1. Leirvik speidargruppe

Vintertur til Sævarbu, småspeidar

Kommenter innlegget

Sævarbu vinteren 2012Då er det nok ein gong klart for småspeidartur i 1. Leirvik speidargruppe. Denne gongen dreg me til speidarhytta Sævarbu på Stordafjellet.

Overnatting vert innandørs, men me skal vera mykje ute. Ta med klede og utstyr som passar til dette.

Det er eit lite stykke å gå frå parkeringsplassen til der me skal overnatta. (Ca 2 km.) Pakk i ryggsekk, slik at du kan bera bagasjen din sjølv. Alle må vera med og bera litt av fellesutstyret. Du kan gå til fots eller på ski. Det ser ut til å bli fint vintervêr til helga, men det kan fort skifta. Forbered deg etter vêret!

MERK: Gruppa reiser i to puljer denne helga. Stifinnar/vandrar frå fredag til laurdag og småspeidarar frå laurdag til sundag. Denne lappen er for dei som skal frå laurdag til sundag. Målet er at dei skal bli betre kjent med sin patrulje.

Tid: Laurdag-sundag 5.–6. mars.

Stad: Sævarbu, Stordafjellet (Litt nedanfor Heio).

Frammøte: Parkeringsplassen ved kraftstasjonen på Lundarstøl, laurdag, kl 15.00.

Avslutning: Samme stad som frammøte, sundag kl 15.00.

Pris: 100 kroner. Dette dekkar middag og overnatting.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ullundertøy, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt. Ski eller rompeakebrett for dei som vil.

Mat: Ta med deg brødmat og pålegg til felles frukost og lunsj sundag. (Me set alt på bordet og deler.) Leiarane kjøper inn middag/kvelds til laurdag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (maks 1⁄2 l brus + pittelitt sjokolade eller chips).

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01 innan torsdag 3. mars. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.

Spørsmål: Ring Helga.

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s