1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Kretskonkurransen 2019 småspeidar

1.Leirvik kjem også i år til å delta i kretskonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på Lier i Sveio.

Konkurransedagen er sundag. På kretskonkurransen konkurrerer patruljane mot kvarandre i ei rundløype. Det er postar med naturkjennskap, knutar, førstehjelp og nokre praktiske øvingar.
 
Tid: sundag 7 april.

Stad: Lier i Sveio. Me treng nokre foreldre til å køyra. For dei som køyrer: Ta av frå E39, mot Erve, ved Førde kyrkje. Følg skilta mot Lier videre, ca 2-3 km

Frammøte: Speidarnaustet, sundag kl 08:50. Avreise kl 09:00

Avslutning: På Lier, ca kl. 15 sundag. (Dei som skal henta må vera der kl. 14.) Tilbake på Naustet ca kl. 15:30.

Pris: Gruppa dekker påmelding.

Utstyr: Niste for heile dagen, vannflaske, klede til og vera ute, støvlar/fjellsko, varmt/tørt skift i sekken i tilfelle regn. Eksta lubber, huve, vottar og kniv.

Det vert kiosk på område.

Påmelding: Innan 29.april til Erik (41529658) skriv namn på speidar og om du kan køyra til eller hente.

Spørsmål: Ring/SMS Kristoffer S. (95522332)

Reklame


Kommenter innlegget

Kretsbannerkonkurransen 2019 stifinnar/vandrar

No nærmar kretsbannerkonkurransen seg med stormskritt, i år skal det være på Lier, ved Førde i Sveio. I kretskonkurransen konkurrerer patruljar i øvingar som til dømes orientering, matlaging, praktiske oppgåver og førstehjelp. Dei beste fire kvalifiserer seg til NM i speiding, men konkurransen handlar like mykje om å være på tur ei heil helg saman med speidarar frå heile kretsen. I løpet av dei neste møta vil me førebu oss og pakke fellesutstyr som lavvo og utstyrskassen.

Tid: Fredag 5. april til sundag 7. april.

Stad: Lier i Sveio. Me treng nokre foreldre til å køyra.For dei som køyrer: Ta av frå E39, mot Erve, ved Førde kyrkje. Følg skilta mot Lier videre, ca 2-3 km.

Frammøte: Speidarnaustet, fredag kl 18.00.

Avslutning: På Lier, ca kl. 15 sundag. (Dei som skal henta, må vera der kl. 14.) Tilbake på Naustet ca kl. 15.30.

Pris: 200kr

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, bestikk, fat, kopp, vatnflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.

Mat: Blir handla inn av leiar, etter at patruljane har bestemt kva mat dei vil ha. Ta med litt snop, dersom du har lyst. Det er og kiosk denne helga.

Påmelding: Frist fredag 29. Mars. SMS til Erik (41529658) med navn på speidar

Spørsmål: Ring/SMS Kristoffer 95522332


Kommenter innlegget

Vinterturen

Til helga er det tid for vintertur til Haugastøl.

Avreise frå Naustet, laurdag 23. februar kl 08.00

Pris 600,- for dei som var på Fronta dugnad, 900,- for dei som ikkje var på dugnad.

Dei som har meldt seg på er: Øystein, Andrea, Kristoffer, Erik, Anne Merete, Malinn, Nora, Jon Martin, Mathias, Helga, Magnus og Tor.

Dersom det er nokon som manglar må Øystein få beskjed straks!

Pakkelista personleg utstyr

Sokkar, underbukser, ullundertøy, toalettsaker, vaskeklut?, hua, ullvottar+ vindvottar, ullhals, tjukkelubber, kopp, bestikk, suppetallerk, nisteboks?, termos, lita drikkeflaske med stor opning til å smelte snø i innerlomma, speidarskjorta+ skjal, tynne hanskar? hovudlykt, kniv, ski, skisko og stavar (som passar samen),ullgenser, gode ytterklede, sovepose, liggeunderlag, gamasjar, fotposar, liten børste til å fjerna is og snø, solbriller, skibriller (slalombriller)

  • Sovepose varm (dersom du har tynn sovepose kan det være lurt å ha ein til inni, eller eit godt pledd), 
  • Liggeunderlag (tjukk type, meir enn 10mm tjukk, ikkje luft underlag)
  • Grevlingtrekk til soveposen (det kan bli litt fuktig i snøhole, dette beskytter godt).
  • VINDTETTE ytterklede
  • ski, skisko, stavar
  • Gamasjar (visst du har, unngår litt snø i skoen)
  • Vindvottar, strikka/tova ullvottar til å ha inni
  • 2 stillongsar, 2 ulltrøyer
  • 2 tynne ullgenserar
  • ekstra lubber
  • 2 huer
  • Kniv
  • Kopp, suppeskål, kniv, skei, gaffel.
  • Tannkost, tannkrem
  • Vassflaske, termos
  • Liten, stiv børste (feks grønnsaksbørste) til å fjerna is/snø fra klær/sko
  • Fotpose (visst du har), til å tre utanpå sko når ein graver i snøen.

Det er viktig med varme og gode klær på vintertur. Samtidig er det viktig å pakke lett, samt reise i fjellklær for å unngå ekstra vekt i sekken. Ta med klær som kan fungera både i hytte og ute. Me skal være litt i hytte og mykje ute, men det vert mulig å tørke klær i hytta.

VINDTETT ytterlag er viktig.

Strikka votter, brukt inni tynne vindvotter er den einaste kombinasjonen som fungerar når det vert 10-12 kalde grader. Erfaring tilseier at hansker fungerer dårleg (kan være til eit bytte i sekken).

Bruk ull innerst og som mellomlag. Det er lettare å regulera temperaturen med 2 tynne genserar enn 1 tjukk). Som regel er det nok med ein god stillongs under vintett yttertøy når me går, graver snøhole eller andre aktivitetar.

Termos må ein ha med til drikkevatn, slik at vatnet ikkje fryser i løpet av dagen. Vanleg drikkeflaske til å ha på innerlomma (ta ei liten flaske dersom du har).

Når me kjem til Haugastøl er det rett på med ski og bagasje for å gå ca 2km til hytta. Ha klær lett tilgjengelig når me går av toget.

Hugs at det er ein del fellesutstyr som skal fordelast, så det må være ein del ledig plass i sekken.


Kommenter innlegget

Påmelding til kretsleir

Hordaland, Ryvarden og Sogn og Fjordane kretser ønsker alle speidere velkommen til leir, sommeren 2019!

Leiren er frå laurdag 29. juni – laurdag 6. juli.
Leiren skal være i Øvre Eidfjord i Eidfjord Kommune, med Hardangervidda ruvende over oss. Tema for leiren er tidsreise, og vi kommer til å reise ”Att og fram” i tid gjennom leiren.
Kretsleir vert arrangert kvart fjerde år. Nytt denne gangen er at også Sogn og Fjordane krets deltar saman med oss.
Leirkomiteen reknar med at det vert ca 800 deltakarar heile veka. Frå onsdag til laurdag, er det ein del grupper
som deltek med småspeidarar. Då vil deltakartalet auka ein heil del (1. Leirvik deltek ikkje med småspeidarar).
Meir informasjon kan du finna på : kretsleir.no.


Felles påmelding frå 1. Leirvik vert gjort av leiarane.
Unntaket er dersom du skal delta som «Maur», då melder du deg på sjølv via mail. Maur er roverar som hjelper til
i arrangørstaben under leiren. Info: kretsleir.no
Pris for deltaking på leiren er 2000,- kr pr. person. Dette dekkar deltaking, overnatting, mat og alle aktivitetar heile
veka. Me reknar med å få til rimeleg transport. Gruppa dekkar dette.
Me treng bindande, skriftleg påmelding innan tysdag 5. mars.


Kommenter innlegget

Familiedag på Sævarbu

Vinter på Sævarbu, nokre år før gapahuken kom.

Årets fyrste tur blir ein dagstur for alle speidarar, roverar og leiarar til hytta vår på Sævarbu. Ta med heile familien opp for å sjå på hytta vår og den nye gapahuken! Det blir grilling og kos ute.

Me oppfordrar også dei som har vore med lenge til å ta med seg familien, sjølv om dei har vore der før 😉

  • Tid: Sundag 20. januar
  • Stad: Speidarhytta på Sævarbu. Ca 20-30 min å gå frå kraftstasjonen.
  • Frammøte: Kraftstasjonen, Lundarstølen kl. 11
  • Avslutning: Kraftstasjonen, Lundarstølen kl. 15
  • Pris: Gratis
  • Utstyr: Kle deg etter vêret, me skal vere ute heile tida. Ta gjerne med deg ski dersom det er snø. Det er veldig vått i myra på veg bort til hytta, så du må ha høge vatntette fjellsko eller støvlar.
  • Mat: Ta med grillmat og drikkeflaske. Leiarane ordnar kaffi

Spørsmål: Ring Helga (99292101)


Kommenter innlegget

Julatur

Det er klart for den tradisjonelle julaturen i 1. Leirvik speidargruppe.

I år reiser me til Halsnøy og overnattar på Speidarhuset i Sæbøvik. Her skal me kosa oss, ha juleverksted og andre aktivitetar.

Turen er frå laurdag til sundag for speidarane og småspeidarane. Leiarar og roverar reiser til Halsnøy på fredag ettermiddag.

Tid: Laurdag 08. – sundag 9. desember.
Stad: Halsnøy, Speidarhuset på Sæbøvik
Frammøte: Skjersholmane ferjekai, laurdag kl 11.30. Ferja har avgang kl 11.45
Avslutning: Skjersholmane ferjekai, sundag kl 15.30.
Pris: 200 kroner. Dette dekkar ein del mat, ferje og leige av speidarhuset.
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag (litt usikkert om det er madrass til alle), regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, toalettsaker, stillongs, tjukk genser. Me skal være litt ute, så ta med gode klær.
Mat: Leiarane tar med mat. Ta med litt snop, dersom du har lyst.
Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99292101, innan tirsdag 4. desember. Hugs å melda deg på!
Spørsmål: Ring Helga.


Kommenter innlegget

Info november

Opptaking/grautmøte 27. november

Tysdag 27. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken (ved museet). Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye speidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!

Oppmøte ved scenen 17.30 for alle (merk tida!).

Kle deg for å vera ute, og ta med lommelykt eller hovudlykt.

Dei som skal få speidarsjal og knute denne dagen betalar kr 130.

Innmelding

Me manglar innmeldingsskjema frå fleire av dei som har byrja i haust. Hugs å levera skjemaet på speidarmøtet, eller hent nytt skjema på www.leirvikspeidar.com og send direkte til Øystein på oyos72@gmail.com.

Bakemøte

Siste møtet før jul blir som vanleg bakemøte. Møt på Naustet med forkle, kjevle (stort) og peparkakeformer.

Vandrarar:    Måndag 3. desember kl 19
Småspeidarar:    Tysdag 4. desember kl 17
Stifinnarar:     Tysdag 4. desember kl 19

Eigen lapp om julaturen kjem seinare.


Kommenter innlegget

Kretsleir 2019

Stifinnarar og vandrarar: Til sommaren er det igjen klart for kretsleir. Kretsleir vert arrangert kvart fjerde år, og denne gongen skal me til Øvre Eidfjord. Me skal reise på leir saman med Hordaland krins og Sogn og fjordane krets. Temaet for leiren er tidsreise, og me skal reise «Att og fram» i tid. Nettside: http://2019.kretsleir.no/ På ein kretsleir skjer det mykje gøy! Det er kjekke aktivitetar kvar dag, i tillegg til mykje fritid der du kan bli kjend med nye speidarar. Patruljane skal gå på haik, dei skal lage sin eigen mat, det blir leirbål og det blir mange kjekke stunder saman med gamle og nye vener. Og me skal sjølvsagt ligge i telt heile veka, forhåpentlegvis i like flott vêr som forje kretsleir på Ænes. For at leirkomiteen skal kunne planlegge ein best mogleg leir treng dei å vite cirka kor mange som kjem. Difor må me ha ei forhåndspåmelding. Dette er ikkje ei bindande påmelding, endeleg påmelding kjem våren 2019.
  • Tid: 29.juni – 6. juli 2019
  • Pris: 2000kr for leiarar, roverar og speidarar. (eigne prisar for stab, maur osv finn du på nett). Dette dekkar all mat og aktivitetar i løpet av leiren.
  • Påmelding: Lever svarslipp til Helga innan fredag 23. november
  • Spørsmål: Ring Helga 99292101