1. Leirvik speidargruppe

Familiedag med opptaking

Kommenter innlegget

Tysdag 23. februar markerer me tenkedagen med opptaking av nye speidarar. Då arrangerer me open dag på Naustet. Familie og venner er velkomne til å vera med oss.

Tenkedagen er eigentleg 22. februar, og er ein av merkedagane til speidarar over heile verda.

Opptaking er ein litt høgtideleg seremoni for nye speidarar, der dei avlegg speidarløftet og får utdelt speidarsjal. Me markerer også dei som har bytta eining den seinare tida. Dei avlegg speidarløftet på nytt og får ny einingsmarkering. Dette gjeld dei som er flytta frå småspeidar til speidar, eller speidar til rover.

Kle deg etter vêret, for me reknar med å vera mykje ute.

 

Tid: Tysdag 23. februar 17.30-19.30.

Stad: Speidarnaustet.

Pris: Dei som skal takast opp betaler litt for speidarsjal og lapp.

Spørsmål: Ring Helga (99292101).

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s