1. Leirvik speidargruppe

Bakemøte og Julaturen 2021

Kommenter innlegget

Bakemøte

Då var tiden kome for årets siste speidarmøte, og som vanleg blir det bakemøte nede på naustet!

Me håpar speidaren stiller med ‘kokkehatten’ på, og med godt humør. Husk å ta med forkle, kjevle (helst stor) og alle peparkakeformane du har!

Stifinnarar og Vandrarar (6-10 klasse): Møter på naustet måndag 29. november kl 19.00

Småspeidarar (3-5 klasse): Møter på naustet tysdag 30. november kl 17.00

.

Julatur 2021

Så var det igjen tid for julatur og avslutning av speidaråret 2021. Turen går til speidarhuset på Sæbøvik på Halsnøy. I fjor vart julaturen litt redusert p.g.a korona og me kunne ikkje ta med alle speidarane, men i år ser me fram til å ha med både små og store! Det vert god mat, juleverkstad, brettspel, leirbål og rett og slett ein rolig og koselig tur.

Roverane og leiarane reiser på fredagen, men møter speidarane på Skjersholmane laurdag formiddag. Obs! Leiarane kjem med ferja frå Halsnøy og går berre av for å hente speidarane, så hugs å vere klar når ferja kjem!

Tid:                           Laurdag 4. desember – Sundag 5 desember

 

Stad:                         Speidarhuset på Sæbøvik på Halsøy

 

Frammøte: Skjersholmane Kl. 11:20. Ferja går 11:35

 

Avslutning: Skjersholmane Kl. 14:45

 

Pris:                          250kr (Søskenmoderasjon: to for 400kr)

 

Utstyr:                      Sovepose, kniv, klede til å vera ute og inne, speidarskjorte, skjerf (Om du har).

 

Mat:                           Dette ordnar leiarane. Ta med litt godteri og brus om du vil. (Maks 0,5l brus)

 

Påmelding:            Innan onsdag 01. des til Erik, tlf. 41529658.

 

Spørsmål: Ring Erik eller Kristoffer (95522332)

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s