1. Leirvik speidargruppe

Kretsleir 2023!

Kommenter innlegget

Stifinnarar og vandrarar: Til sommaren er det igjen klart for kretsleir. Kretsleir vert arrangert kvart fjerde år, og denne gongen går leiren «Jakten» til  Sauda. Me skal reise på leir saman med Hordaland, Ryvarden og Sogn og fjordane krets.

På ein kretsleir skjer det mykje gøy! Det er kjekke aktivitetar kvar dag, i tillegg til mykje fritid der du kan bli kjend med nye speidarar. Patruljane skal gå på haik, dei skal lage sin eigen mat, det blir leirbål og det blir mange kjekke stunder saman med gamle og nye vener. Og me skal sjølvsagt ligge i telt heile veka, forhåpentlegvis flott vêr heile veka.

 

Tid:                           24. Juni – 1. Juli

 

Stad                           Rogaland Fylke, Sauda. Leirområdet på nesten 44mål, er nesten dobbelt så stort som førre kretsleir

 

Transport               Transport til og frå leiren er enda ikkje bestemt. Om nokre føresette har gode tips/anbefalingar om transport, så ta gjerne kontakt.

 

Pris 2200kr for speidarar og roverar. Dekker alt av aktivitetar og mat.

  • Eigne prisar gjeld for leiarar, maur og stab.
  • 1. Leirvik har søkt stønad slik at me kan redusere prisen noko. Me forventar svar på stønaden tidleg i april.

 

Utstyr                      Meir detaljer som pakkeliste kjem seinare når leiren nærmar seg.

 

Påmelding              Skriftleg på sms/papir til Kristoffer Spissøy (95522332). Påmelding vert bindande frå og med 23. april, og siste frist for påmelding 30. april.

 

Spørsmål Dersom du har spørsmål om leiren, så ta gjerne kontakt med Kristoffer Spissøy (95522332), eller ein av dei andre leiarane i 1. Leirvik (https://leirvikspeidar.com/kontakt/). Det vert også lagt ut informasjon på leiren si heimeside: (https://www.kretsleir.no/)

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s