1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Ei lita oppdatering om oppstart

Då var det på tide med nok ein oppdatering, og me håpar alle har holdt seg friske sidan sist 😊 Idag står de på kalenderen at me skal ha Vikjomøte, men me holder framleis stengt for idag. Me flytter derfor Vikjomøte til då me startar att igjen neste tysdag (10. Nov) 😁

Me kjem ut med litt meir spesifikke detaljer om Vikjomøte iløpet av helga, så det er berre til å følgje med!!

Grunna nokre nye smittevernregler så skal me prøve å være ute så mykje som mogleg for å kunne halde betre avstand i møtene resten av året. Me vil også minne på at om du har forkjølelsessymptomer, andre symptom på luftveisinfeksjoner eller er i karantene så må du halde deg heima 😷 Om du er usikker så kan du alltids ta kontakt og spørje oss 😉 Me svarar så godt me kan!

Reklame


Kommenter innlegget

Ei lita oppdatering kring korona

Grunna situasjonen med lokal smitte og nye retningslinjer så har me i 1. Leirvik vurdert at det er mest forsvarleg å avlyse speidarmøtet imorgon 27. Oktober. Me tar nye råd frå kommunen i vurdering fortløpande etterkvart som dei kjem, i dei kommande vekene skal me vurdere om me kan starte att igjen. Anbefaler derfor alle å følgje med på Facebook,- og heimesida vår (skru gjerne på varslinger for innlegg for å få med deg oppdateringer). I mellomtida håper me alle holder seg friske og raske 😊 Bruk gjerne tysdagskvelden til ein skogs/fjelltur istadenfor 😉