1. Leirvik speidargruppe


Småspeidartur til Sævarbu

Årets fyrste småspeidartur går til hytta vår på Sævarbu. Denne gongen blir temaet bål, og matlaging på bål. Me skal vere mykje ute, så difor er det viktig at dykk har med gode og vanntette klede. Og hugs bestikk og fat 😉

I utgongspunktet vert det overnatting inne i hytta, men dersom nokon har lyst er det moglegheit for å sove ute. Det er då viktig at du har med deg ein god og varm sovepose og eit liggeunderlag som er minst 10mm. Dersom du manglar utstyr kan dette lånast gratis hjå «Bua», https://stord.frivilligsentral.no/hendelse?bua-utlånsentral&Id=212280 . Dei har mykje fint turutstyr til låns, og det er gratis. Det er viktig at alle har med utstyret som står på utstyrslista. Ikkje pakk mykje ekstra utstyr, sidan du må bæra sekken din sjølv. Du bør ha ein ryggsekk som er stor nok til å ha alt utstyret oppi. Det er ubehageleg å gå med ein sekk med mykje posar og utstyr dinglande utanpå. Dersom du ikkje har sekk, lån ein på Bua!

OBS! Området utanfor hytta er veldig vått og det er mykje myr. På denne turen skal me ikkje gå så mykje, og me anbefalar difor å gå med støvlar, eller eventuelt høge, vasstette fjellsko. Låge/vanlege goretx-sko er ubrukelege for vatnet går over skoa!!

Tid:                     Laurdag 15.- sundag 16. februar

Stad:                   Speidarhytta på Sævarbu. Ca 20-30 min å gå frå kraftstasjonen.

Frammøte:        Kraftstasjonen, Lundarstølen Laurdag kl. 12

Avslutning:       Kraftstasjonen, Lundarstølen Sundag kl. 15

Pris:                   150kr, dette dekkar mat, utstyr og overnatting

Utstyr:                Sovepose, liggeunderlag, tallerk, kniv/skei/gaffel, kopp,, drikkeflaske, hovudlykt/lommelykt, regnklede, varm genser, ekstra stillongs, ekstra ullundertrøye, 2 ekstra ullsokkepar, varmt tørt skifte i sekken, støvlar/fjellsko, vottar/hanskar, hua, kniv.

Mat: Leiarane ordnar all mat. Ta med litt brus(max 0,5l) og litt snop/chips om du har lyst.

Påmelding: Innan torsdag 13. Februar til Erik, tlf. 41529658

Spørsmål: Ring Erik (41529658)

Reklame


Vinterhaik, stifinnerar og vandrarar

Så er det tid for vinterhaik for stifinnarane og vandrarane.

Turen går frå Vad, men overnattingssplassane blir bestemmt av dei som går haiken. Det er mogelegheit for å sove i speidarhytta andre natta.

Det er fremdeles vinter, så godt utstyr er viktig. Det viktigaste, for å halda seg varm gjennom natta, er at alle har ein god varm sovepose (bør væra berekna for nokre minusgrader) og godt liggeunderlag (minst 10 mm tjukt, to tynne oppå kvarandre kan også funke). Dersom du manglar utstyr kan dette lånast gratis hjå «Bua», https://stord.frivilligsentral.no/hendelse?bua-utlånsentral&Id=212280 . Dei har mykje fint turutstyr til låns, og det er gratis.

Det er viktig at alle har med utstyret som står på utstyrslista. Ikkje pakk mykje ekstra utstyr, sidan du må bæra sekken din sjølv og må ha plass til fellesutstyr

Du må ha ein ryggsekk som er stor nok til å ha alt utstyret oppi. Det kan ikkje henga masse utstyr å dingla i posar utanpå sekken. Dette er veldig ubehagelig i lengda. Dersom du ikkje har sekk, lån ein på Bua!

Det er lurt å pakka Sovepose/utstyr /klær i bæreposar/noko som er vanntett, oppi ryggsekken, slik at det held seg tørt. Bruk f.eks ein søppesekk til soveposen!

Det er ein del myr i området me skal gå gjennom. Støvlar funker bra til myr og kan brukast, godt impregnerte høge fjellsko er best egna til slike turar. Lave/vanlege goretex sko er UBRUKELIG, sidan myra nokre plassar er så djup at vatnet går over skoa!

Tid:                                Fredag 7. – søndag 9. februar.

Frammøte:                    På Vad (siste avkjøring til venstre før du kjem til Fjellgardane (frå Ådlandsvatnet)

                                          Fredag kl 17.

Avslutning:                   Ved kraftstasjonen, Lundarstøl, søndag kl 15.

Pris:                                 150 kr, dette dekkar felles varme måltid, samt litt fellesutstyr.

Utstyr:                             Sovepose (God og varm), liggeunderlag (minst 10 mm tjukt), tallerk, kniv/skei/gaffel, kopp, hovudlykt/lommelykt, regnklede, varm genser, ekstra stillongs (2 stk), ekstra ullundertrøye (2 stk), 2 ekstra ullsokkepar, varmt tørt skifte i sekken, vottar/hanskar, hua, kniv. Eit ekstra par fjellsko/støvlar er valgfritt.

Mat:                                 Maten er blitt bestemt av dei som skal på haik sjølv, men blir handla inn av leiarane.

Påmelding:                   Innan torsdag 6. februar til Erik, tlf . 41599658

Spørsmål:                      Ring/SMS Erik (41599658) eller Kristoffer (95522332)

Speidarhelsing frå Leiarane


Kommenter innlegget

Oppstart

Godt nyttår til foreldre og speidarar store og små! Me ser fram til å sjå kjente og ukjente fjes i det nye speidaråret 2020, me gleder oss til mange kjekke turar og arrangement i det kommande året. Me startar det nye speidaråret den 7. Januar til vanlege møtetider.

Og til dei som har gløymd når møtene er, så står det her 😉

Småspeidarar (3.–5. klasse), tysdagar 17.30–18.45

Stifinnarar (6.–7. klasse), tysdagar 19.00–20.30

Vandrarar (8.–10. klasse),tysdagar 19.00–20.30


Grautmøte og Bakemøte

Opptaking/grautmøte 26. november

Tysdag 26. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken (ved museet). Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye speidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!

Oppmøte ved scenen 17.30 for alle (merk tida!).

Kle deg for å vera ute, og ta med lommelykt eller hovudlykt.

Dei som skal få speidarsjal og knute denne dagen betalar kr 130.

Bakemøte

Siste møtet før jul blir som vanleg bakemøte. Møt på Naustet med forkle, kjevle (helst stor) og peparkakeformer.

Vandrarar (8-10 klasse): Måndag 2. desember kl 19

Småspeidarar (3-5 klasse): Tysdag 3. desember kl 17

Stifinnarar (6-7 klasse): Tysdag 3. desember kl 19

Eigen lapp om julaturen kjem seinare.


Kommenter innlegget

Blåtur

Er du klar for årets kulaste tur? Då er det berre til å melda seg på blåtur! Kvar turen går og kva programet består av, er det berre nokre få utvalde som veit. Me reiser plasser der me ikkje har vært før og programet vert spesielt. Noko som er heilt sikkert, er at denne turen må du ikkje gå glipp av.

Denne turen er for vandrarane i 1. Leirvik

Tid: Fredag 15. november til sundag 17. november.

Stad: Ja, det er det ikkje mange som veit!

Oppmøte: Ved speidarnaustet, fredag kl 15.30. Møt med sykkel og hjelm!

Avslutning: Leirvik terminal, sundag kl 16.00

Transport: Det ordnare seg….

Pris: 300 kroner. Dette dekkar mat og alt opplegg som skjer i løpet av helga.

Utstyr: Det er viktig at du har med alt på lista

Sovepose, liggeunderlag, redningsvest, regnklede, ullundertøy, støvlar, symjebriller, pass eller anna gyldig ID, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, kortstokk, hua, kniv, lommelykt, bestikk (kniv/gaffel/skei), kopp og djup tallerk, ein kosebamse, ein rosa penn (med rosa blekk), mobil

Mat: Dette ordnar leiarane med. Ta med litt snop, dersom du har lyst.

Påmelding: Til Erik på tlf 41529658 innan Tysdag 12. novmeber. Alle som skal være med av vandrarar, roverar og leiarar må melde seg på!

Spørsmål: Ring Erik


Kommenter innlegget

Dagstur for Småspeidarar og hausthaik for stifinnarar og vandrarar

Småspeidarar

Då er tiden kommet for ein god gamaldags dagstur for våre kjære Småspeidarar. Og som naturglade speidarar skal me sjølvsagt gå eit lite stykke 🙂 Me skal ha det kjekt og kose oss oppe på fjellet nokre timar før me trasker vegen tilbake att.

Oppmøte: Søndag 27.okt kl 10.30 ved kraftstasjonen.

Avslutning: Søndag 27.okt kl 15.30 ved kraftstasjonen.

Utstyr: Kniv, vassflaske og sitteunderlag. Om dykk har ein liten dagstursekk/sekk eller magetaske så kan det være lurt til å ha ting i.

Bekledning: Me skal være ute, så her det viktig at ein klær seg varmt og godt etter vêret. Det er oktober så hua, gode sko og kanskje eit par vottar/hanskar er eit must!

Pris: Denne dagsturen kostar ingenting.

Mat: Blir servert god og enkel turmat oppe på fjellet, men det er lov å ta med seg ein smule fjellknask (Ein nøtteblanding, kvikklunsj eller litt frukt).

Påmelding: Ring/SMS til Erik B. (41529658) innen tysdag 22. Oktober.

Spørsmål: Ring/SMS til Erik B. (41529658) eller til Kristoffer S. (95522332)

Stifinnarar og vandrarar

Då er tiden kommet for ein god gamaldags hausthaik for våre spreke stifinnarar og vandrarar. Turen startar på Sæterbø, men akkurat kvar ruta går får speidarane vete når dei skal planlegge haiken på neste speidarmøte. Det skal være kjekt og spennande, så rutene er passe lang og passer fint for både Stifinnar og vandrar 

No på hausten blir det fort kaldt om natta, så det er viktig med ein god sovepose og godt liggeunderlag (minst 10mm tjukk) Ullundertøy kan være lurt å sove i, ein kan heller ta av seg eit plagg om ein klarer å bli for varm.

Siden det er hausthaik er det viktig å hugsa at ein berre får med seg det ein klarer å bære sjølv. Så ein sekk med nok plass er lurt å ha, ikkje pakk mykje ekstrautstyr då du også skal ha plass til noko av fellesutsyret til patruljen. Tips: Ikkje pakk sekken med mykje dinglande i posar på utsida, dette vert fort ubehagelig i lengda.

Om du mangler utstyr som god sovepose, liggeunderlag, stor nok sekk eller noko annet så kan dette lånast gratis hjå «Bua», https://stord.frivilligsentral.no/hendelse?bua-utlånsentral&Id=212280. Dei har mykje fint turutstyr til låns, gratis er det også!

Tips til å pakke sekken: Pakk sekken sjølv! Foreldre må gjerne hjelpe å finne alt på utstyrslista, men pakk det sjølv så du veit kvar det er. Pakk klær og slikt i noko vanntett, bæreposer og tørrposer funker svært bra til dette. Soveposen bør legges i ein bossekk!

Goretex sko er ubrukeleg dersom me kjem over litt myr, støvlar funker bra til myr og kan brukast. Godt impregnerte høge fjellsko er best egna til slike turar.

Tid: 25.-27. Oktober

Frammøte: Fredag 25. Oktober kl 16.30 ved sæterbø. Veibeskrivelse: Køyr RV545, vestsida av Stord mot Fitjar. Rett før Rydland (gamal Jokerbutikk) ta til høgre.

Avslutning: Søndag 27. Oktober kl 13 (+/- 10min) ved kraftstasjonen

Pris: 50kr

Utstyr: God sovepose (bør tåle nokre få minus), godt liggeunderlag, ullundertøy (2 sett anbefales), ekstra lubbar, godt og tørt skifte i sekken, varm genser, hua, vottar/hanskar, regnklede, kniv, lommelykt/hovudlykt, grevling (om du har), fat, kopp, bestikk,

Mat: Speidarane planlegger sjølv kva dei vil ha av mat denne turen, dei må også få tak i maten sjølv. Litt fjellknask for motivasjonen hjelper, t.d. Nøtteblanding, kvikklunsj eller frukt.

Påmelding: Ring/SMS til Erik B. (41529658) innen tysdag 22. Oktober

Spørsmål: Ring/SMS til Erik B. (41529658) eller til Kristoffer S. (95522332)


CISV Norway Sunnhordland – Femkamp for miljøet

Me er blitt invitert til å bli med å feire FNs internasjonale dag for fred den 21. September

Årets markering blir ein uhøgtidleg femkamp i venskapleg ånd.

Saman vil me rette fokus på korleis me alle kan vere med på å gjere ein skilnad, og feire vår eigen fridom gjennom leik og moro. Femkampen passar like godt for barn som for vaksne. 

Me i 1. Leirvik stiller ikkje med organisert lag, men inviterer alle speidarar til å møte opp. Må gjerne ta med familien, det passer for alle, alt frå små barn og heilt til tippoldeforeldre 😉

Feiringa skjer laurdag 21. Sept. Kl 13-15. Femkampen fin stad på uteområdet framfor kulturhuset.


Kommenter innlegget

Velkommen tilbake!

Då er nok ein sommareferie forbi☀️, og me gler oss til å sjå nye og gamle speidarar igjen til eit nytt speidarår😊

Me startar nere på naustet den 27. August med litt kos og mat rundt bålet🔥🌭

Og ein liten påminning for når dei ulike møtetidene er 😉

Småspeidarar (3.–5. klasse), tysdagar 17.30–18.45

Stifinnarar (6.–7. klasse), tysdagar 19.00–20.30

Vandrarar (8.–10. klasse),tysdagar 19.00–20.30


Kommenter innlegget

Pakkelista til Kretsleir 2019

Pakk sekken din sjølv så du vet at du har med deg alt du treng, og kvar det ligg I sekken.

HUSK Å MERKE UTSTYRET DITT!! Blir fort litt rot med kven som eiger kva når det ikkje er namn på ting.

Oppmøte på naustet kl 07.30 laurdag 29. Avreise kl 08.00

Heimkomst nede ved naustet laurdag 6. Juli kl 17.30

Dette har du på / med deg

• Sovepose

• Liggeunderlag

• Vindtett jakke

• Ullundertøy

• Ullsokker, tynne og tjukke

• Skift: bukse, genser/skjorte, undertøy, sokker

• Gode sko

• Regntøy/støvler

• sko og klær til alle slags vêr

• Tjukk genser

• Lue og votter (kan fort bli kaldt)

• Sittunderlag/stol

• Toalettsaker

• Badetøy og håndkle (hvis du tror du vil bade)

• Kopp

• Tallerken

• Bestikk

• Kniv

• Speidar skjorte

• Skjerf og knute (har vi på oss)

• Hodelykt/lommelykt

• Drikkeflaske

• Solkrem og myggmiddel

• Eit skift klær som kan bli godt skittent

• Kostyme til markedsdag (Steinalder)

• Eit lite kamera? (Valgfritt)

Me vil ikkje at speidarane har med seg mobil, leiarane har mobil om det er noko. På større leirer er det større fare for å rote mobiler vekk og den slags type ting, me tar nemlig ikkje ansvar om dette skjer.

Spørsmål: Ring/SMS Kristoffer (95522332), Helga (99292101), Anne Merete (98851109)


Kommenter innlegget

Stifinnarar og vandrarar

Til dei som held på med kapteinsbånd og stol, så er det moglegheit for å gjere det ferdig no på tirsdag (18. Juni). Dette er kanskje siste gongen før kretsleiren me kan hjelpe dykk å gjere det ferdig, så me anbefaler på det sterkaste å kome. Vanleg møtetid.

Det er også eit siste pakkemøte (25. Juni) med litt informasjon om avreise og slikt, så dette er obligatorisk for alle som skal være med på kretsleir!!! Vanleg møtetid.