1. Leirvik speidargruppe

Bilete frå blåturen

Kommenter innlegget

Vandrarane blei sende på blåtur i helga. Først på sykkel, men det var berre lureri. Deretter i båt, men det var berre til forvirring, det òg. Så møtte Gaute, Hogne og Vebjørn vandrarane med bil og køyrde til Bergen. Der var det klart for ei lita byvandring på eiga hand. Første posten var den blå steinen, der oppgåva var å ta bilete av patruljen med mobilen og senda tilbake for å få neste post.

Fint på Flyen fredag kveld.

Fint på Flyen fredag kveld.

Etterpå gjekk turen med Fløybanen til lavvo og bål på Fløysletten. På laurdagen var det klart for ein ny runde i sentrum, før siste etappe med bussen til Loddefjord. Der venta leiarane med badetøy som foreldra hadde hjelpt oss å smugla med. Så blei det bading på Vannkanten i nokre timar.

Laurdagskvelden blei avslutta på speidarhytta til Os Kolskogen. Der laga me nordlandskaker og blautkake og kosa oss.

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s