1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

17. Mai og Sommarleir

Då nærmer 17. mai seg, og 1. Leirvik er klar til å stille ved Hauglandsparken like ved kaien kl 06.45 i full speidarstas, speidarskjorte og sjal!

Me satsar framleis på at morgontoget får gå i år, og treng derfor så mange stifinnarar og vandrarar til å bera flagg, og sjølvsagt nokre småspeidarar til å marsjere!

Me gjer dykk obs på at ting framleis kan endre seg raskt, så håpar dykk følgjer litt ekstra med fram mot 17. Mai!

Sommarleir for stifinnarar og vandrarar

Det vert ein ‘‘landsleir’’ i sommar, til tross for at me må halde avstand og alle speidarar i Norge ikkje kan delta på same arrangement. For å likevel få til ein kjekk og engasjerande sommar for speidarane, så har NSF laga program og opplegg slik at det skal være mogleg for gruppene å arrangere sine eigne, meir lokale, leirar.

Les meir her: https://agenda2021.no

Me frå 1. Leirvik har jobba saman med Meling speidargruppe og 1. Godvik speidargruppe for å ønsker alle speidarar velkommen til leir, sommaren 2021! Me arbeidar på fullt for å arrangere den beste moglege leirplassen med kjekke aktivitetar og planar. Det blir kanskje ikkje like stort som ein landsleir, men det blir ein leir me ikkje kjem til å gløyme😉Og me håpar at fleist mogleg av speidarane våre vil delta!

Tid: Onsdag 30. juni – sundag 4. juli.
Stad: Bømlo, Lykling.

Pris: 1500/1300kr avhengig av ant. deltakarar

Påmelding: Bindande påmelding innan 20. mai til Erik tlf. 41529658

Spørsmål: SMS/Tlf til Erik (41529658) eller Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

Speidarmøtet tysdag 9. Feb

I løpet av helga så har ei av våre spreke roverar vore ute og speida moglegheitane for å skøyte ute på isen.

Me i 1.Leirvik var enige om at dette ville bli kjempe kjekt for både store og små 😁 Så på tysdag 9. feb skal me stå på skøyter ved Vassenden av Storavatnet. Alle speidarar MÅ kle seg godt, ha på refleksvest og ta med ein hovudlykt/lykt sidan det blir mørkt, alle speidarar som vil ut på isen MÅ også ta med skøyter og hjelm 😉 På land skal me stelle i stand bål, så dei som vil kan også ta med nokre grillpølser og noko varmt og godt i ein termos 😊

Dersom du manglar utstyr kan dette lånast gratis hjå «Bua»,
 https://stord.frivilligsentral.no/hendelse?bua-utlånsentral&Id=212280 . Dei har mykje fint turutstyr til låns, og det er gratis!

For å finne fram så svinger du av Litlabøvegen og inn i Vassenden. Køyr til snuplassen i enden av vegen. Det skal også funke å skrive Vassenden 32 på GPS’en, om du treng det 😉

Det er vanlege møtetider:

  • måspeidarar (3.–5. klasse), tysdagar 17.30–18.45
  • Stifinnarar (6.–7. klasse), tysdagar 19.00–20.30
  • Vandrarar (8.–10. klasse),tysdagar 19.00–20.30

Dersom du lurar på noko så er det berre til å kontakte oss 😊


Kommenter innlegget

Stifinnarar: Hike til fjells våren 2012

No er det tid for å ta opp noko som var ein tradisjon i 1. Leirvik i mange år. Hike til fjells om våren.
Dette kan nok kallast vårens vakraste eventyr.

Her skal me gå til fjells og overnatta i gapahuk undervegs. Me overnattar der me føler for, når dagen
er slutt. Litt etter vær og vind kan planen endra seg undervegs. Utganspunktet er at me startar i
Vatnadalen, går langs Ravatnet mot Tysevatnet og Vaulane.

Dette er ein tur for speidarane våre. Dei ordnar sjølv med orientering, mat og overnattingsplass
undervegs. Leiarar følgjer med, men lagar sin eigen overnattingsplass i passeleg avstand frå
speidarane.