1. Leirvik speidargruppe

Grautmøte og Bakemøte

Opptaking/grautmøte 26. november

Tysdag 26. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken (ved museet). Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye speidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!

Oppmøte ved scenen 17.30 for alle (merk tida!).

Kle deg for å vera ute, og ta med lommelykt eller hovudlykt.

Dei som skal få speidarsjal og knute denne dagen betalar kr 130.

Bakemøte

Siste møtet før jul blir som vanleg bakemøte. Møt på Naustet med forkle, kjevle (helst stor) og peparkakeformer.

Vandrarar (8-10 klasse): Måndag 2. desember kl 19

Småspeidarar (3-5 klasse): Tysdag 3. desember kl 17

Stifinnarar (6-7 klasse): Tysdag 3. desember kl 19

Eigen lapp om julaturen kjem seinare.

Kommentarfeltet er stengt.