1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Speidaraksjonen 2022

Tysdag neste veke blir eit møte utanom det vanlege, då skal speidarane endeleg få lov å gå ut med bøsser for å samle inn pengar til speidaraksjonen! Då skal store og små ha møte samstundes, det skal være litt lengre enn vanleg, og me avsluttar sjølvsagt med litt kos og mat med dei som deltek!

Så sei ifrå til føresatte, søsken, tantar, onklar, besteforeldre og naboar, me anbefaler å legge av nokre kontantar! Samle inn tomflasker til panting, sel noko du ikkje treng lenger, gjer litt ekstra husarbeid for slekta, alt hjelper!

Les gjerne meir om speidaraksjonen her: https://speiding.no/aksjon/#Dette-er-Speideraksjonen-261

Tid: Tysdag 23. April kl 17.30-20.00
På Leirvik skule.

Utstyr Speidardrakt for dei som har (skjorte og sjal), og klede etter vêret då me skal være mykje ute.

Avmelding Gi gjerne ein lyd til Kristoffer om du veit at du ikkje kjem.

Spørsmål Tlf/SMS til Kristoffer (95522332)

Reklame


Kommenter innlegget

Info, Våren 2017

Påskemøte, tysdag 4. april

Merk: Dette møtet vert i Prestagardsskogen. Me skal være i minigolf huset.

Vanlege møtetider. Kalender vert oppdatert på nett.

 

Speidaraksjonen 2017, tysdag 18. april

Merk: endra møtetider, alle møter 17:00 – 20:00. Kalender vert oppdatert på nett.

 

Landsleir 2017,  Bodø

Flybillettar er bestilt. Satsar på å få tak i billege billettar med NSB, når dette salget starter (tidlegast 90 dager før avreise).

Pris for landsleir er 2600,- kr. Reisa kjem på 2400,- tur / retur.

Dette betyr at totalprisen vert 5000,- for leirdeltaking samt reise tur / retur.

 

5000,- for landsleir, samt reise, betalast til:

1. Leirvik speidargruppes konto nr 3520 50 45722, innan 10. april.

Merk med speidarens navn.