No nærmar kretsbannerkonkurransen seg med stormskritt, i år skal det være på Lier, ved Førde i Sveio. I kretskonkurransen konkurrerer patruljar i øvingar som til dømes orientering, matlaging, praktiske oppgåver og førstehjelp. Dei beste fire kvalifiserer seg til NM i speiding, men konkurransen handlar like mykje om å være på tur ei heil helg saman med speidarar frå heile kretsen. I løpet av dei neste møta vil me førebu oss og pakke fellesutstyr som lavvo og utstyrskassen.
Tid: Fredag 5. april til sundag 7. april.
Stad: Lier i Sveio. Me treng nokre foreldre til å køyra.For dei som køyrer: Ta av frå E39, mot Erve, ved Førde kyrkje. Følg skilta mot Lier videre, ca 2-3 km.
Frammøte: Speidarnaustet, fredag kl 18.00.
Avslutning: På Lier, ca kl. 15 sundag. (Dei som skal henta, må vera der kl. 14.) Tilbake på Naustet ca kl. 15.30.
Pris: 200kr
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, bestikk, fat, kopp, vatnflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.
Mat: Blir handla inn av leiar, etter at patruljane har bestemt kva mat dei vil ha. Ta med litt snop, dersom du har lyst. Det er og kiosk denne helga.
Påmelding: Frist fredag 29. Mars. SMS til Erik (41529658) med navn på speidar
Spørsmål: Ring/SMS Kristoffer 95522332