1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Minner om oppmøte i Låndåsen på Tysdag

Tysdag 6. september skal me ha møte i Landåsen, då skal speidarane få bruke alt dei har lært om orientering. Og kven veit, kanskje ‘’X markerer stedet’’ .

Me skal være ute heile speidarmøtet, så kle deg godt etter vêret! Og hugs at det alltid er betre med litt for mykje enn litt for lite. Det kan være lurt å ha med seg ein liten sekk med ein speidarkniv, ei vassflaske, ei lykt og godt humør!

Oppmøte blir til vanlege tider, berre ved starten av Landåsen på Vabakkjen.

  • Småspeidarar (3.–5. klasse) 17.30–18.45
  • Stifinnar/Vandrar (6.–10. klasse) 19.00–20.30

Spørsmål: Ring/SMS til Kristoffer S. (95522332)


Kommenter innlegget

Møte i Landåsen

Me ville minne speidarar og føresette på om å sjekke kalenderen, som dykk kanskje ser der så skal me være i Landåsen imorgon.

Det kan derfor være lurt å kle seg for å være ute!

Me har frammøte ved inngangen til Landåsen på Vabakkjen, men me har også ein leiar ved naustet som tar imot speidarar som ikkje fekk oppdateringa med seg 😉.


Kommenter innlegget

Dagstur i Landåsen

Då har sola endeleg kome fram, og det byrjar å bli vår☀️. Me tar derfor og nyter anledningen ved å arrangere ein dagstur for alle speidarane våre! Mat, lek og moro står på menyen.

Det blir frammøte laurdag 12. mars ved Landåsen på Vabakkjen kl 11.00, og varer til kl 15.

Turen er gratis, og det er berre til å møte opp om du vil være med.

Må være kledd for å være ute!

Av utstyr er det greit å ha med ein liten sekk/tursekk med ein kniv, vassflaska, sitteunderlag og ein hua & buff ein kan ta på om det blir litt kaldt.

Leiarane tar med mat, men du må gjerne ta med ein liten termos med noko godt å drikke om du vil.


Kommenter innlegget

Hausttur i Landåsen

Det vert dagstur for små og store speidarar, roverar og leiarar i 1. Leirvik, laurdag 1. november.

Turen vert i Landåsen. Her vert det diverse aktivitetar og litt matlaging. Ta med grillmat. Ta gjerne med noko til varm drikka (rett i koppen / te / toddy el). Varmt vatn fiksar me i skogen. Me vert ute heile tida. Ha på deg klær som passar til været! Ta gjerne med litt ekstra klær i sekken, dersom det vert kaldt.

Tid: Laurdag 1. november kl 11 – kl 15.

Stad: Landåsen

Frammøte: Inngangen til Landåsen, Vabakkjen kl 11

Avslutning: Inngangen til Landåsen, Vabakkjen kl 15

Pris: Gratis

Utstyr: Grillmat, drikka, og litt ekstra klær. Dei som har, kan ta med kompass og kniv.

Mat: Dette ordnar leiarane for heile helga. Ta med litt snop, dersom du har lyst.

Påmelding: Ingen, møt opp.

Spørsmål: Ring Helga 99 29 21 01, eller Øystein 90 09 26 17