Tag Archives: rover
Planleggingstur til Sævarbu
Hei og vel overstått julefeiring.
Snart er det tid for å starte eit nytt speidarhalvår. For å laga ein god plan, samt få litt tid til å vera sosiale tar leiarar og roverar ei overnatting på Sævarbu.
Håpar fredag 3. – laurdag 4. januar passar for mange. Håpar at mange av dei som er vekke store delar av året også kan vera med oss.
For å få oversikt over kva me treng av mat, må eg ha tilbakemelding om kven som kan / ikkje kan vera med, innan torsdag 2. januar.
Send ein mail eller ei melding på telefon til Øystein.
Julatur
Det vert hyttetur til speidarhuset i Sæbøvik, Halsnøy, for små og store speidarar, roverar og leiarar i 1. Leirvik, laurdag 7. – sundag 8. desember.
Avslutningstur før jul er etterkvart blitt ein tradisjon. Sidan me er blitt så mange, er me ”vokst” utav den tradisjonelle plassen på Føyno. I år går derfor julaturen for første gang til speidarhuset i Sæbøvik.
Her vert det sosiale aktivitetar, dagsturar og juleverkstad.
Tid: Laurdag 7. des til sundag 8. des.
Stad: Speidarhuset i Sæbøvik, Halsnøy
Frammøte: Skjersholmane ferjekai, laurdag kl 12.15 (ferja går kl 12.30)
Avslutning: Retur til Skjersholmane, sundag kl 16.10. Alle må hentast her.
Pris: 150 kroner. Dette dekkar all mat og andre utgifter me har med turen.
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag (usikkert kor mange madrasser det er på huset), regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, toalettsaker
Mat: Dette ordnar leiarane for heile helga. Ta med litt snop, dersom du har lyst.
Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99292101, eller Øystein tlf 90092617 innan onsdag 4. desember.
Spørsmål: Ring Helga eller Øystein
Planleggingsmøte / kosetur for roverar / leiarar
Så er det nok ein gang oppstart for ny speidarsesong. Heldigvis møter dei gamle fram samstundes som det strøymer på med nye. I dag var det 17 småspeidarar og 21 stifinnarar/vandrarar som møtte. Då var det i alle fall 3 stifinnarar som var på leirskule.
For å få dette til å gå saman treng me ein god plan.
For å gjera noko kjekt saman tar me planleggingsmøtet på Spyssøy denne gangen. Me samlast ved Naustet førstkomande fredag (06.09.13) kl 18.00 og køyrer felles utover.
Fredag kveld planlegg me hausten og fordeler oppgåver mellom oss, samstundes som me lagar eit godt måltid mat og kosar oss.
Laurdag satsar me på å «herja» litt på sjøen. Eg tar med båten, tuben og nokre våtdraktar. Dersom nokon har eigne våtdraktar, vannski / wakeboard e.l. er det berre å ta det med seg. Dersom nokon har lyst til å fiska, så fiksar me det også.
Avslutning på laurdag rundt kl 13. Dette vert justert etter vær og ynskjer på laurdag.
Ta med deg utstyr for overnatting inne og klær til å vera litt ute. Mat kjøper me inn felles.
Håpar det er mange som kan møta. Håpar spesielt at dei som bur vekke, som me ser skjeldan har lyst til å vera med også. Dersom du ikkje kan delta heile tida, er det allikevel fint om du har tid til å stikka innom ei stund, så me kan treffast.
Ynskjer tilbakemelding om kven som vert med / ikkje vert med innan torsdag, slik at me veit kva me skal handla.
Midlar til denne turen får me frå Frifond, så turen vert gratis.
Speidarhelsing
Øystein
17. mai-feiring
Morgontog
1. Leirvik skal også i år, tradisjonen tru, ha ansvar for flaggborga i morgontoget frå Nattrutekaien til Sjukehuset. Alle stiller ved Nordre Kaisving / Bård Haugland-støtta kl 06:45.
07:00 er det musikk/sang før minnetale og kransnedlegging. Så går toget frå kaien, gjennom Borggata, forbi kyrkja og opp Sjukehusvegen. Ved sjukehuset er det sang og musikk v/mannskoret og musikklaget, før arrangementet vert avslutta mellom 07:50 og 08:00. Alle må hentast ved sjukehuset.
Borgartog
I høve 1. Leirviks 100-årsjubileum, ynskjer me å markera ved å delta i borgartoget. Det er laga banner og paroler, funne fram gamle dagars speidaruniformar og anna me skal markera oss med. Håpar mange kan delta på dette, slik at me vert ein stor gjeng i toget.
Møt ved Sport-Treff kl 15:00 for utdeling av utstyr. Dei som har speidardrakt (eller berre sjal) tar dette på i begge toga. Ynskjer også at det vert brukt mørk blå bukse eller mørk blått skjørt til drakten.
Speidarskjorta
Mange har fått ny speidarskjorte og lurar på kvar merka skal syast på. Her er ein fin illustrasjon frå Speiderbasen.
Dei merka me brukar til vanleg er kretsmerke og gruppeband, verdsmerke og forbundsmerke. I tillegg har me gruppemerket til 1. Leirvik over venstre brystlomma. No i jubileumsåret syr me på jubileumsmerket i staden for gruppemerket.
Helga har merke til dei som treng.
Jubileumsfeiring
15. februar i år er 1. Leirvik speidargruppe 100 år. Dette skal me feira på dagen, med stor offisiell fest i Turnhallen, for aktive og gamle medlemmar.
Julatur til Hiskjo
Hugs påmelding til speidarfestivalen!
Endeleg frist for påmelding er tysdag 29. mai. Me må melda på så tidleg fordi kretsen skal ha bindande påmelding.
Speidarfestival 15.-17. juni 2012