1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Grautmøte og bakemøte

Grautmøte
Tysdag 29. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken (ved museet). Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye speidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!


Oppmøte ved scenen 17.30 for alle (merk tida!).
Kle deg for å vera ute, og ta med lommelykt eller hovudlykt.
Dei som skal få speidarsjal og knute denne dagen betalar kr 130. Og øv gjerne på speidarløftet på lengre nede i innlegget.


Bakemøte
Siste møtet før jul blir som vanleg bakemøte. Møt på Naustet med forkle, kjevle (helst stor) og peparkakeformer.
Stifinnarar og Vandrarar (6-10 klasse): Måndag 5. desember kl 19-20.30
Småspeidarar (3-5 klasse): Tysdag 6. desember kl 17-18.45


Eigen lapp om julaturen kjem seinare.
NB: Julaturen er flytta fram ein dag frå det som står på kalenderen. Det blir Fredag 9. desember til Laurdag 10. Desember

Speidarløftet
“Eg lovar etter beste evne
å søke mitt livssyn,
hjelpe andre
og leve etter speidarloven.”

Reklame


Kommenter innlegget

Grautmøte i parken

Tysdag 23. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken (ved museet). Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye småspeidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!

Stad                          Vidsteenparken (ved museet)

Frammøte              Oppmøte ved scenen 17.30 for alle (merk tida!).

Utstyr                        Kle deg for å vera ute, og ta gjerne med lykt og/eller hovudlykt! Og speidarar kan gjerne ha på seg speidarskjorte og sjal.

Pris                            For dei utan sjal og knute frå før og som skal få av oss, så kostar det 130kr.

                                    Dei som skal bli tatt opp kan gjerne gi beskjed om dei har sjal og knute eller ikkje til Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

Grautmøte og desmber

Som nokon av dykk kanskje har sett på kalenderen så er det grautmøte tysdag 24. November. Då skal alle speidarane møte saman i parken, der skal me kosa oss med god mat og drikke😋, og ikkje minst nokre kjekke aktivitetar😁. Me skal ha det kjekt ute, så då gjeld det å være godt kledd etter vêret, hovudlykt, refleks og kniv som vanleg 😉 Møtetida for småspeidarar, stifinnarar og vandrarar er kl 17.30 – 19.30.

Grunna situasjonen rundt Korona så er dette grautmøtet berre for speidarane, og ikkje for foreldre som me pleier å gjere til opptaksseremonien for nye og eldre speidarar. Me flytter derfor opptaksseremonien til ein seinare anledning då foreldra kan være med.

Når det gjeld bakemøta og juleturen i desember, så må me sjå desse ann ettersom det kjem nye retningslinjer i desember. Me kjem med ein oppdatering så snart me veit noko meir om dette!


Kommenter innlegget

Vikjomøte

No førstkommende tysdag (10. Nov) er det Vikjomøte, og me ser fram til å sjå speidarane våre igjen 😊 Det er frammøte på framsida av kulturhuset, ved inngangen. Me skal være ute så kle deg godt etter været!😉 For å redusere deling av utstyr så ber me speidarane om å ta med eigen kniv og hovudlykt, og siden det blir fort mørkt er det ekstra viktig med refleks (helst refleksvest)!!

Småspeidarar: Frammøte kl 17.30 ved kulturhuset, avslutning kl 18.45 ved parken

Stifinnarar og vandrarar: Frammøte kl 19 ved kulturhuset, avslutning kl 20.30 ved parken.


Kommenter innlegget

Opptaking/grautmøte 28. november

Tysdag 28. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken (ved museet). Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye speidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!

Oppmøte ved scenen 17.30 for alle (merk tida!).

Kle deg for å vera ute, og ta med lommelykt.

Dei som skal få speidarsjal og knute denne dagen betalar kr 130.


Kommenter innlegget

Info om møte i november-desember

Bømlotur laurdag 14. november

Me skal tilbringa dagen ute i lag med speidarane på Bømlo. Me reiser samla med rutebuss frå Leirvik til Svortland. Hugs påmelding innan onsdag! Sidan me er ute laurdag, har me fri tysdagen etterpå.

Tid: Laurdag 14. november.

Stad: Bømlo.

Frammøte: Leirvik bussterminal kl. 09.00.

Avslutning: Leirvik bussterminal kl. 15.42.

Pris: 50 kr.

Utstyr: Klede til å vera ute heile dagen. Tallerk, kopp, bestikk, niste, drikke.

Påmelding: Til Helga (99292101) innan onsdag.

HUGS FRI 17. NOVEMBER!

(Fordi me var på Bømlo på laurdagen.)

Opptaking og grautmøte 24. november

Tysdag 24. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken. Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye speidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!

Oppmøte ved inngangen til museet kl. 18.00. Merk tida! Me sluttar av kl. 20.00.

Kle deg for å vera ute, og ta med lommelykt.

Bakemøte 1.-2. desember

Ta med pepperkakeformer, så bakar me på Naustet! Dette tek litt lengre tid og litt meir plass enn eit vanleg speidarmøte, så merk tidene:

Småspeidarar: Tysdag kl. 17-19.

Stifinnarar: Tysdag kl. 19-21.

Vandrarar: Onsdag kl. 19-21.


Kommenter innlegget

Grautmøte med opptaking

Det er klart for vårt tradisjonelle grautmøte i Parken tysdag 26. november. Denne gongen vil me dessutan ha opptaking av nye speidarar.

Opptaking er ein litt høgtideleg seremoni der speidarane avlegg speidarløftet og får utdelt speidarsjal. Me markerer også dei som har bytta eining i det siste. Dei avlegg speidarløftet på nytt og får ny einingsmarkering. Dette gjeld dei som har gått frå småspeidar til speidar, eller speidar til rover.

Familiemedlemmer er velkomne til å vera med oss denne dagen. Spesielt kjekt om familiane til dei som skal takast opp kjem!

Som alltid på grautmøtet serverer me graut og saft, og leikar oss i Parken.

Tid: Tysdag 26. november til vanleg tid.
Småspeidarar kl. 17.30–18.45. Stifinnarar og vandrarar kl. 19.00–20.30.

Stad: Parken ved Sunnhordland museum.

Pris: Dei som skal takast opp må ta med 130 kr til sjal, merke og speidarknute.

Spørsmål: Ring Helga (99292101).


Kommenter innlegget

Hausttur i Parken

Det vert overnattingstur i parken for små og store speidarar, helga 25.-27. oktober.

Heile helga skal me overnatta i telt/lavvo og kosa oss. Det vert variert program og aktivitetar.

Vandrarane og stifinnarane er på tur frå fredag til sundag. Småspeidarane frå laurdag til sundag.

Tid:

Fredag 25. oktober til sundag 27. oktober (stifinnar/vandrar).
Laurdag 26. oktober til sundag 27. oktober (småspeidarar)

Stad:

Parken (Sunnhordland museum), Leirvik

Frammøte:

Møt i parken fredag kl 18.30 (stifinnar/vandrar)
Møt i parken laurdag kl 13.00 (småspeidar)

Avslutning:

I parken, sundag 27. oktober kl 15.00

Pris:

150 kroner. Dette dekkar all mat og utstyr som trengs for turen.

Utstyr:

Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, varm genser, hua, hanskar, kniv, lommelykt, bestikk (kniv, gaffel, skei), tallerk, kopp.

Mat:

Dette kjøper leiarane inn felles

Påmelding:

Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein tlf 90092617 innan onsdag 23. oktober.
Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.

Spørsmål:

Ring Helga eller Øystein