
Årets fyrste tur blir ein dagstur for alle speidarar, roverar og leiarar til hytta vår på Sævarbu. Ta med heile familien opp for å sjå på hytta vår og den nye gapahuken! Det blir grilling og kos ute.
Me oppfordrar også dei som har vore med lenge til å ta med seg familien, sjølv om dei har vore der før 😉
- Tid: Sundag 20. januar
- Stad: Speidarhytta på Sævarbu. Ca 20-30 min å gå frå kraftstasjonen.
- Frammøte: Kraftstasjonen, Lundarstølen kl. 11
- Avslutning: Kraftstasjonen, Lundarstølen kl. 15
- Pris: Gratis
- Utstyr: Kle deg etter vêret, me skal vere ute heile tida. Ta gjerne med deg ski dersom det er snø. Det er veldig vått i myra på veg bort til hytta, så du må ha høge vatntette fjellsko eller støvlar.
- Mat: Ta med grillmat og drikkeflaske. Leiarane ordnar kaffi
Spørsmål: Ring Helga (99292101)