1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Oppmøte til kretskonkurransen

Til alle speidarane våre som er med i kretskonkurransen. Konkurransen starter med første oppgåve kl 17 nede ved naustet, det er derfor lurt å stille minst 30minuttet tidlegare (kl 16.30). Då får dykk litt tid til å forberede dykk og finne fram utstyr 😉

Og lykke til frå leiarane!!😁

Reklame


Kommenter innlegget

Familiedag med opptaking

Tysdag 23. februar markerer me tenkedagen med opptaking av nye speidarar. Då arrangerer me open dag på Naustet. Familie og venner er velkomne til å vera med oss.

Tenkedagen er eigentleg 22. februar, og er ein av merkedagane til speidarar over heile verda.

Opptaking er ein litt høgtideleg seremoni for nye speidarar, der dei avlegg speidarløftet og får utdelt speidarsjal. Me markerer også dei som har bytta eining den seinare tida. Dei avlegg speidarløftet på nytt og får ny einingsmarkering. Dette gjeld dei som er flytta frå småspeidar til speidar, eller speidar til rover.

Kle deg etter vêret, for me reknar med å vera mykje ute.

 

Tid: Tysdag 23. februar 17.30-19.30.

Stad: Speidarnaustet.

Pris: Dei som skal takast opp betaler litt for speidarsjal og lapp.

Spørsmål: Ring Helga (99292101).


Kommenter innlegget

Det låg no på Naustet og slang

Avdeling for boksopnarar, potetskrellarar, spiker og små teltpluggar.

Avdeling for boksopnarar, potetskrellarar, spiker og små teltpluggar.

Det er tid for å ta fram att serien «Det låg no på Naustet og slang». I dag er me komne til avdelinga for boksopnarar, potetskrellarar, spiker og små teltpluggar. Me ser ein gaffel oppi der òg, men den ligg altså på feil plass.


Kommenter innlegget

Dugnad på Naustet

Det vert dugnad for å skifta bordkledning på Speidarnaustet, laurdag 25. mai og 01. juni kl 10.00, til ca kl 15.00

Her treng me nokre velvillige foreldre, samt roverar og leiarar for å hjelpa til.

Ta med hammar, kubein og elektrisk stikksag om du har.

Kaffi og drikka ordnar me!

Me treng også litt meir stillas (type byggstillas) for å rekka heilt til topps på veggen. Har du tilgang på dette? Gi beskjed.

Gi tilbakemelding om du kan vera med å hjelpa til, så me får ei oversikt over kven som kjem. Fint om du gir tilbakemelding innan torsdag 23. mai. til Øystein tlf 90092617.

Naustet under oppussing desember 2012.

Naustet under oppussing desember 2012.


Kommenter innlegget

Dugnad til helga

Endeleg ser det ut til at været klarner opp, slik at det vert mogeleg å fortsetja dugnad på Naustet.
Slik det ser ut no, så vert det nydeleg vær til helga.

Det vert difor dugnad fredag ettermiddag kl 17 – 19.
Laurdag frå kl 10.00. Kor lenge me held på, er avhengig av kor langt me kjem.

Til helga satsar me på å:
  • gjera ferdig dei 2 siste borda på nordsida
  • beise grunningsbeis på nordsida
  • flytta stillas til sjøsida
  • riva bordkledning på sjøsida
  • bordkle sjøsida
  • skifta dør i vestveggen
  • beisa vestveggen
Som de ser er det mange oppgåver og mogeleg å fordela seg på fleire plassar. Har derfor plass til ein del personar på dugnaden, utan at me går i vegen for kvarandre.
Dei som har, kan ta med: hammar, kubein, beiskost (gjerne gamal og brukt sidan dette berre er grunnstrøk), kort stige til beising av nordveggen.

Håpar det er mange som kan møta!

Øystein


Kommenter innlegget

Dugnad på Naustet

No har me endeleg fått materialane me treng for å skifta kledning på Naustet.

Ein god gjeng møtte på særs kort varsel, tysdag 18. sept. og bar ned materialane.

Dugnaden vart fredag 21. og laurdag 22. sept.

Som bileta viser, så fekk me gjort eit godt stykke arbeid på disse 2 dagane.

Det vert meir dugnad for å få Naustet ferdig. Meir info kjem om dette.


Kommenter innlegget

Dugnad på Naustet. Roverar og leiarar.

Som mange sikkert er klar over, så er det planlagt dugnad på og rundt Naustet førstkomande helg. Planlagt at roverane og leiarane deltek.
Planlagte oppgåver er:
  • Rydding på loftet. Ta ut og brenna alt som ikkje kan / skal brukast. Støvsuging av loftet.
  • Saging av tre rundt Naustet, slik at det er mogeleg å komme til og skifte bordkledning
  • Rydding / klypping av buskas rundt vegen ned til Naustet
Det var også planen å gå i gang og grave grøft, for å få vekk alt vatnet som samlar seg mellom Naustet og vegen. Dette må utsetjast pga frost i bakken.

Ta med hekksaks eller ryddesaks til å klyppa ned småbuskar.
Arbeidshanskar er nok lurt.

Kle deg etter været.

Me byrjar dugnaden laurdag formiddag kl 10.00. Satsar på å vera ferdig med dugnaden ca kl 14. Avsluttar med eit felles måltid, for å feira eigen innsats etterpå. Ferdige ca kl 15.

Håpar mangen møter.
Ser spesielt fram til å sjå dåke som me ikkje har sett på ei stund.