1. Leirvik speidargruppe

Vintertur til Sævarbu, stifinnar og vandrar

Kommenter innlegget

Sævarbu vinteren 2012Det vert tur i 1. Leirvik. Også denne gongen dreg me til speidarhytta Sævarbu, på Stordafjellet.

Overnatting vert innandørs, men me skal vera mykje ute. Ta med klede og utstyr som passar til dette.

Det er eit lite stykke å gå frå parkeringsplassen til der me skal overnatta. (Ca 2 km.) Pakk i ryggsekk, slik at du kan bera bagasjen din sjølv. Alle må vera med og bera litt av fellesutstyret. Du kan gå til fots eller på ski. Det ser ut til å bli fint vintervêr til helga, men det kan fort skifta. Forbered deg etter vêret!

MERK: Speidarane (stifinnar/vandrar) skal på tur fredag til laurdag og småspeidarane frå laurdag til sundag. Denne lappen er for dei som skal frå fredag til laurdag.

Tid: Fredag-laurdag 4.–5. mars.

Stad: Sævarbu, Stordafjellet (Litt nedanfor Heio).

Frammøte: Parkeringsplassen ved kraftstasjonen på Lundarstøl, fredag, kl 17.00.

Avslutning: Samme stad som frammøte, laurdag kl 15.00.

Pris: 100 kroner. Dette dekkar middag og overnatting.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ullundertøy, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt. Ski eller rompeakebrett for dei som vil.

Mat: Ta med deg brødmat og pålegg til felles frukost og lunsj laurdag. (Me set alt på bordet og deler.) Leiarane kjøper inn middag/kvelds til fredag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (maks 1⁄2 l brus + pittelitt sjokolade eller chips).

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01 innan torsdag 3. mars. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.

Spørsmål: Ring Helga.

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s