1. Leirvik speidargruppe

17. mai-feiring

Kommenter innlegget

flaggMorgontog

1. Leirvik skal også i år, tradisjonen tru, ha ansvar for flaggborga i morgontoget frå Nattrutekaien til Sjukehuset. Alle stiller ved Nordre Kaisving / Bård Haugland-støtta kl 06:45.

07:00 er det musikk/sang før minnetale og kransnedlegging. Så går toget frå kaien, gjennom Borggata, forbi kyrkja og opp Sjukehusvegen. Ved sjukehuset er det sang og musikk v/mannskoret og musikklaget, før arrangementet vert avslutta mellom 07:50 og 08:00. Alle må hentast ved sjukehuset.

Borgartog

I høve 1. Leirviks 100-årsjubileum, ynskjer me å markera ved å delta i borgartoget. Det er laga banner og paroler, funne fram gamle dagars speidaruniformar og anna me skal markera oss med. Håpar mange kan delta på dette, slik at me vert ein stor gjeng i toget.

Møt ved Sport-Treff kl 15:00 for utdeling av utstyr. Dei som har speidardrakt (eller berre sjal) tar dette på i begge toga. Ynskjer også at det vert brukt mørk blå bukse eller mørk blått skjørt til drakten.

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s