nokon har eigne våtdraktar, vannski / wakeboard e.l. er det berre å ta det med seg. Dersom nokon har lyst til å fiska, så fiksar me det også.
Avslutning på laurdag rundt kl 13. Dette vert justert etter vær og ynskjer på laurdag.
Ta med deg utstyr for overnatting inne og klær til å vera litt ute. Mat kjøper me inn felles.
Håpar det er mange som kan møta. Håpar spesielt at dei som bur vekke, som me ser skjeldan har lyst til å vera med også. Dersom du ikkje kan delta heile tida, er det allikevel fint om du har tid til å stikka innom ei stund, så me kan treffast.
Ynskjer tilbakemelding om kven som vert med / ikkje vert med innan torsdag, slik at me veit kva me skal handla.
Midlar til denne turen får me frå Frifond, så turen vert gratis.
Speidarhelsing
Øystein
1. Leirvik skal også i år, tradisjonen tru, ha ansvar for flaggborga i morgontoget frå Nattrutekaien til Sjukehuset. Alle stiller ved Nordre Kaisving / Bård Haugland-støtta kl 06:45.
07:00 er det musikk/sang før minnetale og kransnedlegging. Så går toget frå kaien, gjennom Borggata, forbi kyrkja og opp Sjukehusvegen. Ved sjukehuset er det sang og musikk v/mannskoret og musikklaget, før arrangementet vert avslutta mellom 07:50 og 08:00. Alle må hentast ved sjukehuset.
I høve 1. Leirviks 100-årsjubileum, ynskjer me å markera ved å delta i borgartoget. Det er laga banner og paroler, funne fram gamle dagars speidaruniformar og anna me skal markera oss med. Håpar mange kan delta på dette, slik at me vert ein stor gjeng i toget.
Møt ved Sport-Treff kl 15:00 for utdeling av utstyr. Dei som har speidardrakt (eller berre sjal) tar dette på i begge toga. Ynskjer også at det vert brukt mørk blå bukse eller mørk blått skjørt til drakten.
Mange har fått ny speidarskjorte og lurar på kvar merka skal syast på. Her er ein fin illustrasjon frå Speiderbasen.
Dei merka me brukar til vanleg er kretsmerke og gruppeband, verdsmerke og forbundsmerke. I tillegg har me gruppemerket til 1. Leirvik over venstre brystlomma. No i jubileumsåret syr me på jubileumsmerket i staden for gruppemerket.
Helga har merke til dei som treng.