Årets fyrste småspeidartur går til hytta vår på Sævarbu. Denne gongen blir temaet bål, og matlaging på bål. Me skal vere mykje ute, så difor er det viktig at dykk har med gode og vanntette klede. Og hugs bestikk og fat 😉
I utgongspunktet vert det overnatting inne i hytta, men dersom nokon har lyst er det moglegheit for å sove ute. Det er då viktig at du har med deg ein god og varm sovepose og eit liggeunderlag som er minst 10mm. Dersom du manglar utstyr kan dette lånast gratis hjå «Bua», https://stord.frivilligsentral.no/hendelse?bua-utlånsentral&Id=212280 . Dei har mykje fint turutstyr til låns, og det er gratis. Det er viktig at alle har med utstyret som står på utstyrslista. Ikkje pakk mykje ekstra utstyr, sidan du må bæra sekken din sjølv. Du bør ha ein ryggsekk som er stor nok til å ha alt utstyret oppi. Det er ubehageleg å gå med ein sekk med mykje posar og utstyr dinglande utanpå. Dersom du ikkje har sekk, lån ein på Bua!
OBS! Området utanfor hytta er veldig vått og det er mykje myr. På denne turen skal me ikkje gå så mykje, og me anbefalar difor å gå med støvlar, eller eventuelt høge, vasstette fjellsko. Låge/vanlege goretx-sko er ubrukelege for vatnet går over skoa!!
Tid: Laurdag 15.- sundag 16. februar
Stad: Speidarhytta på Sævarbu. Ca 20-30 min å gå frå kraftstasjonen.
Frammøte: Kraftstasjonen, Lundarstølen Laurdag kl. 12
Avslutning: Kraftstasjonen, Lundarstølen Sundag kl. 15
Pris: 150kr, dette dekkar mat, utstyr og overnatting
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, tallerk, kniv/skei/gaffel, kopp,, drikkeflaske, hovudlykt/lommelykt, regnklede, varm genser, ekstra stillongs, ekstra ullundertrøye, 2 ekstra ullsokkepar, varmt tørt skifte i sekken, støvlar/fjellsko, vottar/hanskar, hua, kniv.
Mat: Leiarane ordnar all mat. Ta med litt brus(max 0,5l) og litt snop/chips om du har lyst.
Påmelding: Innan torsdag 13. Februar til Erik, tlf. 41529658
Spørsmål: Ring Erik (41529658)