Er du klar for årets kulaste tur? Då er det berre til å melda seg på blåtur! Kvar turen går og kva programet består av, er det berre nokre få utvalde som veit. Me reiser plasser der me ikkje har vært før og programet vert spesielt. Noko som er heilt sikkert, er at denne turen må du ikkje gå glipp av.
Denne turen er for vandrarane i 1. Leirvik
Tid: Fredag 15. november til sundag 17. november.
Stad: Ja, det er det ikkje mange som veit!
Oppmøte: Ved speidarnaustet, fredag kl 15.30. Møt med sykkel og hjelm!
Avslutning: Leirvik terminal, sundag kl 16.00
Transport: Det ordnare seg….
Pris: 300 kroner. Dette dekkar mat og alt opplegg som skjer i løpet av helga.
Utstyr: Det er viktig at du har med alt på lista
Sovepose, liggeunderlag, redningsvest, regnklede, ullundertøy, støvlar, symjebriller, pass eller anna gyldig ID, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, kortstokk, hua, kniv, lommelykt, bestikk (kniv/gaffel/skei), kopp og djup tallerk, ein kosebamse, ein rosa penn (med rosa blekk), mobil
Mat: Dette ordnar leiarane med. Ta med litt snop, dersom du har lyst.
Påmelding: Til Erik på tlf 41529658 innan Tysdag 12. novmeber. Alle som skal være med av vandrarar, roverar og leiarar må melde seg på!
Spørsmål: Ring Erik