Då vart grautmøte siste speidarmøte i år. Gruppestyret har tatt den kjedelige beslutninga at me ikkje klarar å gjennomføre bakemøte og julatur for alle på ein smittevernvennleg måte. Me er ei stor gruppe med barn frå dei fleste skulane på Stord, og det vil difor ikkje vere forsvarleg å samle alle desse på tur.
I år har me difor bestemt at det berre vert julatur for dei eldste speidarane våre, patruljane Oter og Vaskebjørn. Desse er ikkje så mange, og er spredt på færre skular. Også håpar me på mange kjekke møter og turar saman med alle til neste år!
Me ynskjer alle ei god jul og eit godt nyttår, og håpar me ser alle igjen til neste år!
Julatur for vandrarar
Tid: Laurdag 5. desember til søndag 6. desember
Frammøte: Skjersholmane ferjekai laurdag kl. 12.10. Dåke skal ta ferja som går 12.25. Leiarane møter dåke på Ranavik. Dåke skal altså ta ferja åleine.
Stad: Halsnøy
Avslutning: Skjersholmane søndag kl.14.45
Pris: 200kr.
Utstyr: Sovepose, kniv, klede til å vera ute og inne, speidarskjorte, skjerf og litt brus og godteri om du vil.
Ta gjerne med eit kjekt spel om du har!
Påmelding: Innan onsdag 02. des til Erik, tlf. 41529658.
Spørsmål: Ring Erik eller Kristoffer (95522332)