1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Hausthaik 2020 (Stifinnarar og Vandrarar)

Då var det klart for haustens første tur! Denne gongen vel me å starte rett på hausthaiken. Ein haik er ein tur der speidarane skal gå ei rute, overnatte ute og klare seg mest mogleg sjølv. Dette er ein super måte å bli betre kjent med både seg sjølv og andre på!  Stifinnarane (6-7. klasse) går saman med leiarane, medan vandrarane (8-10. klasse) går ei sjølvvalt rute saman med patruljen sin, utan leiarar. Vandrarane får tid til å planlegge turen sin tysdag 8. august, så det er fint om dei fleste har gjort seg opp ei meining om dei skal vere med eller ikkje til då! Denne lappen gjeld difor hovudsakleg for stifinnarane.

På ein slik tur er det veldig viktig at sekken er godt pakka, at alt får plass OPPI sekken og at speidaren kan bere den sjølv! Det er ikkje behagelig å gå med posar dinglande på utsida, og me skal gå eit godt stykke. Speidarane må pakke sekken sjølv slik at dei veit kva dei har med seg og kvar det ligg! På Stordafjellet er det mykje myr, så hugs høge, vasstette fjellsko!

Dersom du manglar utstyr kan dette lånast gratis hjå «Bua»,
 https://stord.frivilligsentral.no/hendelse?bua-utlånsentral&Id=212280 . Dei har mykje fint turutstyr til låns, og det er gratis.

OBS! Det vert ikkje fri på tysdagen etter denne turen (Sjå kalender)

Tid:                     Fredag 11.- sundag 13. september

Stad:                  Stordafjellet. Stifinnarane skal gå frå Rydlandssago til hytta på Sævarbu.

Frammøte:       Parkeringsplassen rett etter rydlandssago. Den ligg ved riksveg 545, på høgre sida av vegen. Kl.17 (Gjeld berre stifinnarane!)

Avslutning:      Kraftstasjonen, Lundarstølen kl. 15 (Gjeld alle)

Pris:                   150kr, dette dekkar mat, utstyr og overnatting. (Vandrarane handlar inn sjølv og avtaler seg i mellom)

Utstyr:               Sovepose, liggeunderlag, tallerk, kniv/skei/gaffel, kopp,, drikkeflaske, hovudlykt/lommelykt, regnklede, varm genser, ekstra stillongs, ekstra ullundertrøye, 2 ekstra ullsokkepar, varmt tørt skifte i sekken, fjellsko, vottar/hanskar, hua, kniv, ei lita fiskestong om du har lyst.

Mat:                    Leiarane ordnar all mat til stifinnarane. Vandrarane planlegg sjølv. Ta med litt snop/chips om du har lyst, men hugs at du må bære det sjølv.

Påmelding:      Innan onsdag 9. September til Erik, tlf. 41529658

Spørsmål:        Ring/SMS Erik (41529658)

Vandrarar: Turen til dei eldre speidarane vert ferdig planlagt av patruljane sjølv neste speidarmøte (8. September)

Reklame


Kommenter innlegget

Hike våren 2013

haik
I fjor tok me oppatt ein gamal tradisjon i 1. Leirvik, med hike til fjells om våren. Dette kan nok kallast vårens vakraste eventyr.

I år er det nyleg komt nysnø i fjellet. For å unngå den, skal me ikkje opp i høgda og overnatta. Men på tur skal me uansett. Overnatting vert det i gapahuk undervegs. Me overnattar der me føler for, når dagen er slutt. Litt etter vær og vind endrar planen seg undervegs. Utgangspunktet er at me startar på Litlabø og endar opp på kraftstasjonen på Lundarstølen.

Dette er ein tur for speidarane (stifinnar og vandrar) våre. Dei ordnar sjølv med orientering, mat og overnattingsplass undervegs. Leiarar følgjer med, men lagar sin eigen overnattingsplass i passeleg avstand frå speidarane.

Tid:     Fredag 3. mai til sundag 5. mai.

Stad: Stordskogane

Frammøte: På Litlabø v/heishuset, fredag 3. mai kl 18.00

Avslutning: Kl 15.00 sundag. Gir nærmare beskjed om stad, sundag formiddag. Alt etter korleis turen går.

Pris: 100 kroner.

Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, regnklede, støvlar/gode fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hansker, kniv, lommelykt, kniv/gaffel/skei, kopp og tallerk.


leir

 

Mat: Ta med niste til heile laurdag. Leiarane ordnar varmt måltid fredag kveld + laurdag kveld og heile sundag.

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein 90092617 i løpet av onsdag 1. mai

Spørsmål: Ring Helga eller Øystein.


Kommenter innlegget

Stifinnarar: Hike til fjells våren 2012

No er det tid for å ta opp noko som var ein tradisjon i 1. Leirvik i mange år. Hike til fjells om våren.
Dette kan nok kallast vårens vakraste eventyr.

Her skal me gå til fjells og overnatta i gapahuk undervegs. Me overnattar der me føler for, når dagen
er slutt. Litt etter vær og vind kan planen endra seg undervegs. Utganspunktet er at me startar i
Vatnadalen, går langs Ravatnet mot Tysevatnet og Vaulane.

Dette er ein tur for speidarane våre. Dei ordnar sjølv med orientering, mat og overnattingsplass
undervegs. Leiarar følgjer med, men lagar sin eigen overnattingsplass i passeleg avstand frå
speidarane.


Kommenter innlegget

Speidarfoto 1993–2004

Til den høgst uregelmessige serien «Det låg no på naustet og slang» har eg i dag funne eit litt nyare fotoalbum enn sist gong. Her er det bilete frå landsleiren på Eidskog i 1993, kretsleiren på Huglo i 1999, hausthaiken i 2004 og litt andre turar innimellom.