Me i 1. Leirvik speidargruppe ynskjer foreldre til både nye og gamle speidarar velkommen til eit kort og enkelt foreldremøte måndag 18. okt kl 18.00.
Me vil snakke litt om diverse ting, t.d. klede, utstyr, speidarmøtene, turar og leirar. Og sjølvsagt kan dykk kome med eventuelle spørsmål dykk kanskje har.
Foreldre til småspeidarar, stifinnarar, vandrarar og nye roverar er velkomne!
– Speidarhilsen Kristoffer Spissøy.
Tlf: 95522332
.
Blåtur 2021 for vandrarar
Er du klar for årets mysterietur? Då burde du bli med på årets blåtur! Kvar skal me? Kva er opplegget? Berre nokre få veit, men du finner ut av det undervegs . Men det me kan love deg er at denne turen kjem du ikkje til å gløyme med det første!
Tid: 22.-24. Oktober
Stad Ja det finner du ut av etter kvart
Frammøte Ved speidarnaustet, fredag kl 16.30. Møt med sykkel og hjelm!
Avslutning Ved speidarnaustet, sundag kl 16.00
Pris 300kr, dette dekker mat og alt av opplegg.
Utstyr Det er viktig at du har med alt på lista
Sovepose, liggeunderlag, redningsvest, regnklede, ullundertøy, støvlar, symjebriller, badeklede, håndkle, pass eller anna gyldig ID, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, kortstokk, hua, kniv, lommelykt, bestikk (kniv/gaffel/skei), kopp og djup tallerk, ein kosebamse, Ein rosa blyant/penn/tusj (med rosa farge), mobil. Litt lommepengar.
Mat Dette fiksar leiarane, men litt laurdagsgodt til kos rundt bålet er lov.
Påmelding Tlf/SMS til Kristoffer Spissøy (95522332) innan Tysdag 19. oktober. Hugs fullt namn!
Spørsmål Tlf/SMS til Kristoffer Spissøy (95522332)