1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Grunnarbeid til gapahuken

Det er gjort godt arbeid med gapahuken ved Sævarbu. Her er bilete frå laurdag.

Om nokon (foreldre?) kan vera med på dugnad neste laurdag, så meld frå til Helga på 992 92 101.


Kommenter innlegget

Dugnad på Naustet

Det vert dugnad for å skifta bordkledning på Speidarnaustet, laurdag 25. mai og 01. juni kl 10.00, til ca kl 15.00

Her treng me nokre velvillige foreldre, samt roverar og leiarar for å hjelpa til.

Ta med hammar, kubein og elektrisk stikksag om du har.

Kaffi og drikka ordnar me!

Me treng også litt meir stillas (type byggstillas) for å rekka heilt til topps på veggen. Har du tilgang på dette? Gi beskjed.

Gi tilbakemelding om du kan vera med å hjelpa til, så me får ei oversikt over kven som kjem. Fint om du gir tilbakemelding innan torsdag 23. mai. til Øystein tlf 90092617.

Naustet under oppussing desember 2012.

Naustet under oppussing desember 2012.


Kommenter innlegget

Dugnad til helga

Endeleg ser det ut til at været klarner opp, slik at det vert mogeleg å fortsetja dugnad på Naustet.
Slik det ser ut no, så vert det nydeleg vær til helga.

Det vert difor dugnad fredag ettermiddag kl 17 – 19.
Laurdag frå kl 10.00. Kor lenge me held på, er avhengig av kor langt me kjem.

Til helga satsar me på å:
  • gjera ferdig dei 2 siste borda på nordsida
  • beise grunningsbeis på nordsida
  • flytta stillas til sjøsida
  • riva bordkledning på sjøsida
  • bordkle sjøsida
  • skifta dør i vestveggen
  • beisa vestveggen
Som de ser er det mange oppgåver og mogeleg å fordela seg på fleire plassar. Har derfor plass til ein del personar på dugnaden, utan at me går i vegen for kvarandre.
Dei som har, kan ta med: hammar, kubein, beiskost (gjerne gamal og brukt sidan dette berre er grunnstrøk), kort stige til beising av nordveggen.

Håpar det er mange som kan møta!

Øystein


Kommenter innlegget

Dugnad på Naustet

No har me endeleg fått materialane me treng for å skifta kledning på Naustet.

Ein god gjeng møtte på særs kort varsel, tysdag 18. sept. og bar ned materialane.

Dugnaden vart fredag 21. og laurdag 22. sept.

Som bileta viser, så fekk me gjort eit godt stykke arbeid på disse 2 dagane.

Det vert meir dugnad for å få Naustet ferdig. Meir info kjem om dette.


Kommenter innlegget

Gode pengar frå førjulsdugnad

Dsc_0055

Fronta / Stord Eiendom hadde juleavslutning for sine tilsette med familiar siste sundagen før jul. Dei spurde om me kunne stilla opp med nokre telt og servera graut og gløgg i skogen ein stad bak Saneset. Denne jobben fekk me 10.000 kr for.

Stor takk til Ingrid, Margrethe, Hogne, Ole Jørgen, Knut Inge, Gaute og Helga.

Ikkje så verst flaks, forresten, at dette var einaste finvêrsdagen me har hatt i desember … Kuldegrader og litt snø på bakken sytte for julestemninga. Likevel la det seg eit tjukt lag iskrystallar på telta, så dei måtte tørkast i dagevis på Naustet etterpå.


Kommenter innlegget

Flyttedugnad

På Kristi himmelfartsdag stilte fem av oss opp på dugnad for å tena nokre kroner til gruppa. Me hjelpte til med eit flyttelass frå Bjelland til Haga.