16-18 februar blir det vintertur for vandrarar, roverar og leiarar. Turen går til Røldal. Der skal me overnatta på hytta til Tuva og Are. På laurdagen reiser me til Røldal skisenter der me skal stå på slalom/snowboard. I tillegg blir det mykje sosialt og andre uteaktivitetar. Ski-/snowboardutstyr må ordnast sjølv. Det går ann å leiga utstyr hos Røldal skisenter for 300kr/400kr, men me anbefaler å låna gratis av ein ven eller på BUA.
Tag Archives: rover
Vintertur til Haugastøl
For å få ei (for mange) ny friluftsutfordring vert det vintertur til Haugastøl på Hardangervidda i deler av vinterferien. Sidan reisa det er lang reis, brukar me fyrste delen av vinteferien, frå laurdag 25. feb til onsdag 1. mars.
Me har leigd Norges speidarforbunds store hytte, Solstølen. Turen vert ein kobinasjon av hyttetur og vintertur med overnatting ute. Planen er å få til overnatting i både snøhole og igloo, tur på ski med oppakning, orientering i vinterfjellet ++. Alt er litt væravhengig på vinterfjellet i Noreg, så me tar dei mulighetane som byr seg. Dette vert i alle fall ein tur med nye utfordringar i friluft.
Turen går med bil frå Stord til Bergen og vidare til Haugastøl med tog.
Turen er for alle leiarar, roverar og roveraspirantar (10.de klassingar).
Det er viktig med varme og gode klær på vintertur. Samtidig er det viktig å pakke lett, samt reise i fjellklær for å unngå ekstra vekt i sekken. Ta med klær som kan fungera både i hytte og ute. Me skal være litt i hytte og mykje ute, men det vert mulig å tørke klær i hytta.
VINDTETT ytterlag er viktig.
Strikka votter, brukt inni tynne vindvotter er den einaste kombinasjonen som fungerar når det vert 10-12 kalde grader. Erfaring tilseier at hansker fungerer dårleg (kan være til eit bytte i sekken).
Bruk ull innerst og som mellomlag. Det er lettare å regulera temperaturen med 2 tynne genserar enn 1 tjukk). Som regel er det nok med ein god stillongs under vintett yttertøy når me går, graver snøhole eller andre aktivitetar.
Termos må ein ha med til drikkevatn, slik at vatnet ikkje fryser i løpet av dagen. Vanleg drikkeflaske til å ha på innerlomma (ta ei liten flaske dersom du har).
Når me kjem til Haugastøl er det rett på med ski og bagasje for å gå ca 2km til hytta. Ha klær lett tilgjengelig når me går av toget.
Hugs at det er ein del fellesutstyr som skal fordelast, så det må være ein del ledig plass i sekken.
Tid: Laurdag 25. feb. – onsdag 01. mars.
Stad: Haugastøl, Hardangervidda
Frammøte: Speidarnaustet, laurdag morgon kl 07.45
Avslutning: Speidarnaustet, onsdag kveld ca kl 22.
Pris: 500 kroner. Dette dekkar reise, mat og hytteleige. Me har mottatt midlar frå Frifond som sponsar deler av turen!
Utstyr:
- Sovepose varm (dersom du har tynn sovepose kan det være lurt å ha ein til inni, eller eit godt pledd),
- Liggeunderlag (tjukk type, meir enn 10mm tjukk, ikkje luft underlag)
- Grevlingtrekk til soveposen (det kan bli litt fuktig i snøhole, dette beskytter godt).
- VINDTETTE ytterklær
- ski, skisko, stavar
- Gamasjer (visst du har, unngår litt snø i skoen)
- Vindvotter, strikka/tova ullvotter til å ha inni
- 2 stillongser, 2 ulltrøyer
- 2 tynne ullgenserar
- ekstra lubber
- 2 huer
- Kniv
- Kopp, suppeskål, kniv, skei, gaffel.
- Tannkost, tannkrem
- Vannflaske, termos
- Liten, stiv børste (feks grønnsaksbørste) til å fjerna is/snø fra klær/sko
- Fotpose (visst du har), til å tre utenpå sko når ein graver i snøen.
Mat: Leiarane tar med mat.
Ta med litt snop, dersom du har lyst.
Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99292101, innan tysdag 7. februar.
Spørsmål: Ring Helga
Vintertur for 10. klasse, roverar og leiarar
Avreise frå Naustet, laurdag 21. februar kl 07:45. Me tar 08:30 ferja frå Sandvikvåg.
Reisa går vidare med tog frå Bergen kl 11:07. Me er framme på Haugastøl kl 14:20.
Vel framme på Haugastøl går me på ski frå togstasjonen til NSFs hytte Solstølen. Det er ca 2 km frå Haugastøl stasjon til Solstølen. Pakk slik at det går fint å få med bagasjen på skituren.
Alle skal ha mottatt pakkelista med forslag til utstyr ein treng for turen. Det er ikkje sikkert at du treng alt av klær, det må du vurdera litt sjølv. Er du i tvil, ta det med. Dersom du har for mykje med, så kan noko lagrast på hytta dei dagane me er ute på tur.
Planen er å overnatta første natta på Solstølen. Dag 2, legg me ut på tur med friskt mot og sikkert bakglatte ski (leiarane har med litt skismørning, så det kan fiksast). Planen er å finna eit eigna område for snøhole graving. Mesteparten av dagen går nok med til å grave ut denne, sidan den skal vera stor nok til å overnatta i.
Dag 3 håpar me at det er forhold til å lage igloo og overnatta i denne.
Dag 4 returnera me til Solstølen og planlegg overnatting inne siste natta.
Dag 5 (onsdag 25. februar) går me frå hytta til Haugastøl stasjon igjen. Toget går kl 16:03 og er i Bergen kl 18:58. Retur til Stord utpå kvelden.
Innimellom baksing og graving i snøen skal me sjølvsagt kosa oss med litt orientering i vinterlandskap og lange lunsjer.
Betaling kan tas med ved frammøte, eller betalast inn på 1. Leirviks konto 3520.50.45722
Leiarane som skal vera med på tur er Øystein, Helga og Knut Inge. Ta kontakt dersom De lurar på noko.
Julebord
Planleggingstur til Sævarbu
Hei og vel overstått julefeiring.
Snart er det tid for å starte eit nytt speidarhalvår. For å laga ein god plan, samt få litt tid til å vera sosiale tar leiarar og roverar ei overnatting på Sævarbu.
Håpar fredag 3. – laurdag 4. januar passar for mange. Håpar at mange av dei som er vekke store delar av året også kan vera med oss.
For å få oversikt over kva me treng av mat, må eg ha tilbakemelding om kven som kan / ikkje kan vera med, innan torsdag 2. januar.
Send ein mail eller ei melding på telefon til Øystein.
Julatur
Det vert hyttetur til speidarhuset i Sæbøvik, Halsnøy, for små og store speidarar, roverar og leiarar i 1. Leirvik, laurdag 7. – sundag 8. desember.
Avslutningstur før jul er etterkvart blitt ein tradisjon. Sidan me er blitt så mange, er me ”vokst” utav den tradisjonelle plassen på Føyno. I år går derfor julaturen for første gang til speidarhuset i Sæbøvik.
Her vert det sosiale aktivitetar, dagsturar og juleverkstad.
Tid: Laurdag 7. des til sundag 8. des.
Stad: Speidarhuset i Sæbøvik, Halsnøy
Frammøte: Skjersholmane ferjekai, laurdag kl 12.15 (ferja går kl 12.30)
Avslutning: Retur til Skjersholmane, sundag kl 16.10. Alle må hentast her.
Pris: 150 kroner. Dette dekkar all mat og andre utgifter me har med turen.
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag (usikkert kor mange madrasser det er på huset), regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, toalettsaker
Mat: Dette ordnar leiarane for heile helga. Ta med litt snop, dersom du har lyst.
Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99292101, eller Øystein tlf 90092617 innan onsdag 4. desember.
Spørsmål: Ring Helga eller Øystein
Planleggingsmøte / kosetur for roverar / leiarar
Så er det nok ein gang oppstart for ny speidarsesong. Heldigvis møter dei gamle fram samstundes som det strøymer på med nye. I dag var det 17 småspeidarar og 21 stifinnarar/vandrarar som møtte. Då var det i alle fall 3 stifinnarar som var på leirskule.
For å få dette til å gå saman treng me ein god plan.
For å gjera noko kjekt saman tar me planleggingsmøtet på Spyssøy denne gangen. Me samlast ved Naustet førstkomande fredag (06.09.13) kl 18.00 og køyrer felles utover.
Fredag kveld planlegg me hausten og fordeler oppgåver mellom oss, samstundes som me lagar eit godt måltid mat og kosar oss.
Laurdag satsar me på å «herja» litt på sjøen. Eg tar med båten, tuben og nokre våtdraktar. Dersom nokon har eigne våtdraktar, vannski / wakeboard e.l. er det berre å ta det med seg. Dersom nokon har lyst til å fiska, så fiksar me det også.
Avslutning på laurdag rundt kl 13. Dette vert justert etter vær og ynskjer på laurdag.
Ta med deg utstyr for overnatting inne og klær til å vera litt ute. Mat kjøper me inn felles.
Håpar det er mange som kan møta. Håpar spesielt at dei som bur vekke, som me ser skjeldan har lyst til å vera med også. Dersom du ikkje kan delta heile tida, er det allikevel fint om du har tid til å stikka innom ei stund, så me kan treffast.
Ynskjer tilbakemelding om kven som vert med / ikkje vert med innan torsdag, slik at me veit kva me skal handla.
Midlar til denne turen får me frå Frifond, så turen vert gratis.
Speidarhelsing
Øystein
17. mai-feiring
Morgontog
1. Leirvik skal også i år, tradisjonen tru, ha ansvar for flaggborga i morgontoget frå Nattrutekaien til Sjukehuset. Alle stiller ved Nordre Kaisving / Bård Haugland-støtta kl 06:45.
07:00 er det musikk/sang før minnetale og kransnedlegging. Så går toget frå kaien, gjennom Borggata, forbi kyrkja og opp Sjukehusvegen. Ved sjukehuset er det sang og musikk v/mannskoret og musikklaget, før arrangementet vert avslutta mellom 07:50 og 08:00. Alle må hentast ved sjukehuset.
Borgartog
I høve 1. Leirviks 100-årsjubileum, ynskjer me å markera ved å delta i borgartoget. Det er laga banner og paroler, funne fram gamle dagars speidaruniformar og anna me skal markera oss med. Håpar mange kan delta på dette, slik at me vert ein stor gjeng i toget.
Møt ved Sport-Treff kl 15:00 for utdeling av utstyr. Dei som har speidardrakt (eller berre sjal) tar dette på i begge toga. Ynskjer også at det vert brukt mørk blå bukse eller mørk blått skjørt til drakten.
Speidarskjorta
Mange har fått ny speidarskjorte og lurar på kvar merka skal syast på. Her er ein fin illustrasjon frå Speiderbasen.
Dei merka me brukar til vanleg er kretsmerke og gruppeband, verdsmerke og forbundsmerke. I tillegg har me gruppemerket til 1. Leirvik over venstre brystlomma. No i jubileumsåret syr me på jubileumsmerket i staden for gruppemerket.
Helga har merke til dei som treng.
Jubileumsfeiring
15. februar i år er 1. Leirvik speidargruppe 100 år. Dette skal me feira på dagen, med stor offisiell fest i Turnhallen, for aktive og gamle medlemmar.