1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Foreldremøte og Blåtur for vandrarar

Me i 1. Leirvik speidargruppe ynskjer foreldre til både nye og gamle speidarar velkommen til eit kort og enkelt foreldremøte måndag 18. okt kl 18.00.

Me vil snakke litt om diverse ting, t.d. klede, utstyr, speidarmøtene, turar og leirar. Og sjølvsagt kan dykk kome med eventuelle spørsmål dykk kanskje har.

Foreldre til småspeidarar, stifinnarar, vandrarar og nye roverar er velkomne!

– Speidarhilsen Kristoffer Spissøy.

Tlf: 95522332

.

Blåtur 2021 for vandrarar

Er du klar for årets mysterietur? Då burde du bli med på årets blåtur! Kvar skal me? Kva er  opplegget? Berre nokre få veit, men du finner ut av det undervegs . Men det me kan love deg er at denne turen kjem du ikkje til å gløyme med det første!

 

Tid:                           22.-24. Oktober

 

Stad                          Ja det finner du ut av etter kvart 

 

Frammøte              Ved speidarnaustet, fredag kl 16.30. Møt med sykkel og hjelm!

 

Avslutning             Ved speidarnaustet, sundag kl 16.00

 

Pris                           300kr, dette dekker mat og alt av opplegg.

 

Utstyr Det er viktig at du har med alt på lista

Sovepose, liggeunderlag, redningsvest, regnklede, ullundertøy, støvlar, symjebriller, badeklede, håndkle, pass eller anna gyldig ID, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, kortstokk, hua, kniv, lommelykt, bestikk (kniv/gaffel/skei), kopp og djup tallerk, ein kosebamse, Ein rosa blyant/penn/tusj (med rosa farge), mobil. Litt lommepengar.

 

Mat Dette fiksar leiarane, men litt laurdagsgodt til kos rundt bålet er lov.

 

Påmelding              Tlf/SMS til Kristoffer Spissøy (95522332) innan Tysdag 19. oktober. Hugs fullt namn!

 

Spørsmål Tlf/SMS til Kristoffer Spissøy (95522332)

Reklame


Kommenter innlegget

Blåtur

8.-11. november er det tid for den tradisjonelle blåturen, for vandrar, roverar og leiarar i 1. Leirvik.

Turen går, også i år – ut i det blå!

Kanskje over fjord – eller under eit fjell, fort eller seint….. dette er det få som veit.

Det som er heilt sikkert, er at det blir ein speidartur utanom det vanlege. Her bør alle vera med, for dette vil du ikkje gå glipp av.

Det vert nokre utfordringar, nokre overraskingar, uvanlege aktivitetar og litt av det me alltid gjer.

 

Tid:     Fredag 9. november til sundag 11. november

Stad: Tjaa… Nokre få veit.

Frammøte: Parkeringsplassen på Nautøyo, rett før Bømlabruo, fredag kl 17.

Avslutning: Speidarnaustet, sundag kl  15

Pris: 300 kr (sidan det er litt aktivitetar som kostar litt ekstra)  

Utstyr: Sovepose, tallerk, kniv/skei/gaffel, kopp, hovudlykt, regnklede, støvlar,varmt tørt skift, stillongs, badetøy, badehandkle, vottar/hanskar, lekespade+lekebøtta, hua, kniv.

Mat: Dette ordnar leiarane.

Påmelding: Til Helga innan sundag 28. oktober på telefon 99 29 21 01. MERK: Tidleg frist, sidan det er litt ekstra planlegging kring ein slik tur.

Spørsmål: Ring Helga 99 29 21 01

 

Speidarhelsing,
leiarane


Kommenter innlegget

Bilete frå blåturen

Vandrarane blei sende på blåtur i helga. Først på sykkel, men det var berre lureri. Deretter i båt, men det var berre til forvirring, det òg. Så møtte Gaute, Hogne og Vebjørn vandrarane med bil og køyrde til Bergen. Der var det klart for ei lita byvandring på eiga hand. Første posten var den blå steinen, der oppgåva var å ta bilete av patruljen med mobilen og senda tilbake for å få neste post. Les meir