Då var det på tide med nok ein oppdatering, og me håpar alle har holdt seg friske sidan sist 😊 Idag står de på kalenderen at me skal ha Vikjomøte, men me holder framleis stengt for idag. Me flytter derfor Vikjomøte til då me startar att igjen neste tysdag (10. Nov) 😁
Me kjem ut med litt meir spesifikke detaljer om Vikjomøte iløpet av helga, så det er berre til å følgje med!!
Grunna nokre nye smittevernregler så skal me prøve å være ute så mykje som mogleg for å kunne halde betre avstand i møtene resten av året. Me vil også minne på at om du har forkjølelsessymptomer, andre symptom på luftveisinfeksjoner eller er i karantene så må du halde deg heima 😷 Om du er usikker så kan du alltids ta kontakt og spørje oss 😉 Me svarar så godt me kan!