1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

TUR TIL HYTTA PÅ SÆVARBU 12.-14. FEBRUAR FOR STORE OG SMÅ

Den fyste turen i år går til speidarhytta, det blir kjekt å komme seg på tur igjen. Det ligg mykje snø på fjellet så da blir aking og skiturar. Det blir fort mørkt og glatt på fjellet så det er viktig at alle har med gode klede og lommelykt. Me skal gå på ski opp til hytta, så ta med om du har!

Småspeidarar:

Tid: Laurdag til sundag

Frammøte: Kraftstasjonen kl 12

Stad: Sævarbu/ lunderstølen

Avslutning: Kraftstasjonen 15

Pris: 100kr.

Utstyr: God og varm sovepose, kniv, ekstra skift med ull, klede til å vera ute (turbukse, vinterbuksa, ullgenser, hua, votter/vanter, buff/hals), klede til å være inne, vintersko (ikkje støvlar!), ski, speidarskjorte, skjerf, litt brus og godteri om du vil. Eit rumpeakebrett om du vill.

Påmelding: ring/SMS innan torsdag 11.02 til Erik, tlf. 41529658 (hugs fullt namn)

Spørsmål: Ring Erik eller Kristoffer (41529658/95522332)

Stifinnarar og Vandrarar:

Tid: fredag til laurdag/sundag

Frammøte: Kraftstasjonen kl 17.00

Stad: Sævarbu/ lunderstølen

Avslutning: Kraftstasjonen kl 15.00

Pris: 200kr.

Utstyr: Sovepose, kniv, ekstra skift med ull, klede til å vera ute og inne, ski,  speidarskjorte, skjerf, litt brus og godteri om du vil.

Påmelding: Ring/SMS innan torsdag 11.02 til Erik, tlf. 41529658 (Hugs fullt namn)

Spørsmål: Ring Erik eller Kristoffer (41529658/95522332)


Kommenter innlegget

Julatur🎅🏻🎄

Då vart grautmøte siste speidarmøte i år. Gruppestyret har tatt den kjedelige beslutninga at me ikkje klarar å gjennomføre bakemøte og julatur for alle på ein smittevernvennleg måte. Me er ei stor gruppe med barn frå dei fleste skulane på Stord, og det vil difor ikkje vere forsvarleg å samle alle desse på tur.

I år har me difor bestemt at det berre vert julatur for dei eldste speidarane våre, patruljane Oter og Vaskebjørn. Desse er ikkje så mange, og er spredt på færre skular. Også håpar me på mange kjekke møter og turar saman med alle til neste år!

Me ynskjer alle ei god jul og eit godt nyttår, og håpar me ser alle igjen til neste år!

Julatur for vandrarar

Tid: Laurdag 5. desember til søndag 6. desember

Frammøte: Skjersholmane ferjekai laurdag kl. 12.10. Dåke skal ta ferja som går 12.25. Leiarane møter dåke på Ranavik. Dåke skal altså ta ferja åleine.

Stad: Halsnøy

Avslutning: Skjersholmane søndag kl.14.45

Pris: 200kr.

Utstyr: Sovepose, kniv, klede til å vera ute og inne, speidarskjorte, skjerf og litt brus og godteri om du vil.

Ta gjerne med eit kjekt spel om du har!

Påmelding: Innan onsdag 02. des til Erik, tlf. 41529658.

Spørsmål: Ring Erik eller Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

Vintertur til Haugastøl

igloFor å få ei (for mange) ny friluftsutfordring vert det vintertur til Haugastøl på Hardangervidda i deler av vinterferien. Sidan reisa det er lang reis, brukar me fyrste delen av vinteferien, frå laurdag 25. feb til onsdag 1. mars.

Me har leigd Norges speidarforbunds store hytte, Solstølen. Turen vert ein kobinasjon av hyttetur og vintertur med overnatting ute. Planen er å få til overnatting i både snøhole og igloo, tur på ski med oppakning, orientering i vinterfjellet ++. Alt er litt væravhengig på vinterfjellet i Noreg, så me tar dei mulighetane som byr seg. Dette vert i alle fall ein tur med nye utfordringar i friluft.

Turen går med bil frå Stord til Bergen og vidare til Haugastøl med tog.

Turen er for alle leiarar, roverar og roveraspirantar (10.de klassingar).

Det er viktig med varme og gode klær på vintertur. Samtidig er det viktig å pakke lett, samt reise i fjellklær for å unngå ekstra vekt i sekken. Ta med klær som kan fungera både i hytte og ute. Me skal være litt i hytte og mykje ute, men det vert mulig å tørke klær i hytta.

VINDTETT ytterlag er viktig.

Strikka votter, brukt inni tynne vindvotter er den einaste kombinasjonen som fungerar når det vert 10-12 kalde grader. Erfaring tilseier at hansker fungerer dårleg (kan være til eit bytte i sekken).

Bruk ull innerst og som mellomlag. Det er lettare å regulera temperaturen med 2 tynne genserar enn 1 tjukk). Som regel er det nok med ein god stillongs under vintett yttertøy når me går, graver snøhole eller andre aktivitetar.

Termos må ein ha med til drikkevatn, slik at vatnet ikkje fryser i løpet av dagen. Vanleg drikkeflaske til å ha på innerlomma (ta ei liten flaske dersom du har).

Når me kjem til Haugastøl er det rett på med ski og bagasje for å gå ca 2km til hytta. Ha klær lett tilgjengelig når me går av toget.

Hugs at det er ein del fellesutstyr som skal fordelast, så det må være ein del ledig plass i sekken.

Tid:     Laurdag 25. feb. – onsdag 01. mars.

Stad: Haugastøl, Hardangervidda

Frammøte: Speidarnaustet, laurdag morgon kl 07.45

Avslutning: Speidarnaustet, onsdag kveld ca kl 22.

Pris: 500 kroner. Dette dekkar reise, mat og hytteleige. Me har mottatt midlar frå Frifond som sponsar deler av turen!

Utstyr:

  • Sovepose varm (dersom du har tynn sovepose kan det være lurt å ha ein til inni, eller eit godt pledd), 
  • Liggeunderlag (tjukk type, meir enn 10mm tjukk, ikkje luft underlag)
  • Grevlingtrekk til soveposen (det kan bli litt fuktig i snøhole, dette beskytter godt).
  • VINDTETTE ytterklær
  • ski, skisko, stavar
  • Gamasjer (visst du har, unngår litt snø i skoen)
  • Vindvotter, strikka/tova ullvotter til å ha inni
  • 2 stillongser, 2 ulltrøyer
  • 2 tynne ullgenserar
  • ekstra lubber
  • 2 huer
  • Kniv
  • Kopp, suppeskål, kniv, skei, gaffel.
  • Tannkost, tannkrem
  • Vannflaske, termos
  • Liten, stiv børste (feks grønnsaksbørste) til å fjerna is/snø fra klær/sko
  • Fotpose (visst du har), til å tre utenpå sko når ein graver i snøen.

Mat: Leiarane tar med mat.

Ta med litt snop, dersom du har lyst.

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99292101, innan tysdag 7. februar.

Spørsmål: Ring Helga


Kommenter innlegget

Vårleg vintertur til Vågslid

Åtte roverar og leiarar reiste til ei hytte på Vågslid 7.–9. mai 2010. Lite snø denne vinteren gjorde at alpinanlegget var stengt allereie, men me hadde det likevel kjekt på bortoverski og akebrett. Strålande sol og plussgrader heile helga!

Foto: Øystein og Gaute.